Tenk å vere ho
07/04/2011 § 3 kommentarar
Tenk å vere ho som tør. Ho som skrik høgast og lagar plass til alle oss andre. Som tør å sei i frå om noko som jenter opplever som kjipt.
Ein av tre jenter får dårleg sjølvtillit av retusjert reklame. Ein av tre, det er dama di, mora di, systera di og heilt sikkert alle jentene i klassen din. Og dårleg sjølvtillit, kva er det? Det tyder mindre fridom. Mindre gøy. Mindre avslappa. Du vil vel at dama di og systera di og venninnene dine skal føle seg fri? At dei skal ha det artig og trivst med sin eigen kropp?
Og ein av tre tyder at det er eit samfunnsproblem. Det er ikkje berre ein liten fillate jenteting, det er alle rundt oss og dei er tilfeldigvis jenter.
Det er ikkje det motsette av å tvinges til å gå i burka, å bli omskjært eller å ikkje få gifte seg med den ein vil. Eller å sleppe å gifte seg, for den saks skuld. Nokon trur det at viss ein bryr seg om jenter i Noreg sin dårlege sjølvtillit, så bryr ein seg ikkje om tvangsekteskap.
Det er feil.
Tenk å vere ho. Tenk å vere ho som må tole femti kommentarar om utsjånaden sin i ein dagblaartikkel (no har dei tydelegvis blitt sletta). Få høyre kor full av mannshat ho er. Fordi ho tek eit ansvar for å sei i frå om noko som faktisk er eit samfunnsproblem.
Enkelte vert ekstremt provoserte av dette. Dei vert så sinte av at nokon meiner at vi ikkje treng å bli bombardert av store bilete av halvnakne kvinner overalt kor vi går-
dei meiner visst at det er ei innskrenking av deiras fridom fordi nokon reagerar. Dei vil sjå deilige damer overalt. Det er liksom ein rett dei har fordi dei er menn; kvinner er til for å vere pene og deilige. Sjølv om damene på reklameplakatane er fiksa på så det held. Og sjølv om det må vere utruleg nedverdigande for familien til dama å måtte gå forbi eit stort bilete av ho i ein sexy positur. For damene er jo menneske, dei har vener, brødre, fedre, mødre og systre som alle oss andre.
Solidaritet, kva er det?
Leiaren i FpU, Ove Vanebo har også kasta seg inn i debatten. Ingen har hittil kommentert utsjånaden hass fordi han meiner det motsette av meg. Eg skal ikkje synke ned på det nivået.
Tenk å vere ho. Ho veit at ho er kulare enn alle dei idiotane som sleng drit fordi dei faktisk ikkje har nokon gode argument for det dei meinar. Ho veit at ho ikkje er åleine om dette og at folk ser opp til ho. Ho veit at ho er tøff. Og ho gjer seg ikkje. Det gjer ingen av oss.
Bror min del ein
06/04/2011 § 4 kommentarar
Eg er fem eller seks år, du er tre. Du har store, ljose krøllar og blå auger som kan smelte eit kvart hjarte. Du fylgjer etter meg kor hen eg går. Du spør meg om alt («Er dette artig?» når du er usikker på om du skal flire eller ikkje), du ser på meg med det spørjande blikket eg alltid kjem til å hugse. Eg tykkjer du er så dum som alltid vil vere Tom i Tom og Jerry når vi ser på fjernsyn, for alle veit jo at Jerry alltid vinn. Vi delar laurdagsgodt etter klassisk søskensystematikk (eg er eldst, difor får eg mest. Ein av mine sjokoladar er verdt tre av dine skumbananar. Osv.). Storesøster har alltid rett og veit alltid best.
Det er det eg hugsar best, at eg var så slem! Eg var ikkje ei snill storesyster.
Eg er fem eller seks år, du er tre. Vi er ute og syklar. Du på den raude trehjulssykkelen med kvite hjul. Eg på ein grøn og kvit med slitt styre. Du er på den andre sida av vegen og vi er nede ved fiskebruket. Eg hugsar at eg ser deg frå grøftekanten kor eg har stilt meg fordi det kjem ein lastebil. Eg er eitt hundre prosent sikker på at du skal døy. Eg ser deg forsvinne bak lastebilen, eg skrik namnet ditt og det virkar som ein time før du kjem fram igjen.
Det gjer du sjølvsagt. Men det satte ein støkk i eit lite storesysterhjarte.
Eg er tjueto, du er nitten. Du sit tvers ovanfor meg ved kjøkenbordet mitt og et brødskive med egg. Vi flirar av dei same gamle tinga, du spør meg om alt og vi delar snop. Berre at no er det faktisk rettferdig.
Eg skryt faderskipet i senk
09/03/2011 § 3 kommentarar
I går var det åttande mars. Den internasjonale kvinnedagen. Den kan eg skrive mykje om, og det tenkte eg å gjere, men ikkje idag. For i dag er det nemleg også ein spesiell dag! Pappaen min har bursdag og fyller femti år!
Fyrste gongen eg traff pappa var eg omtrent to år. Nei, han er ikkje den biologiske faren min, men han er den som har vore pappaen min så lenge eg kan hugse. Mamma flytta frå Sunnmøre til den forblåste utposten som er heimbygda mi, tidleg på nittitalet, for å jobbe der som lærar eit år. Hehe. Eg byrja i barnehagen der, og fyrste året var pappa julenisse for oss på juletrefesten. Det hadde eg likt så godt at eg hadde spurt mamma om vi ikkje kunne flytte til nissen. Trur eit visst nyforelska par var litt flaue då, og berre ein hadde maske på…
Å vere forelska på byrjinga av nittitalet var garantert ikkje sånn som det er idag. I dag kan ein stalke kvarandre på facebook, sende sjuhundre tekstmeldingar og ha eit fotoalbum av din kjære med deg på mobilen. For sånne som foreldra mine kor minst ein var veldig teknisk anlagt var løysinga å forlenge telefonkabelen i huset kor eg og mamma budde – sånn at ho kunne ligge i senga og snakke i telefonen med pappa om kvelden. Imponerande, men ikkje overraskande. For pappa er sånn. Han er ein sånn som alltid har fiksa alt som kan fiksast. Kjøpe ny vaskemaskin? Gløym det. Vi kjøpar ein brukt og reparerar eventuelle feil.
Dette er noko eg har teke med meg vidare. Som tolvåring var det kanskje litt flaut å ikkje ha ny og moderne snøskuter slik som «alle dei andre» (for mine venar som ikkje er oppvaksne på bygda i nordnorge så er dette kanskje ein litt eksotisk del av noregshistoria). Men min pappa er ikkje som alle andre, og han har aldri heller vore det. No som er eg blitt eldre set eg pris på det. For det å ikkje vere som alle andre er ikkje det same som å ikkje vere godt likt.
For med eit stort hjarte, alltid ei hjelpande hand og ein vits i bakhand så er det nesten umogleg å ikkje bli likt. Sånn er nemleg pappaen min. Han er ein sånn som hjelpar så godt han kan, uansett kven som spør. Og han er sjølvsagt handyman numero uno! Så når eg byrja på byggfag og i læra – då fekk vi plutseleg veldig mykje meir å snakke om. Og sjølv om verken mamma eller pappa trudde heilt på meg fyrste gong eg sa eg hadde tenkt den tanken, så var det faktisk pappa som sa dette til meg ein gong for mange, mange år sidan:
Ingenting er umogleg.
Kva har det ført til? Ei tru på at det finst ei løysning på dei fleste av livets problem, berre ein tør å gjere noko med dei. Av all barnelærdom i heile verda er det kanskje det eg tykkjer er viktigast. Ein må av og til kaste seg frampå, sei ting som ein ikkje «skal» sei høgt, kreve sin rett og ha sjølvtillit til å stå på sitt.
Akkurat no er pappa i USA, kor han jobbar ombord på eit cruiseskip som maskinist. Og kvar dag når eg vaskar nevane etter arbeid tenkjer eg på pappa. Det er litt rart, for mine er så små og pappa sine er så store. Men arbeidsnevar er arbeidsnevar.
Til slutt skal de få bursdagsskrivet som sto i lokalavisa i dag. Det har mamma skrive:
Difor elskar eg dei
02/11/2010 § 13 kommentarar
Guro I. fordi ho alltid seier det ho meiner. Kaisa fordi ho er verdas herligaste elektrikarlærling. Kristine fordi ho er så utruleg jordnær. Runa fordi ho ikkje lar seg pelle på nesa. Christin fordi ho fortenar alt godt i verda. Guro F. fordi ho er ein fantastisk samtalepartnar. Anna fordi ho er artig. Magnhild fordi eg skulle ynskje eg var så kul når eg var 16. Jenny fordi ho er tøff i trynet. Frida fordi ho har eit glimt i auget ingen andre har. Katarina fordi ho berre er fantastisk. Aina fordi ho er kun seg sjølv og ingen andre. Anneli fordi ho er den ultimate kombinasjonen av søt og tøff. Anja fordi ho er nydeleg. Mamma fordi ho flirar av vitsane mine når ingen andre gjer det. Øydis fordi ho har ei jævlig kul attitude. Stine fordi ho er lur. Ragni fordi ho er ein fabelaktig historieforteljar. Marte fordi ho er sånn ca verdas kulaste. Matilde fordi ho har heile verda i hjartet. Camilla fordi ho er uredd. Tomine fordi ho er way kulare enn eg nokon gong kjem til å bli. Eline fordi ho har talent eg misunnar. Ida Sofie fordi ho skriv så jævlig bra. Karoline fordi ho er kunst i seg sjølv. Madeleine fordi ho har ein sjukt bra humor.
Det er så utruleg mange fantastiske og tøffe jenter i verda, og dette er berre nokre få av dei.
På dagar kor ein verkeleg treng styrke og inspirasjon er ei sånn liste noko å plukke fram. Idag har vore ein tøff dag. Nokon gonger må ein berre ta fram moskusen i seg (hehehehe) og skrike at ein ikkje finn seg i trakassering eller dritslenging. Det har eg gjort og det kjentes så jævlig bra. Ikkje la deg trakke på! Krev respekt!
Songen om Strilekrigen
08/09/2010 § 2 kommentarar
Ein ganske bra song skriven av Rolf Sagen i 1974. Songen handlar om Strilekrigen i Hordaland i 1765. Kjem tilbake med meir når eg gidd. Adios, strilos!
Høyre song frå nakne øyar, trange sund
der fjordar skjer seg inn
Mest stein
Mest alltid vind
Å strila, er å slite hardt i båt
og strilar vert dei ennå kalla
dei som bur her no
Ein gong i hardare tider
synte dei styrken sin:
To år på rad sto kornet utan kjernar
Det var i året 1765 og prestane
talde små kister som vekslepengar
Då var det Ahlefeld, kongens rådgjevar
fekk ein idé: Ein ekstra skatt
som sterkt aukar innkomma til staten
For det er dyrt for Fredrik
å halda så stor hær i Holstein
og så stort hoff a la Versailles
lensmann panta og fattigfolk gret
for siste kua. Men futen Bildsøe
i Bergens Stift såg ned i sine bøker
og tenkte som han hadde lært:
Mjukt oppover
Hardt nedover
Så sende han herfolk ut
Tok grytene frå dei
som ingen ting hadde å koke
og båtane frå dei
som ingen tufter hadde til lands
Frå ei enkje tok dei
det ho ikkje hadde mist:
Husbondens klede
Strilane sat på minste jorda
for høgste bygsel
Fisket slo feil
og prisen på såkorn stein fort
Hærmenner tok det siste dei hadde: Tolmodet
Markene ennå gule, våte
Restar av snøen langs gardar av stein
Færingar kryssar fjordar
Skinnkledde karar ror sunda
Bodsetlar gå frå hand til hand
Folk er i rørsle –
Dagen er 17. april
Om morgonen kjem dei
– fram or mørkret
Om dagen kjem dei
– flokkar gjennom skog
Om kvelden kjem dei
– siglar og ror
Seksringar mot Bergen
Koftekledde i tusental
No kjem dei, strilane
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Fyller gatene
fyller husa
der folk bur trangt
Eit sterkt språk rår
i skjenkestovene
I natt er det vake
og rørsle i gatene
Rusen stig –
Dagen er 18. april
Om morgonen står ein grimut masse
ved stiftsamtmannens hus
Fiskarbønder og småfolk frå byen
Borgarsonen Jackum de Lange står der
Skoflikkar Bertramsen frå Kalfaret står der
i gardens uniform. Ola Svindahl
frå Lindås og Johannes Sletten
frå Radøy
I rettsprotokollane står dei
Sjølvbedde tek dei seg inn
i amtmannens hus. Og samtalen
blir ikkje lang. For hundre års harme
tar orda og husherren triv til korden –
Då riv dei hatt og parykk av
stiftsamtmann von Cicignon
slit kleda hans isunder
og trakkar på hans ordensband
Dei fanga futen
og heldt han i arrest
– Den bondeplagaren, han er ikkje
lenger ei kalvaskinn verdt!
Amtmannen førde dei fram
for ein oppøst masse
Redd og fortumla
lovar han meir enn dei krev: Skatten
blir å betale attende
til kvar og ein
For den dagen hadde folket makta i Bergen
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
fattigfolk frå smauene
Borgarskapet i byen ropte på orden og vern
Men borgarmeisteren smilte nervøst
og sa: To kompani med væpna bønder
ja, strilar
er det vi har –
Strilane hadde samla folk
og synt makt
Ord for om landet
og femten hundre oppreiste
bønder i Ryfylke forsto
kvifor dei mektige
høyrde betre etter no
Og sogningar møtte på tinget
med kvesste øksar
Så vart talen klårare
Romsdølene jaga futen som ein hare
og den tyskfødde generalen
von Schmettov sa: Det er grunn til
å tvile på truskapen til det norske folket
Men Trond Lauprak sør i Dalane sa:
– Fredrik er konge i Danmark. Eg
er konge i Bjerkrei!
Folk reiser seg
og undertrykkaren skjelv
ein dag eller to
Gir sumt attende av det han tok
Mutar folket
Makta og retten blir hos
dei som eig tankane og orda
– – –
Det var strilefolket
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Dei kom sterke og tok ein by
Så rodde dei heim
– – –
Sidan kom orloskip
med kanoner på rekke og rad
Festningens murar og
portar vart sette i stand
Ny ammunisjon bar dei fram. Og
kongen forordna i hast ein paragraf:
Dødsstraff for folk
som kallar saman folk!
Men borgarskapet i Bergen heldt
ein strålande fest, «Under
Kanoners Løsning og Musicalsk Konsert.»
Jævla rasistsvin!
29/08/2010 § 3 kommentarar
Ja, du ja. Skapar frykt og fordommar mot vanlege folk som kjem til Noreg fordi vi er i landet deira og bombar for fred. Du har ikkje peiling, du har ikkje beina på jorda i det heile tatt, du sitt på den jævla vestkanten og trur at alle muslimar er terroristar. DU er ei fare for landet. DU skapar frykt og får folk til å føle seg utrygge. Det er sånne som deg og dei skitne kapitalistvenane dine som øydelegg for vanlege folk ved å tene seg rike på arbeidet som VI gjer. De sitt på toppen av samfunnet og kastar drit på folk som tilfeldigvis ikkje et svinekjøt eller drikk alkohol.
Venane dine er berre opptekne av å tene mest mogleg pengar på kortast mogleg tid. De ser berre profitt. De drit i kva vanlege folk meiner. Vanlege folk i Noreg har ikkje makt og dette demokratiet er noko piss. Det er på tide at folk sluttar å bry seg om kva religion ein har og heller tar raseriet ut på dei som sit på toppen av samfunnet og tenar seg feite på vanlege og ærlege folks arbeid. Vi skal snu heile dette dritsystemet på hovudet – og DÅ kan du vere redd!
For å seie det med Ebba Grön:
Sida vid sida, tillsammans hjälps dom åt
staten och kapitalet, dom sitter i samma båt
fast det är inte dom som ror, som ror så svetten lackar
och piskan som kittlar, kittlar inte heller
deras feta nackar.
Hei
23/08/2010 § Éin kommentar
Som alltid har det skjedd mye sidan sist.
Eg har fått læreplass. Eg har blitt singel. Eg har blitt brun. Eg har komme på masse nye dårlege vitsar. Eg har vore på ein biltur kor vi presterte å køyre over ein rev. Eg har vore på sumarleir og hatt Ebba Wergeland på nært hold. Eg har flytta og bur no tre minutt unna stranda. Eg har drukke fersk kumelk og elska det. Eg har byrja å like meg sjølv litt betre.
Eg har fått eit nytt yndlingsdyr:
Hengt ein del med blant anna desse to:
Høyrt ein del på denne karen:
Også vurderar eg å melde meg på eit slags standup-kurs. Om eg finn eit. Trur de det er ein god idè?
(Dårleg vits: Kvifor svømte den dyslektiske kongen baklengs? Fordi han trudde han var ein del av kongereka.)
(Bileta i denne posten, bortsett frå moskusen (trur eg), er teke av Eline L. Fjæren. Ho er som de ser ein dyktig fotograf OG – ikkje minst – heilt sinnsykt god til å synge. Herreminhatt.)
Søringsangen
18/01/2009 § 4 kommentarar
Denne sangen er skrive til ære for venninna mi, og handlar om den plagsomme søringen som la an på ho då vi budde på Bardufoss og flørta med soldatane der.
Kanke jeg få en klem a»
Bare en til a»
vær så snill a»
Kom igjen a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Kanke jeg få en kos a»
Ikke vær så kjip a»
Kom igjen a»
Du er jo så søt a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Kanke jeg få et kyss a»
Bare ett a»
Kom igjen a»
Du er så nais a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Leik og moro i Asker og Blærum
12/12/2008 § 4 kommentarar
Åh, eg gler meg frykteleg til revolusjonen! Då skal Einar Fredrik Åke få så hatten passar, det borgarlege svinet!
Historia om Richard Kviteseid
08/12/2008 § 14 kommentarar
Richard har alltid vore ein smarting, tykkjer mora. Difor blei ho overraska då han ein dag kom og spurte kor etternamnet deira kom frå. Han som kunne dette med internett og alltid satt med nasen i ei bok, lurte på kvifor dei heitte Kviteseid. Kvifor dei ikkje heitte Hansen eller Henriksen eller noko anna vanleg. Mora tenkte seg om eit augeblikk før ho svarte at det var ho jammen ikkje sikker på, for det var jo far til Richard som hadde heitt Kviteseid, og han hadde jo omkommen på havet før Richard blei fødd.
Richard gjekk inn på rommet sitt utan å svare. Han kjente det svei i auga, og blunka hardt nokre gonger for å få vekk tårene som kunne komme kor tid som helst. Han dreit vel i den teite faren som var daud som ei sild, han ville vite kvifor han var nøydd til å heite det same som eit meieriprodukt til etternamn. Smørbukk hadde dei byrja å kalle han på skulen etter at den nye norsklæraren hadde kommentert etternamnet hans. Du heiter jo det same som ein type smør du, Richard, hadde ho sagt, og heile klassen hadde ledd høgt. Eit veldig godt eit og, hadde ho sagt mens ho blunka og gjorde seg til. Klassen slutta ikkje å flire, og eit eller anna lyst hovud hadde ropt Smørbukk. Jentene kasta karamellar på han og fantaserte høglydt og fnisete om kor feit Richards hud var.
Richard sjølv satt der og følte seg ironisk nok som ein klatt varm smør i ei panne. Han smelta sakte men sikkert og blei varm og raud og sint. Kvifor kunne ikkje den idiotiske læraren berre haldt kjeften sin igjen? Han skulle ha gjort mykje for å sleppe å heite Kviteseid no. Han ville til og med heitt Yaghoubi som Sayed i klassen, sjølv om ingen ville ha klart å uttale det. Det ville på alle måtar vore betre enn Richard Smørklatt Kviteseid. Han skamma seg.
Heime gjekk mora hans rundt og skjønte ingenting. Den tidlegare så glade guten hennes var blitt forandra til ein sint tenåring som smelte med dørene og som nekta å sjå krimen på fredagane med ho. Ho kjente seg einsam. Det var berre ho og Richard og ein gamal kanarifugl. Og den var det ikkje mykje selskap i. Ho bestemte seg for å finne ut kva som plaga sonen.
Richard hadde som vanleg teke maten med seg inn på soverommet denne ettermiddagen. Mora gjekk i sirkel på stovegolvet og tenkte på korleis ho skulle angripe situasjonen. I det siste hadde det blitt mykje verre. Guten var ikkje til å kjenne igjen. Ho trakk pusten og la dei skjelvande armane i kross over brystet, og banka på døra hans. Ingen svarte. Innanfrå høyrdes berre kanarifuglens hese røyst, og mora opna forsiktig. Ho heldt på å miste både balansen og pusten då synet av Richard, liggjande på mage på golvet med eit stort pilleglas i høgreneven, møtte ho. Tårane spratt, ho klarte ikkje å kontrollere dei, det var reint forjævlig alt saman, og det gjekk opp for ho kva kanarifuglen eigentleg skreik. Smørbukk, har du meir Smørbukk, skreik den, og flaksa som galen rundt i det litle buret sitt.