Gratulerar med dagen?

03/05/2009 § Éin kommentar

På etterskudd og i villrede om eg i det heile tatt skal gratulere arbeidarane med 1.mai – for det er jo ein kampdag vi bruker på å markere krava våre; her kjem appellen eg haldt på Stord den dagen.

FRITT PALESTINA!

I fjor var det seksti år sidan det palestinarane kallar Al Nakba, eller ”katastrofen” – nemleg opprettinga av staten Israel. Utan omsyn til kva landa i området eller befolkninga i Palestina meinte om saken, blei grensene teikna opp rundt det som skulle vise seg å bli ein av dei verste okkupasjonsmaktene i verda. I eit område der folk frå allslags religionar og kulturar har levd ilag i tusen år skulle det no opprettast ein jødisk stat.

Dette landet har i årevis, med verdssamfunnets velsigning, bygd seg sjølv større og større på bekostning av det palestinske folkets rettar og behov. Israel har brote FN-resolusjonar som seier at dei skal trekke seg tilbake til dei opphavlege grensene. Dei har bygd ein mur rundt dei palestinske områda på Vestbredden på om lag 670 kilometer. Til sjølvforsvar, seier staten Israel. Til sjølvforsvar mot kva då? Mot vanlege folks behov og ønske om å komme seg på jobb dit dei skal, til legen når dei blir sjuke og på skulen? Eller fordi dei ynskjer å drive apartheidpolitikk mot det palestinske folket?

For mens resten av verda diskuterar om ein skal definere Hamas som ein terroristorganisasjon eller ikkje, har framleis ikkje Israel anerkjent Palestina som ein sjølvstendig stat. Folkevalte i Palestina blir kasta i israelske fengsel med heiarop frå Vesten. Den palestinske befolkninga prøvar hardt, mot alle odds, å halda i gang hjula i samfunnet sitt. Når ein veks opp med dagleg frykt for flyangrep og israelske soldatar med gevær er det kanskje ikkje så rart at ein ynskjer å yte motstand. For nokon dreiar det seg om å organisere seg politisk – for andre om å kaste stein. Men den israelske staten veit å hemne seg på eit okkupert folk. Dei kan t.d. øydelegge heile oliventrefarmar som har brukt hundre år på å vekse fram og som er livsgrunnlaget for palestinske bønder. Dei kan stenge straum- og vassforsyninga til ein million menneske i vekesvis. Eller dei kan ta hemn på ein så brutal måte som det som skjedde i vinter.

For slutten på 2008 var brutal for befolkninga på Gazastripa. I dei tre første vekene i januar haldt verda pusten mens Israel dreiv ei omsynslaus massakrering av den palestinske befolkninga. Eit tusen to hundre menneske mista livet i Gaza i vinter. På israelsk side var det til saman tretten døde. Desse tala betyr meir enn ”berre” kor mange som døde, men dei er også med på å understreke det skeive forholdet det alltid vil vere mellom dei som okkuperar og dei som blir okkupert.

Med alle utanlandske journalistar jaga ut av området var dei israelske myndigheitene forberedt på at kva enn som skjedde i Gaza kom ikkje verdssamfunnet til å finne det ut. Men dei var ikkje forberedt på at legane Mads Gilbert og Erik Fosse skulle få så mykje merksemd som dei gjorde. Då dei reiste inn i Gaza på nyttårsaftan var dei de einaste vestlege legane i Gaza. Og kven kan vel gløyme sms-en frå Mads Gilbert tredje nyttårsdag? Om korleis dei vassa i skadde menneske, at den lokale grønsaksmarknaden var bomba?

Eg trur det skjedde noko med folk i Noreg etter kvart som dei norske legane rapporterte frå Gaza. Frå Svalbard til Norheimsund blei det arrangert demonstrasjonar til støtte for palestinarane. På ein av dei mindre demonstrasjonane i Bergen blei det samla inn 27.000 kroner til Palestinakomitèen. To hundre gjekk i tog i Norheimsund. Det norske folket viste solidaritet og kravde at myndigheitene tok ansvar. Så stilna det. 18. januar blei det erklært våpenkvile mellom partane. Verdssamfunnet pusta ut og andre ting fekk større merksemd i media.

I dag skriv vi første mai. Dagen i dag blir brukt til å markere nasjonale og internasjonale krav om rettferd, likeverd og solidaritet. Det er på tide å krevje solidaritet med det palestinske folket. Sjølv om VG og Dagbladet har gløymt kva som skjedde i Gaza i vinter, betyr det ikkje at vi har det.

Det er på tide å krevje full offentleg boikott av Israel. Det er på tide å krevje solidaritet med dei som er okkuperte. Det er på tide å gje landet tilbake til palestinarane!

Reklame

Men beinrangelbloggen var ikkje dau!

22/03/2009 § 8 kommentarar

Folkens! Eg har ikkje tenkt å slutte med blogginga. Grunnen til at det ikkje har komt nokon innlegg på over ein måned er ikkje fordi eg ikkje har skreve noko, for det har eg. Men det eg har skreve har eg stort sett reist rundt og fortalt til folk for at dei skal tru på meg! Nei, eg er ikkje blitt frelst eller blitt ein profet. Eg er berre blitt valt til å vere Raudt Hordalands 2.kandidat til stortingsvalet i haust! Det inneber ein heil del hardt arbeid, og valkampen er begynt for lengst. Men eg kjem sterkt tilbake om ikkje lenge  – då med ny og fancy bladbunad! I promise!

Og så kan eg jo spørje den enormt store fanskaren min som er innom KVAR DAG for å sjekke om det er komt ei oppdatering:

Er det noko spesielt du vil eg skal skrive om? Eg kan skrive om ALT! Hai faiv!

Innleiing om kvinnekamp

13/01/2009 § 2 kommentarar

Denne appellen/innleiinga holdt eg for 8.marsinitiativet sitt møte i Bergen i går:

Kva eg vil gjere på Stortinget for å betre kvinners kår

Først av alt vil eg sei at eg syns det er kjekt å ha blitt invitert hit!

I utgangspunktet vil eg berre understreke at som kommunist trur eg ikkje at norske kvinner vil oppleve full frigjering fordi eg og Gina kanskje hamnar på Stortinget til hausten, men det er ein annan diskusjon. Men det betyr jo ikkje at vi ikkje skal gjere det vi kan for å gjere kvardagen lettare for vanlege damer rundt omkring i dette landet.

For at eg ikkje berre skal ramse opp ein masse saker eg syns er bra og viktige å jobbe med, så vil eg ta for meg tre ting eg har lyst til å sloss for på Stortinget som rammar kvinner spesielt. Den første saka er kampen mot nedlegging av lokalsjukehus og fødeavdelingar. Det heiter seg at vi skal ha ein differensiert og desentralisert fødselsomsorg i Noreg, noko som ikkje skjer i praksis. Rundt om i landet blir fødeavdelingar gjort om til fødestover kor ikkje keisarsnitt kan gjennomførast eller kor kvinner ikkje kan få epiduralbedøving under fødselen, og som gjerne har feriestengt i tillegg. Det inneberer for mange lang reiseveg når ein skal føde. Eg las om ei dame frå Trondheim, busett i Alta, som ikkje fekk føde på fødestova der fordi ho var førstegongsfødande. Då måtte ho køyre 18 – atten – mil til Kirkenes. Ho valde heller å reise til mora si i Trondheim for å føde der. Ikkje at forholda der er noko betre, fødeavdelinga på St. Olavs hospital har natte- og helgestengt…

At systemet fungerar sånn, eller ikkje fungerar kan man kanskje sei, er horribelt. Eg veit at det finst aksjonskomitear, med kvinner i spissen, for bevaring av lokalsjukehus og fødeavdelingar rundt omkring i heile landet. Dei kvinnene vil, viss Raudt kjem inn på Stortinget, endeleg bli høyrt og tekne på alvor.

Det andre eg skal snakke om er kampen mot EU og EUs likestillingsdirektiv. Direktivet krev lik behandling av kvinner og menn, og slår ned på positiv forskjellsbehandling av kvinner for å oppnå likestilling. For oss som ser på t.d. kvotering som eit bra verkemiddel for å få meir enn 17 % kvinnelege professorar ved norske universitet, så står likestillingsdirektivet som eit hinder for å få oppnå dette. Direktivet står også i strid med FNs kvinnekonvensjon, og det er absurd at reglene for EUs indre marknad står sterkare enn kva FN har vedtatt at skal gjelde for kampen for kvinnefrigjering. Raudt krev at likestilling må ut av EØS-avtala, og at EØS-avtala må ut av Noreg!

Men det er ikkje berre norske kvinners krav vi må fremme på Stortinget. Ein av dei best bevarte ”mytane” om krigen i Afghanistan, er at ein skal drive storstilt kvinnekamp der nede. Med blant anna norske styrker i Afghanistan har t.d. prostitusjonsmarknaden eksplodert, framleis går berre 35 % av jentene på skule og barnedødelegheita har steget etter 2003 og ligg no på 135 daude barn per 1000 dødsfall. 57 % av jentene gifter seg før dei er fylt 16 år og det er framleis høg dødelegheit blant kvinner i barsel.

Kva tyder det? Openbart ikkje at krigføringa i Afghanistan har letta dei afghanske kvinnenes byrder på noko vis, heller tvert imot. Vedtaket om Noregs deltaking i denne krigen er usmakeleg, udemokratisk og urettferdig. Urettferdig overfor den afghanske befolkninga som må lide på grunn av vestlege stormakters ”kamp mot terror” – og urettferdig overfor den norske befolkninga som på ingen måtar har vist støtte til krigen.

Våre eigne problem kan kanskje virke små og ubetydelege i forhold til dei afghanske kvinnenes utfordringar i kvardagen, men det betyr ikkje at vi ikkje skal kjempe for det vi tykkjer er viktig her heime og. Med Raudt på Stortinget kan den norske befolkninga endeleg få satt sine viktigaste saker på dagsorden. Vi skal kjempe mot nedlegging av fødetilbodet i distrikta, vi skal kjempe for eigen sjølvråderett og kvitte oss med EØS-avtala ein gong for alle, vi skal hente dei norske styrkane heim frå Afghanistan, vi skal ha statleg boikott av Israel, vi skal kjempe for 6-timersdagen, for likelønn, for at alle kvinner skal kunne føle seg trygge i mørke gater på veg heim frå byen, mot seksuell trakassering og for kvinners rett til å hevde seg som menneske og ikkje som kjønn!

Eg hatar alle som speler tennis

12/12/2008 § 5 kommentarar

Du treng ikkje vere stygg

Du treng ikkje vere stygg

Du treng ikkje vere stygg for å spele tennis

Men du er det likevel


 

Du treng ikkje ha sleik

Du treng ikkje ha sleik

Du treng ikkje ha sleik for å spele tennis

Men du har det likevel


 

Du treng ikkje stemme Høgre

Du treng ikkje stemme Høgre

Du treng ikkje stemme Høgre for å spele tennis

Men du gjer det likevel


 

Du treng ikkje vere redd

Du treng ikkje vere redd

Du treng ikkje vere redd for revolusjonen –  fordi du speler tennis

Men du er det likevel

Something completely different

07/12/2008 § Éin kommentar

Kom over denne flotte førjulssaka frå Voss. Kjipt med dei derre muslimane som ikkje vil ha juleutstilling i vindauget på lokalet dei tilfeldigvis brukte som moskè. Godt at nokon klarar å kjempe for å ivareta dei norske, fine tradisjonane. Det går jo ikkje an å ha gjentrukne gardiner foran vindauget på eit butikklokale på denne tida av året! Nei, har du høyrt!

Eg spør fordi eg ikkje veit om noko anna

02/12/2008 § 2 kommentarar

Du byrja i klassen vår i haust, samstundes som resten av oss. Du var høg og hengslate og sløv i blikket. Du forsvann ganske fort og etter fyrste veka såg vi ikkje mykje til deg. Eg såg deg i byen av og til, i den store jakken du liksom drukna i. Du såg ikkje meg. Eg tenkte ikkje meir på deg, for eg hadde mine ting å styre med.

Eg såg deg igjen i kveld. Eg fraus der eg gjekk gjennom byen på veg til noko varmt og koseleg, og det tok eit augeblikk før eg såg det var deg. Du hadde ikkje jakke på deg, berre ein sliten hettegenser. I nevane hadde du ein plastpose og ein åpen cider.

Kor er du på veg?

Eit brev

14/11/2008 § 15 kommentarar

Kjære, kjære Lånekassen.
Nokon gonger tek eg meg sjølv i å tenke at det er bra du finst. Det er fint å få pengar for å gå på skule, sjølv om det er for lite til å betale husleiga på eit dyrt internat kor eg må bu for å kunne gå på skulen midt i skauen i Indre Troms. Det er fint å ha råd til både husleige, mat OG øl når ein endeleg har skaffa seg den deltidsjobben ein må ha i dag viss ein skal klare seg på hybel tre hundre kroner og mange reisetimar heimefrå. Og når ein etter lang betenkningstid, la oss sei eit år ca, bestemmer seg for å byrja på nytt, ta nokre fag på vidaregåande som kan hende ledar fram til eit fagbrev, då er det kjekt med pengar på kontoen så ein kan overleve som tjueåring utan å måtte bli forsørga av mamma, slekt og vener. I tillegg til deltidsjobben, sjølvsagt. Kva hadde eg vel gjort utan den? Ja, gjett. Eg hadde ikkje overlevd lenge på skulebenken uten den deltidsjobben, skal eg seie deg. For du, kjære Lånekasse, uansett kor bra det var meint at du skulle bli, har sidan slutten av august bevist for meg kor utruleg dårleg det står til. Byrjar du å bli gammal og utdatert? Er det kanskje løysinger i det systemet du er – som ikkje funker?

Du presterar å svare omtrent dette i det fyrste svaret eg fekk på søknaden min om lån og stipend:

Du får ingenting. Bustadsadressa di er feil.

Eg hadde gløymt å oppgi at eg ikkje lenger bur med foreldra mine. Det har eg ikkje gjort sidan eg var seksten. Neivel. I tillegg kom beskjeden i posten, med svart skrift på kvitt papir, med eit fullstendig uleselig språk. Eg måtte ringe deg og høyre kva du eigentleg meinte. Og sitje eit kvarter i telefonkø.

Jaujau, tenkte eg. Då får eg vel berre søke på nytt då. Det gjorde eg, og venta i vekesvis i spenning. Og vekesvis ja, det kan eg love deg, når det var hamdsamingstid på åtte veker. Eg fekk til slutt svar, og kunne med glede lese at fyrste utbetaling kom til å vere på bortimot atten tusen. «Hurra», tenkte eg. «Eg er rik! Eg kan legge framtidsplanar! Eg treng ny jakke! Eg kan ete noko anna enn brødskiver til middag kvar dag!». Og eg venta tolmodig på pengane som aldri kom. Eg venta og eg venta.

I går fekk eg eit brev i posten frå deg, Lånekassen. Der stod det, sjølvsagt utforma sånn at eg ikkje skjønte kva du meinte, at du hadde motteke eit brev frå meg 24.oktober, at søknaden min var behandla på nytt og at eg kunne hente gjeldsbrevet på skulen om ei til to veker. Eg ringte deg i dag og fekk snakke med ein kundebehandlar som på kav bergensdialekt kunne forklare at jaudå, dei hadde motteke brev frå skulen som forklarte at eg berre var deltidselev – og at eg difor ikkje hadde rett på dei pengane eg i utgangspunktet skulle få. Så eg fekk fjorten tusen i staden for tjueein, slik det stod i det forrige brevet.

Eg heldt på å byrja å grina. I morgon er det femtande november. Halve skuleåret har snart gått, og eg lurar på korleis ein klarar å rote så mykje med ting. Eller, ikkje med ting, med FOLK. For det er folk denne treigheten går utover. Eg har heldigvis hatt flaks. Eg har hatt deltidsjobb, eg har hatt foreldre som har hjulpet meg gjennom dei vanskeligste tidene, og eg verken røyker eller snuser. Men eg er framleis tjue år og skal liksom klare meg sjølv snart. Og korleis skal ein klare det når det systemet som skal gje vidaregåande elevar og andre studentar noko å leve av, sidan utdanning liksom skal vere gratis i Noreg, ikkje fungerar i praksis? Og korleis skal ein klara seg sjølv når ein ikkje får innvilga lån sidan foreldra mine har for god råd? Skal dei fø på meg til eg blir førti?

Eg veit ikkje eg, Lånekassen, men det er noko som ikkje stemmer heilt med deg. Du er gull verdt for folk som bur heime, som blir forsørga av foreldra sine og for dei med god råd og oppsparte midlar. Men kva med oss andre? Har ikkje vi like stor rett på ei utdanning som alle andre? Kva er det eigentleg som skjer?

Oppgitt helsing
Vidaregåande elev – langt heimefrå

Sommarhits til neste år

21/10/2008 § Éin kommentar

Snart er det midt på natta og eg er sjuk og søvnlaus. Ute blæs og regnar det, som alltid. Så kva er då betre å gjere på enn å skrive ein ny sommarhit? Ein sommarhit som kan få alle til å kjenne seg litt varmare (med mindre ein har feber, som eg mistenkar at eg har), lukkelege og solbrune. Det er det eg skal skrive no. Og den må sjølvsagt vere ekstremt samfunnskritisk og revolusjonær, men samstundes veldig fengande og umogleg å unngå.

Eg kan jo til dømes skrive ein låt om finanskrisa. Då ville refrenget mest sannsynleg blitt sjåande slik ut:

Gløym alle tankar om den teite finanskrisa
vil du ikkje heller vere med å spise is’a

Eller eg kan skrive ein låt om kvinneundertrykking:

Slepp kroppen din laus uansett korleis han ser ut
Ikkje bry deg om å gjere deg til for ein gut
Nyt varmen og sola mens det gjeng an
la oss late som det er likskap mellom kvinne og mann

Eller.. kva med ein hit om miljøet! Kva trur de?:

Graset er grønt og sola ho er bli
og du må nyte verda så lenge ho er di
Trekk pusten no og kjenn at lufta er rein
Og spring rundt med kjole og bare bein

Sukk. Det ser ikkje ut til at det blir noko meir samanhengjande frå denne kanten i kveld. Men du kan jo finne på dine eigne melodiar og nynne deg gjennom hausten og vinteren.

Så lovar eg at neste innlegg skal vera litt meir analytisk, litt meir politisk og litt betre formulert. Og det kan jo bety så mangt.

Blodbad på børsen

06/10/2008 § 2 kommentarar

No er det krise i kapitalismen igjen. Børsane detter om og vi er allerede lei bilete av menn i dress med tårer i augene. Det er merkeleg, det der, at ein aldri lærar at dette systemet lyt gå til helsike kva gong det går oppover. Altså, på ein måte.

Eg skal uansett ikkje kjede deg med min utruleg djupe innsikt i kva som forårsakar krisa. Alle dei store avisene kappast no om å finne på dei beste overskriftene og bileta for å illustrere situasjonen, og no som det verkeleg går på dunken er det ikkje dei mest kreative resultata. Tidlegare har vi sett både

«Krisa som ryster finansverdenen«,

«Norges Bank er ikke forberedt»

og så vidare. No rekk ikkje journalistane å brainstorme litt ein gong over kaffikoppen før dei må oppdatere nettutgåva av avisa, og resultatet blir deretter. Men som alltid er det ein som skillar seg ut. Berre sjå her på dette kunststykket frå e24.no;

Første skuledag

18/08/2008 § 3 kommentarar

Eg har byrja på VG1 Bygg- og anleggsteknikk på Årstad. Dette er kva første skuledag har gitt meg (med kommentarar i kursiv):

Eit årstrinn med 105 elevar, derav seks jenter.
Eg høyrde ei historie om ei jente som gjekk med skjørt på første skuledag på byggfag på Årstad. Ho hadde visst blitt seksuelt trakassert.


Eit laminert kort med ordensreglementet til skulen min til å ha i sekken.

«Hm… eg lurar på om mobbing er lov? Eller om det er lov å ha med seg våpen? Vent, eg kan jo berre sjekke reglementet eg har i sekken! For eit bra tiltak!»

Ein klasse kor den eine fyren skal delta i VM i handbak.
Og han likte å skru i garasjen.


Ei klokkeklar overtyding om at den norske skulen ikkje er gratis. Sjøl om det står i loven at den er det.

Kan nevne at vi faktisk må betale for skolebeviset. Kva i HELSIKE?

Eit behov for vernesko.
Jau, eg må kjøpe dei sjølv.

Og teiknebrett.
Ditto.

Noko å gjere på kvar dag.
Eg må faktisk byrja å stå opp før tolv. Oh lord.

Eit nærmare forhold til «It’s learning».
Piss meg i øyret. Itsbørning.


Ein fullstendig gratis PC.

Ein fullstendig gratis PC eg må betale 1000 kroner for å ha i eit år, for så å betale 500 for å få beholde den resten av livet. Whatevskies, eg får sikkert bruk for den.

Ellers gleder eg meg faktisk til å byrje på skulen på skikkeleg. Sjølv om det ikkje høyrest sånn ut!

Where Am I?

You are currently browsing the Politikz category at Lunemanns leikegrind.