Klein Kleinesen strikes back

05/12/2010 § 3 kommentarar

Eg skal vere så intetsigande at eg bloggar om noko som skjedde i helga. Verdas flauaste, kleinaste, pinligste og vanvittig sjeldne opplevelse skjedde meg i går kveld, nemleg. Eg får vondt i magen av å snakke om det.

Eg likar å bryte handbak på fylla. Av og til vinn eg, som regel tapar eg. Sjølv om eg er skikkeleg sterk. Og i går kveld var eg ute på byen Luna i Oslobygda. Kjekk uteplass for den del. Men ja, for å «bli kjent» med han som satt på andre sida av bordet for meg måtte eg sjølvsagt spørre om han ville bryte handbak.

Lone (L): Heeeeey, kom igjen, vi må bryte handbak!

Random fyr (RF): Nei, eg er redd for å tape.

L: Eg tapar alltid, kom igjeeeen! Det er aaaartiiiig!

RF: Nei, eg vil ikkje.

Plutseleg bryt vi handbak allikevel. Eg vinn….litt for lett.

L: Kom igjen, ver litt mann då! Ein gong til!

RF: Neeei.

Vi gjer det igjen. Og igjen.

L: Whaaat, e du pingle eller?!

RF: Nei, eg har ein muskelsjukdom. Prøvde å sei det til deg i stad.

L: Eh….hæ?

 

HerreGUD kor kleint. No sitt eg på Gardermoen og hatar det. Men eg har hatt ei kjekk helg.

Snakkes på flyet. Hehe.

Apropos skjønnhetstyranniet

27/11/2010 § Éin kommentar

Min indre fashionista er tilbake! Berre sjå på gårsdagens outfit:

Løp og kjøp

Er ikkje dette passion for fashion så veit ikkje eg. Læsta (ullsokkar), to ullstillongs (med gylf, ikkje spør kvifor), tjukk ullgenser og meir utanpå. Ja, eg går rundt i dette (heime). Hot or not?

 

Ellers føler eg at bloggen har tapt seg litt i det siste (kanskje med unntak av det siste innlegget). Kva skal ein stakkar gjere? Blogge om provoserande ting (sex og vald), veldig personlege ting (sex og middag) eller politiske ting (sex og systematisk vald)? Eg anar ikkje.

U for uoppnåeleg

24/11/2010 § 2 kommentarar

Det er der, kvar dag, overalt rundt deg. Med mindre du er deltakar i programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er det vanskeleg å unngå det. Eg snakkar sjølvsagt om alle kapitalistars lukkepille og veg til himmelhøge salstal: Reklame. Reklame, reklame, reklame. Eg holdt på å satse på ei karriere i reklamebransjen før eg tok til vettet. Men det var ikkje mitt eige liv eg skulle snakke om no (for ein gongs skuld). Det er dette med reklame igjen. Den som kjem dumpande i postkassa di, flimrar over skjermen mellom dei to nesten-kvartera ein random sitcom varar. Med høg lyd og glossy papir. Og fine damer. Som regel. Dei er hvertfall fine på papiret og på idiotboksen. Og medan dei blafrar med sine crazylange augevippar og blottar dei krittkvite tennene sine fortel dei deg at sidan dei byrja å bruke den og den sjampoen eller den og den maskaraen så har livet vorte mykje enklare. Eller at sidan dei kjøpte den digge dundyna på Jysk har dei aldri vore så varme eller deilige. Du tek poenget, ikkje sant? Alle tek poenget med reklame. Det er enkelt.

Eg skal fortelle litt om noko som kan høyrast merkeleg ut viss du ikkje har høyrt dette uttrykket før:

Skjønnhetstyranniet. Skjønnhets – tyranniet (au.). To veldig forskjellige ord, pluss (skjønnhet) og minus (gjett) i lag. Det blir minus, det veit til og med eg. Og skjønnhetstyranniet er eit einaste forferdeleg minus. Det det dreiar seg om er at frykteleg mange jenter (no også gutar i større grad enn før) går rundt med frykteleg dårleg sjølvtillit. Fordi dei meiner dei har rare armar, små puppar, skeiv nase, stygg hud, feil kroppsfasong, stor mage, tjukke hofter, små auger og så vidare. Omtrent alle meiner det er ein eller anna produksjonsfeil med eins eigen kropp. Og dette er ikkje ein gong folk som manglar armar eller bein. Dei er vanlege 0g forskjellige. Og sånn vil det alltid vere! Allikevel går alle desse menneska rundt og prøvar å sjå ut som nokon andre. Dei brukar masse tid og energi på å sjå perfekte ut. Og – pengar. Dei kjøpar dill og dall og lipgloss med forstørringsmiddel i for å sjå ut som noko anna enn seg sjølv. For å strebe mot eit uoppnåeleg ideal som ingen, og då meiner eg ingen, nokon gong kan få til å bli. Det er berre å gje opp med ein gong.

Men vent…. kva med alle dei fine damene eg skreiv om i byrjinga? Dei som blafrar og blottar og sånn? DEI er jo pene, dei! Guess what, her kjem spoilaren, kven døyr i HP 6, kven får mandelen i grauten i år, etc.:

DET ER TULL! DEI ER IKKJE EKTE!

Hah. Det føltes godt. Og det er sant; dei blir photoshoppa og redigerte til det ugjenkjennelege. Berre sjå her:

Og no ristar du sikkert litt på hodet medan du tenker at «EG! Hah! EG blir ikkje påverka! Eg har min eigen stil og driiiit i reklame!» Og det kan jo hende at du er deltakar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men eg tør å påstå at du BLIR påverka.  Her er nokre tal henta frå aktivisme.no om nettopp det (og beklagar at det er på liksomnorsk):

  • En av tre jenter oppgir at de får dårligere selvbilde av å se på reklame for mote. Dårlig selvtillit gir et stort psykisk press, og kan være skadelig for helsen til unge jenter. I tillegg fører dette til et slanke- og skjønnhetspress.
  • Halvparten av landets femtenåringer slanker seg, eller har prøvd å slanke seg.
  • En tredjedel av norske trettenåringer ønsker å gå ned i vekt.
  • Halvparten av jentene på videregående syns de er for tykke. Bare 20% av nordmenn er overvektig, og knappe 2% er sykelig overvektig.
  • 10% av alle som slanker seg, utvikler en eller annen form for spiseforstyrrelser. 50.000 norske kvinner lider av spiseforstyrrelser. Spiseforstyrrelser er den tredje største dødsårsaken i Europa, etter ulykker og kreft.

Dette er jo unekteleg ganske sjukt. Eg og mange andre blir hvertfall ganske forbanna av det. Difor har vi bestemt oss for å gå til krig. Ikkje med klasebomber og granatar, men med klistremerke og plakatar. Heh. Det rimte jo nesten.

Viss du ikkje enda er blitt forbanna nok til å synes at krig mot retusjert reklame er kult, så kan du jo tenke på at nokon tenar pengar på dette. MYKJE pengar. Kor mykje trur du den øverste sjefen i Hennes og Mauritz tenar på at du vil ha ein «perfekt kropp»? (samstundes som det sitt ungar i Asia og syr kledene vi brukar, til luselønn, men det er ei anna sak.)

Men ja. No er du vel overbevist? Gå inn på aktivisme.no og les meir og meld deg som aktivist. Og ei lita faktaopplysning heilt til sist:

Du ER bra nok. Du ER fin. Drit i å samanlikne deg med dei sjukt tynne modellane til H&M. For når ein tenkar på det er det jo litt som å samanlikne seg med Dolly Duck, liksom. Like ekte.

Apropos tyskera

23/11/2010 § Kommenter innlegget

Håpar noen andre enn meg får denne på hjernen idag!

 

Visste du at det var borgarkrig i Noreg rett etter vikingtida? Og at birkebeinarane kjempa mot baglarane? Som ein periode blei leda av Erling Steinvegg (eller rettare sagt; han var tronpretendenten deira)? Eg flire meg i hjel!

Endring

21/11/2010 § Kommenter innlegget

Først: Tunge løft. Vanskeleg å nå opp. Ukjente begrep. Teknisk innsikt som ikkje finst. Er for liten.

Etterkvart: Teknikk. Eigne løysingar. Musklar. Lukta av sagspon er det beste som finst. Funksjonar ein oppdagar på eige hand. Innsjå at eg aldri blir to meter høg, men at eg kan gjere jobben min uansett.

Først: Ondt i ryggen. Slitne armar. Vond nakke. Tunge sko. Klær med feil passform. Pene nevar.

Etterkvart: Styrke. Sko og klede i rett storleik. Skitne nevar som minnar meg om pappa når eg vaskar dei etter arbeid. Arbeidsnevar, det er pappa det. Og no også meg.

Først: Rare blikk. Kva gjer du her, du er jo jente? Kommentarar ein ikkje klarar å svare på.

Etterkvart: Framleis rare blikk. Men også polakkar som seier «respekt» til meg når eg løftar tunge ting.

Først: Strebe etter eit skikkeleg kosthald. Dårleg samvit for ting ein unnar seg. Dårleg sjølvtillit. Misnøgd med kroppen min. Trenar for lite.

Etterkvart: Å ete fordi eg treng det. Å vere i fysisk aktivitet heile dagen, heile året. Ete ein sjokolade fordi eg har lyst. Kroppen er eit verkty som må haldast vedlike. Føle seg sterk, sunn og fin. Raude kinn.

 

Litt sånn byggebransjepropaganda på tampen av veka. Bli snekkar du også, jente!

Lyst til å bli betre kjent?

17/11/2010 § Éin kommentar

Fett. Da kan du lese vidare. Her får du nemleg presentert ein av dei djupaste tankane eg har hatt på lenge. Eg tenkte på at det er litt merkverdig at hårfrisyrer kan ha noko til felles med bakverk. Hårverk, liksom. Sånn som dette:

 

Bollesveis.

Sånn såg folk ut når eg var ung. Utruleg. No går det meir i dette:

Denne fletta ser ut som ein loff.

Eg meiner ikkje noko spesielt om dette, for å vere ærleg. Har ingen ideologisk begrunning for noko som helst i denne samanhengen. Men kom igjen, kva blir det neste?

I rest my cake.

 

Ps. Eg har vore på kino to gonger denne veka. Lurar du på kva eg såg? Da kan du berre halde fram med det. Eg kjem nemleg ikkje til å fortelje det. For eg har fått personleg life coach og øvar på å ha eit mystisk image. Hehe.

Den som ler sist er treig i oppfattelsen

11/11/2010 § Kommenter innlegget

….Eller noko sånt. Dette oppdaga eg idag:

Kvifor er det ingen som har fortalt meg at M.I.A. ikkje har funne på dette sjølv?

Begge versjonane er kule, men eg held nok ein knapp på The Clash.

Ellers er livet så normalt som det kan bli. Eg går på jobb kvar dag og skulle ynskje sola var oppe litt lengre. November er teit. Kjærleikslivet mitt er like tørt som ein todagars gamal kvitlauksbagett. Samme kjipe ettersmaken og. Hehe.

Lemme tell ya ’bout your blood bamboo kid

It ain’t Coca-Cola

It’s rice.

Kjærleik… eller i hvertfall noko som liknar

05/11/2010 § Kommenter innlegget

Denne posten handlar om litt såre ting kring kjærleik. Eg har funne tre låtar som på kvar sin måte tek opp temaet.

Først ut er ei låt som eg trur mange kan kjenne seg igjen i. Eg får iallefall litt kribling i magen av stemninga. Sjølv om videoen er litt spesiell:

 

Den andre songen handlar om å aldri kunne gje slepp på noko som ein gong har vore vakkert og ekte. Ein av dei finaste songane Jokke skreiv om kjærleik.

 

Den her har du garantert høyrt før. Marius Muller var ein fantastisk gitarist som diverre døydde altfor ung. Og låta? Det er vel ein slags kjærleik den handlar om.

 

God helg, skyt ein elg!

Difor elskar eg dei

02/11/2010 § 13 kommentarar

Guro I. fordi ho alltid seier det ho meiner. Kaisa fordi ho er verdas herligaste elektrikarlærling. Kristine fordi ho er så utruleg jordnær. Runa fordi ho ikkje lar seg pelle på nesa. Christin fordi ho fortenar alt godt i verda. Guro F. fordi ho er ein fantastisk samtalepartnar. Anna fordi ho er artig. Magnhild fordi eg skulle ynskje eg var så kul når eg var 16. Jenny fordi ho er tøff i trynet. Frida fordi ho har eit glimt i auget ingen andre har. Katarina fordi ho berre er fantastisk. Aina fordi ho er kun seg sjølv og ingen andre. Anneli fordi ho er den ultimate kombinasjonen av søt og tøff. Anja fordi ho er nydeleg. Mamma fordi ho flirar av vitsane mine når ingen andre gjer det. Øydis fordi ho har ei jævlig kul attitude. Stine fordi ho er lur. Ragni fordi ho er ein fabelaktig historieforteljar. Marte fordi ho er sånn ca verdas kulaste. Matilde fordi ho har heile verda i hjartet. Camilla fordi ho er uredd. Tomine fordi ho er way kulare enn eg nokon gong kjem til å bli. Eline fordi ho har talent eg misunnar. Ida Sofie fordi ho skriv så jævlig bra. Karoline fordi ho er kunst i seg sjølv. Madeleine fordi ho har ein sjukt bra humor.

Det er så utruleg mange fantastiske og tøffe jenter i verda, og dette er berre nokre få av dei.

På dagar kor ein verkeleg treng styrke og inspirasjon er ei sånn liste noko å plukke fram. Idag har vore ein tøff dag. Nokon gonger må ein berre ta fram moskusen i seg (hehehehe) og skrike at ein ikkje finn seg i trakassering eller dritslenging. Det har eg gjort og det kjentes så jævlig bra. Ikkje la deg trakke på! Krev respekt!

Klein veke, siste del: And the wiener is…

21/10/2010 § Kommenter innlegget

Hallaisen Mike Tyson!

Eg sitt her og føler meg litt klein. Som i ikkje frisk. Flaks at eg ikkje treng å finne på noko artig sjølv i dette innlegget! Det står jo dykk lesarar for! Eg fekk inn ein del gode og kleine historier, og eg skal publisere alle, i noko forkorta form. Først ut er desse to historiene frå «Nancy»:

I tiende klasse hadde faren min seksualundervisning med parallellklassen. Og lærte alle vennene mine om mensen. Da også min mens. Og menstruasjonssyklus. Og om den gangen jeg glemte et brukt bind på badet som han da senere fant.
Hm. Mens vi snakker om gjenglemte ting på badet, here’s another one:
Jeg overnattet hjemme hos en kjæreste en helg i niende klasse. Lørdags morgen tok jeg meg en dusj, og jeg hadde såvidt rukket å få på meg klærne når det banket på døra. Jeg ble sjukt stressa, for jeg ville ikke okkuppere badet så foreldrene til den daværende typen skulle bli irriterte på meg, så jeg rasket med meg alle tingene mine og fortet meg ut. Når jeg skulle pusse tenner den kvelden oppdaget jeg at den brukte trusa mi lå igjen på baderomsgulvet. Fullt synlig, sånn at kjæresten min og familien hans ikke kunne ha unngått å ha sett den i løpet av dagen…

Oppsummering: Ai, ai, ai. Den andre svir mest i mine øyrer. Trur eg hadde dødd av skam!

Neste historie måtte eg forkorte, håpar ikkje «Terje» (hehe) blir veldig fornærma:

Kjære Rita Eriksen. Eg vil gjerne nytta høvet til å prøva å få svar på noko. Det er eit spørsmål som har rive meg i filler i atten-nitten år no. Eg snakkar ikkje om eksistensielle spørsmål som «Kva er meininga med livet?», «Er me åleine i Universet» eller «Korleis kan eg få folk til å slutta å masa om Michael Jackson?» Eg snakkar om eit veldig enkelt og konkret spørsmål, som berre du kan besvara, Rita. Det eg har fundert på i to tiår, Rita, er: «Kva var romnummeret ditt?».
Du hugsar nok ikkje meg, Rita. På same måte som eg ikkje hugsar mauren eg kom i skade for å trakka på i går, eller på same måte som Bruce Springsteen neppe hugsar alle han har dansa med. Men eg hugsar deg. Eit kort, men heftig møte som kunne vore tatt ut frå ein pompøs Hollywood-film eller ein roman Anne B. Ragde ikkje hadde klart å skriva. Og dette har altså naga meg i alle år. Kva var romnummeret ditt, Rita. Kva var romnummeret ditt?
Ein middelstor utestad på eit middelstort hotell i ei middelstor bygd på Vestlandet. Eg er ikkje heilt sikker på kva år det var. Men det var i den tida då alle andre enn meg hadde slutta med å bretta Levis-buksene langt opp på ankelen.

(…)

Medan du trylla fram vakre tonar på scena, sjangla eg rundt og leita etter damer som også sjangla rundt, og som helst såg dobbelt slik at eg vart ekstra breiskuldra. (…) Men så kom du, Rita. Du hadde tatt pause i synginga, og kom svevande forbi. Svevande akkurat på same måte som Anne Holt ikkje svevar. Og du gløtta på meg og smilte. Om det hadde vore i dag, hadde eg nok berre smilt tilbake og gått vidare. Og om det hadde vore då eg var fjortis, hadde eg nok berre grynta fram eit eller anna håplaust og så sprunge heim og skamma meg. Men dette var nett i den alderen då eg skulle vera superkul og verdsvant. Så eg stoppa deg, sa hei og spurte: «Du skal ikkje ha nachspiel etter konserten?». Eller, det var vel snarare «Du schall ikkje ha nachssspiel etter khonserten?»
Normalt ville eit slikt spørsmål frå meg berre ha resultert i vantru, spottande blikk eller ein knyttneve. Men du funderte litt, smilte og sa: «Nei, eg har ikkje tenkt å ha nachspiel. Men om du har lyst, kan du forsåvidt koma opp på rommet etter konserten?» (…)  Eg reiste meg, og tok vegen mot trappene til hotellromma. Tenkte. «Hmmm, i kva etasje finn eg romnummer….?» Oops. Eg hadde gløymt romnummeret. Eit nummer som var langt viktigare enn både koden til visakortet, fødselsdatoen min og talet på dårlege kopiar av «Hallelujah». Og eg hadde gløymt det. Der stod eg. Døra til evig (eller i alle fall kortvarig) lykke var på ukjend stad. Kva skulle eg gjera?
Underteikna gjorde det einaste logiske. Eg snubla meg bort i resepsjonen på hotellet. Såg bodybuildaren bak skranken rett inn i augo og sa: «Eg er invitert på nachspiel hjå Rita Eriksen. Kva rom bur ho på?».

Oppsummering: Herfrå kan du sikkert gjette deg til slutten. Point taken. Godt skrive, fyren er tross alt journalist i ei respektert avis på vestlandet. Kleint nok i seg sjølv. Det beste litterære bidraget, men diverre ingen pris!

Neste historie kjem frå «Trude», here you go:

Møtte en fyr som æ hadde gått i klasse med fra 1-10 i jula. Hadde ikke sett han på evig lenge. Stod å prata litt hyggelig ved baren. Også sa han fyren «Ka du skal ha?»
også sir æ: «en øl»
også bestille han to øl og snur sæ mot mæ og sir «værsågoood»
Æ tar tak i den ene ølla i handa hannes, men den sitt bom fast.
«Han ser på mæ og sir, nei ølla e til mæ. Æ ga dæ bare plassn i køa altså»

Oppsummering: Dette ER kleint. Hehe. Forfriskande kort!

Neste historie er frå «Margrethe», og gjer meg eigentleg magesjau:

Eg hadde besøk av en fyr, en venn, og vi så på en tv serie. Eg inviterte på middag og lagde biff og spaghetti og brukte omtrent alt eg hadde i kjøleskapet, ettersom eg skulle flytte om to daga.

Utover kvelden begynte han å bli sulten igjen, og spurte om vi ikkje kunne spise restan av middagen, men eg forklarte at eg hadde lagd en stor porsjon sånn at eg kunne ha det til middag dagen før eg reiste uten å kjøpe meir mat.

Etter hvert begynte han å klage litt meir og lurte på om eg ikkje hadde nokka snacks i det heile tatt? Eg gikk på kjøkkenet og kom tilbake med 1/3 full potetgullpose og hadde den i ei skål. Han spiste og koste seg og heiv innpå. Etter ei stund sitt han med en tygd tyggis i handa og lure på koffør den va i potetgullet.

Ikkje bare måtte eg forklare at eg hadde tilfeldigvis kasta tyggisen min oppi potetgullposen tidligar, men også at eg hadde gjort det fordi eg hadde kasta potetgullposen i søpla fordi eg ikkje ville ha meir. Bortsett fra tyggisen, så va det vel ikkje så slemt, for potetgullposen lå jo heilt på toppen av søpla fint lukka?

Oppsummering: Uuuuuuff. Klein Kleinesen, vær så god?

Neste er frå «Sofie»:

Jeg og en annen venn av meg, la oss kalle ham P, (som jeg har hatt meg med et par ganger) sitter seint en kveld på et utested med noen andre. De andre begynner å spørre om vi har gjort det noen gang, og han svarer ja. Hun ene spør om jeg har vært med noen jenter, og jeg svarer ja, og at det ikke er noe problem. P utbryter positivt overrasket at da kan vi jo ha trekant! alle andre er ganske brisne og er skikkelig down. Vi bare, okei.

Litt senere kommer han og sier han har funnet noen han liker som vi bør sjekke ut. Vi venter utenfor jentedoen, da vi ser en annen jente som han har flørtet med tidligere på kvelden men som ikke er henne som P mente. Jeg tenker for meg selv «hey, hun er jo hot». Da vi alle går hjem, og P tar sykkelen og fyker av gårde, ser jeg henne igjen, hun kan hete S.

Jeg sier hey, hva synes du om han der med sykkelen? Hun sier «hey, han er kul». Jeg har møtt henne før, så jeg kutter dritten (cut the crap) og sier vi pratet om trekant og om ikke hun vil bli med. Hun er helt down, og sier hun synes vi er attraktiv og at det kan bli spennende. Nice.

jeg ringer P, og han virker greit nok med på det (men han sovner, og var ganske full). I ca en mnd etterpå ertet alle meg, inkludert P, fordi de mente at jeg kåkkblokket han, og at jeg har en dirty mind. Jeg prøve å gjenta at det ikke i utgangspunktet var min ide, at jeg faktisk tok et steg og at det er han som er dum som faktisk sier nei takk. Etter en mnd ser jeg igjen S på samme stedet (jeg har prøvd å unngå henne) og hun sier hey! Hva skjer med trekanten? Vi må gjøre det, i alle fall en tokant meg og deg!

Jeg ser det nå: jeg kåkkblokket, og det ble skikkelig kleint fordi P overhørte det hele 😐 Kleint nok? I alle fall, gjør hva du vil med historien. Bruk den slik du vil, det kan understrekes at de aldri ga seg med å erte meg dagene og ukene etterpå. Det ble et skikkelig tema, og jeg prøvde så godt jeg kunne å ikke respondere, og for guds skyld ikke møte henne igjen. Men den gang ei.

Oppsummering: Denne er fin. Flau stemning, akkurat slik det skal vere!

Neste og siste historie kjem frå «Vladimir»:

Det va nu en som hadde fløtta t en ny plass.. så sku han nuu bort å hels på naboan.. så han gikk nu bort å der sto han som bodde der utførre huse etter å ha skrudd på en bil.. så han hadde nu fått olja på boksa.. så han hadde nu helt litt bensin på ett fatt før å døpp boksa i.. ja du veit at bensin får olja t å sleppe.. så e d bære å vask bort lokta a bensin etterpå.. men nå dem sto der å prata så så dem at ei a kattn han hadde drakk a bensin som va på fate.. så vrid den litt på haue, så plutseli så bynte katta å spreng tulling.. å dem tenkte at nu va nu den på tur å ta kveld.. så sprang dem opp i ei buska i hagen, å datt ned.. å dem tenkte ja d va d.. men dem gikk nu bort før å se t den.. den så jo ganske døu ut.. men dem bøyde sæ nu ned.. men den va vest ikje døu.. katta hadde vest bære gådd fri før bensin..

Oppsummering: Litt meir ei artig historie enn ei klein historie (kanskje for katteskinnet). Men kleint nok at «Vladimir» sendte inn ein vits i staden!

 

And the winner is…….»Margrethe» med si historie om tyggisen i potetgullposen! Den kleine stemninga er til å ta og føle på, som teke rett ut av ein Seinfeldt-episode. Berre ikkje hendinga forfølger deg! Historia om mensen og trusene er også ganske ekle, men dei andre hadde eg nok overlevd. Men ingenting overgår konseptet «gjestfrihet på mine eigne prinsipp.» Skriv gjerne i kommentarfeltet kva for ein du likte best! Nettdebattar er jo så populært!

Og der var faktisk klein veke over for denne gong. Eg blir vekkreist heile helga og får difor ikkje tid til å blogge. Men det har vore kjempeartig og kjempekleint og eg følar at eg kler konseptet godt. Er det noko anna eg bør tematisere over? Fortell, fortell!

Klein, kvalmande helsing

Lunemann.