Innleiing om kvinnekamp
13/01/2009 § 2 kommentarar
Denne appellen/innleiinga holdt eg for 8.marsinitiativet sitt møte i Bergen i går:
Kva eg vil gjere på Stortinget for å betre kvinners kår
Først av alt vil eg sei at eg syns det er kjekt å ha blitt invitert hit!
I utgangspunktet vil eg berre understreke at som kommunist trur eg ikkje at norske kvinner vil oppleve full frigjering fordi eg og Gina kanskje hamnar på Stortinget til hausten, men det er ein annan diskusjon. Men det betyr jo ikkje at vi ikkje skal gjere det vi kan for å gjere kvardagen lettare for vanlege damer rundt omkring i dette landet.
For at eg ikkje berre skal ramse opp ein masse saker eg syns er bra og viktige å jobbe med, så vil eg ta for meg tre ting eg har lyst til å sloss for på Stortinget som rammar kvinner spesielt. Den første saka er kampen mot nedlegging av lokalsjukehus og fødeavdelingar. Det heiter seg at vi skal ha ein differensiert og desentralisert fødselsomsorg i Noreg, noko som ikkje skjer i praksis. Rundt om i landet blir fødeavdelingar gjort om til fødestover kor ikkje keisarsnitt kan gjennomførast eller kor kvinner ikkje kan få epiduralbedøving under fødselen, og som gjerne har feriestengt i tillegg. Det inneberer for mange lang reiseveg når ein skal føde. Eg las om ei dame frå Trondheim, busett i Alta, som ikkje fekk føde på fødestova der fordi ho var førstegongsfødande. Då måtte ho køyre 18 – atten – mil til Kirkenes. Ho valde heller å reise til mora si i Trondheim for å føde der. Ikkje at forholda der er noko betre, fødeavdelinga på St. Olavs hospital har natte- og helgestengt…
At systemet fungerar sånn, eller ikkje fungerar kan man kanskje sei, er horribelt. Eg veit at det finst aksjonskomitear, med kvinner i spissen, for bevaring av lokalsjukehus og fødeavdelingar rundt omkring i heile landet. Dei kvinnene vil, viss Raudt kjem inn på Stortinget, endeleg bli høyrt og tekne på alvor.
Det andre eg skal snakke om er kampen mot EU og EUs likestillingsdirektiv. Direktivet krev lik behandling av kvinner og menn, og slår ned på positiv forskjellsbehandling av kvinner for å oppnå likestilling. For oss som ser på t.d. kvotering som eit bra verkemiddel for å få meir enn 17 % kvinnelege professorar ved norske universitet, så står likestillingsdirektivet som eit hinder for å få oppnå dette. Direktivet står også i strid med FNs kvinnekonvensjon, og det er absurd at reglene for EUs indre marknad står sterkare enn kva FN har vedtatt at skal gjelde for kampen for kvinnefrigjering. Raudt krev at likestilling må ut av EØS-avtala, og at EØS-avtala må ut av Noreg!
Men det er ikkje berre norske kvinners krav vi må fremme på Stortinget. Ein av dei best bevarte ”mytane” om krigen i Afghanistan, er at ein skal drive storstilt kvinnekamp der nede. Med blant anna norske styrker i Afghanistan har t.d. prostitusjonsmarknaden eksplodert, framleis går berre 35 % av jentene på skule og barnedødelegheita har steget etter 2003 og ligg no på 135 daude barn per 1000 dødsfall. 57 % av jentene gifter seg før dei er fylt 16 år og det er framleis høg dødelegheit blant kvinner i barsel.
Kva tyder det? Openbart ikkje at krigføringa i Afghanistan har letta dei afghanske kvinnenes byrder på noko vis, heller tvert imot. Vedtaket om Noregs deltaking i denne krigen er usmakeleg, udemokratisk og urettferdig. Urettferdig overfor den afghanske befolkninga som må lide på grunn av vestlege stormakters ”kamp mot terror” – og urettferdig overfor den norske befolkninga som på ingen måtar har vist støtte til krigen.
Våre eigne problem kan kanskje virke små og ubetydelege i forhold til dei afghanske kvinnenes utfordringar i kvardagen, men det betyr ikkje at vi ikkje skal kjempe for det vi tykkjer er viktig her heime og. Med Raudt på Stortinget kan den norske befolkninga endeleg få satt sine viktigaste saker på dagsorden. Vi skal kjempe mot nedlegging av fødetilbodet i distrikta, vi skal kjempe for eigen sjølvråderett og kvitte oss med EØS-avtala ein gong for alle, vi skal hente dei norske styrkane heim frå Afghanistan, vi skal ha statleg boikott av Israel, vi skal kjempe for 6-timersdagen, for likelønn, for at alle kvinner skal kunne føle seg trygge i mørke gater på veg heim frå byen, mot seksuell trakassering og for kvinners rett til å hevde seg som menneske og ikkje som kjønn!
deja vu!
Du får min stemme.
Definitivt 😉