Historia om Richard Kviteseid

08/12/2008 § 14 kommentarar

Richard har alltid vore ein smarting, tykkjer mora. Difor blei ho overraska då han ein dag kom og spurte kor etternamnet deira kom frå. Han som kunne dette med internett og alltid satt med nasen i ei bok, lurte på kvifor dei heitte Kviteseid. Kvifor dei ikkje heitte Hansen eller Henriksen eller noko anna vanleg. Mora tenkte seg om eit augeblikk før ho svarte at det var ho jammen ikkje sikker på, for det var jo far til Richard som hadde heitt Kviteseid, og han hadde jo omkommen på havet før Richard blei fødd.

Richard gjekk inn på rommet sitt utan å svare. Han kjente det svei i auga, og blunka hardt nokre gonger for å få vekk tårene som kunne komme kor tid som helst. Han dreit vel i den teite faren som var daud som ei sild, han ville vite kvifor han var nøydd til å heite det same som eit meieriprodukt til etternamn. Smørbukk hadde dei byrja å kalle han på skulen etter at den nye norsklæraren hadde kommentert etternamnet hans. Du heiter jo det same som ein type smør du, Richard, hadde ho sagt, og heile klassen hadde ledd høgt. Eit veldig godt eit og, hadde ho sagt mens ho blunka og gjorde seg til. Klassen slutta ikkje å flire, og eit eller anna lyst hovud hadde ropt Smørbukk. Jentene kasta karamellar på han og fantaserte høglydt og fnisete om kor feit Richards hud var.

Richard sjølv satt der og følte seg ironisk nok som ein klatt varm smør i ei panne. Han smelta sakte men sikkert og blei varm og raud og sint. Kvifor kunne ikkje den idiotiske læraren berre haldt kjeften sin igjen? Han skulle ha gjort mykje for å sleppe å heite Kviteseid no. Han ville til og med heitt Yaghoubi som Sayed i klassen, sjølv om ingen ville ha klart å uttale det. Det ville på alle måtar vore betre enn Richard Smørklatt Kviteseid. Han skamma seg.

Heime gjekk mora hans rundt og skjønte ingenting. Den tidlegare så glade guten hennes var blitt forandra til ein sint tenåring som smelte med dørene og som nekta å sjå krimen på fredagane med ho. Ho kjente seg einsam. Det var berre ho og Richard og ein gamal kanarifugl. Og den var det ikkje mykje selskap i. Ho bestemte seg for å finne ut kva som plaga sonen.

Richard hadde som vanleg teke maten med seg inn på soverommet denne ettermiddagen. Mora gjekk i sirkel på stovegolvet og tenkte på korleis ho skulle angripe situasjonen. I det siste hadde det blitt mykje verre. Guten var ikkje til å kjenne igjen. Ho trakk pusten og la dei skjelvande armane i kross over brystet, og banka på døra hans. Ingen svarte. Innanfrå høyrdes berre kanarifuglens hese røyst, og mora opna forsiktig. Ho heldt på å miste både balansen og pusten då synet av Richard, liggjande på mage på golvet med eit stort pilleglas i høgreneven, møtte ho. Tårane spratt, ho klarte ikkje å kontrollere dei, det var reint forjævlig alt saman, og det gjekk opp for ho kva kanarifuglen eigentleg skreik. Smørbukk, har du meir Smørbukk, skreik den, og flaksa som galen rundt i det litle buret sitt.

Reklame

§ 14 Responses to Historia om Richard Kviteseid

  • Karoline seier:

    Den fikk æ klomp i halsen av etterhvert:(

  • aïda seier:

    jeg trodde denne historien skulle ha en lykkelig slutt, men nei.

  • VALK seier:

    Men nei. For de som ikkje veit det, så har eg ein nabo som heiter nesten det same som hovudpersonen. Eg liker han verkeleg ikkje, men eg vil jo ikkje at han skal døy.

    Tykte dykk den var trist?

  • aïda seier:

    den kunne jo endt sånn som dette:
    Men så skjønte Richard at Smørbukk var den kuleste tegneseriefiguren noensinne, og tjente seg rik på å opptre som Smørbukk-look-a-like i den heftige julealbumtida, hvor han på Norske Tegneseriers årlige julebord møtte Norges mest populære Blondie-look-a-like og de giftet seg og fikk to unger som de kalte Knoll og Tott og alle levde lykkelig i resten av sine dager (selv om de bare hadde mat i julealbumtida).
    Uuh.

  • Mudjahed seier:

    Jeg syntes teksten (novellen??) var mycket bra!

    Mer!

  • VALK seier:

    Takk takk!

    Berre prøv å ha ein like irriterande nabo du og, så skal du sjå at det blir bra historier av det.

  • Kjetil seier:

    De heiter «de» og ikkje «dykk» når ordet er subjekt i setninga (På same måte som at du ikkje kan skriva «Deg syklar», «Meg er ein hest» eller «Oss skal gå no»).
    Og «den» er ikkje noko eigedomspronomen på nynorsk, det er eit peikande pronomen.

    Altså:
    «Tykte de ho var trist?»

    :p

  • VALK seier:

    Her er då det endelege beviset på at kjærasten min er ein rettskrivingsnazi utan like.

  • Kjetil seier:

    Takk, takk. Ikkje sei meir, eg raudnar nesten av slik skamros.

  • VALK seier:

    Og no modererar eg ikkje lenger heller, så no kan du verkeleg slå deg laus.

  • Kjetil seier:

    Modererer. Ikkje -ar.

  • VALK seier:

    Så søt du er, rettskrivingsautisten min ❤

  • Susanne seier:

    Fantastisk! Den slutta akkurat slik den burde slutte. morsomt og akkurat passe groteskt 🙂

  • VALK seier:

    Haha! Bra at nokon tykte ho var artig!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Historia om Richard Kviteseid at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: