Eg skryt på meg yrkesstoltheit og viser fram skuleuniforma mi

12/01/2009 § 5 kommentarar

Klær skapar folk seies det. Eg har ikkje tenkt så mykje på det eigentleg, før eg begynte på bygg- og anleggsfag i haust. Då fekk eg beskjed om å kjøpe ei arbeidsbukse. Den ser sånn ut:

dsc01803

Eg liker å gå rundt i byen, eigentleg uten å trenge det, med arbeidsbuksa mi på. Ho er omtrent sju cm for lang for meg og veldig, veldig skitten akkurat no. Men eg elskar ho. Eg elskar å gå rundt med nasen i sky og vite at eg ser ut som «ei jente det er tak i», som sjefen min så fint formulerte det. Eg liker at buksa fungerer som uniform med sin klare, knallblå farge, og på den måten gjer at folk legg merke til meg når eg har ho på. At ho så tydeleg signaliserar at eg er ei jente som tar ei utdanning innanfor eit tradisjonelt mannsdominert yrke. At eg tilhøyrer den klassen som faktisk GJER noko her til lands.

Det var ei stund eg innbilte meg at eg var teit og barnsleg som ikkje ville kle av meg buksa etter endt skuledag i verkstaden. Men eg har skjønt at det ikkje gjer noko; det er vel ikkje eit problem at eg allereie kjenner ein viss yrkesstoltheit over mitt framtidige fagbrev?

Reklame

§ 5 Responses to Eg skryt på meg yrkesstoltheit og viser fram skuleuniforma mi

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Eg skryt på meg yrkesstoltheit og viser fram skuleuniforma mi at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: