Lunemann introduserar: Klein veke!

18/10/2010 § 5 kommentarar

Denne veka er det KLEIN VEKE her i leikegrinda! Kvar dag kjem det eit nytt og kleint innlegg om ein ny og klein ting eller hending. Og viss du ikkje har peiling på kva ordet klein betyr, så står dette i nynorskordboka:

klein a1 (lty kleine, klêne «tynn, fin»)
1 veik, sjukleg, klen (2) bli k-
2 dårleg, skrøpeleg, i dårleg stand, klen (2) ein k- farkost / k-t arbeid / k-t gjort dårleg gjort, simpelt

For meg er det eit uttrykk som eg vokabulært adopterte då eg flytta sørigjenna. Lik det eller ikkje, kleint er det uansett. Og kleint som i flaut, lite teit ass, ubehagelig stemning, eks møtar ny kjærast, svigerforeldra dine er nakne, etc. Du får ein emmen smak i munnen og vil mykje heller plukke sigarettsneipar frå golvet på ein uteplass. Og då trur eg vi har begrepet på plass hos dei fleste. Eller må du ha det inn med teskei? Då kan du sende ei teskei til meg (adressa står i telefonkatalogen) så skal eg forklare det på nytt.

Men vekk frå mine ekstreme pedagogiske evnar; her er dagens kleine greie. Du har kanskje høyrt om det amerikanske bandet Extreme (som du kan lese kjempemasse spanande om her, hehe). Dei hadde suksess med ca to låtar. Den eine heiter Get the funk out og er relativt lite spanande. Men den du skal få sjå her har eit eige kapittel i boka om kleinheit. Eg høyrte den på Radio Noreg for ei stund sidan og holdt på dette ned frå stillaset. Eg høyrte nemleg nøye etter på teksten. I byrjinga kan låta virke veldig søt og romantisk, men i omtrent tredje verset går dei amok. Denne låta er eigentleg ein måte å lure kjærasten sin til sengs på. Berre høyr på dette:

Etter å ha lest teksten på nytt så har eg ombestemt meg. Det er berre tittelen og den søte gitarspelinga i byrjinga som er koseleg. Heile sangen handlar eigentleg om å lure nokon til å ligge med deg, og byrjinga er sjarmøretappen kor du latar som du er sååå interessert i hesten til din utkåra fjortenåring. Dette er neste steg, ho er blitt forelska og vil ikkje såre deg for alt i verda:

What would you do if my heart was torn in two
More than words to show you feel
That your love for me is real
What would you say if I took those words away
Then you couldn’t make things new
Just by saying I love you

Åååå, sjølvsagt ikkje. Og når du ser sånn ut er det jo enda vanskelegare å sei nei:

Rockebandet Extreme.

Neste steg er å komme med konkrete forslag. Og Extreme-gutane vil ikkje ein gong pakke det inn i fine ord, dei går rett på:

Now I’ve tried to talk to you and make you understand
All you have to do is close your eyes
And just reach out your hands and touch me
Hold me close don’t ever let me go
More than words is all I ever needed you to show
Then you wouldn’t have to say that you love me
Cos I’d already know

Herregud. Du vann!

 

Oppsummering: Dødsklein tekst. Videoen er like bra. Eg får spesielt gåsehud av den kastinga med håret og den veldig sensuelle måten å bevege leppene på når dei syng. Denne videoen er denne vekas Hanne Nabintu Herland. Berre at Extreme ikkje utgjer nokon reell fare for demokrati og sånn. Eller vent litt, gjer Nabintu det…?

 

Eg håpar de er nøgde og at de sei i frå dersom de har meir kleint å dele med meg. I morgon blir det kanskje noko betre. Spørs på kva måte det blir betre…

 

Takk for i dag.

Steinhardt!

12/10/2010 § Kommenter innlegget

Raga Rockers – Full tank

Hvis du vil ha drømmer
Ta en tur på kino
Hvis du vil ha penger
Gå i en bank
Men hvis du vil ha kjærlighet
Gå ikke lenger
Jeg har det du trenger
Full tank

Uhu uhu

Det finnes ingen lov
Som hjelper mot begjær
Vil ikke være grov
Det bare slik det er
Jeg går på rov
Sitter oppe i trær
Stirrer ned på deg
Når du går under meg

Uhu uhu

Jeg skal bli din konge
Hvis du vil bli min dronning
Jeg skal bade deg i melk
Og gni deg inn med honning
Så skal jeg slikke deg ren
Fordi du er så pen

Uhu uhu

 

Berre ein av mange, mange, mange gode Ragalåter. Kom ut på plata Raga Rockers i år 2000. Raga Rockers er det einaste bandet i verda som gjer ut album kor eg likar absolutt alle songane. Mitt norske favorittband. Nokon sinne. Mamma likar dei og.

 

Og så over til noko som kan virke like hardt og tøft som Raga;

 

Brick Worker - August Sander

 

 

Dette biletet av ein murar er teke av August Sander. Han var ein tysk portrettfotograf, son av ein tømrar og tidlegare gruvearbeidar frå Herdorf. Biletet er med i samlinga Face of our time frå 1929.

Sonen til Sander var med i eit sosialistisk parti i mellomkrigstida i Tyskland og blei dømt til 10 års fengsel i 1934. Han døydde der i 1944. Sander sjølv var med i ei gruppe av progressive kunstnarar og under krigen øydela nazistane mykje av bileta hass. Ein kunstnar som ville skildre samfunnet – og forskjellane i det – med portrettane sine.

Dette er kanskje det finaste biletet han tok. Blikket til muraren er hardt som stein. Ein må vere det for å løfte så tungt.

Some people say a man is made outta mud
A poor man’s made outta muscle and blood…

Klær, Kaktuz og korrupsjon

09/10/2010 § Éin kommentar

 

Ellers kan du jo kose deg med denne:

 

P.S: Eg har lest i mange bloggar at det er lurt å ha eit spørsmål på slutten sånn at lesarane følar seg litt meir inkludert og sånn. Så mitt spørsmål i dag er;

Eg fekk ein Statoil-kopp av eit firma som leverar material til oss på jobb. Bør eg føre den på sjølvangivelsen berre for å vere sikker på at det ikkje kjem store presseoppslag om korrupsjon når eg til neste år kjem inn i kommunestyret på Stord? Kva trur du?

Ting du ikkje trudde du trengte å vite om musikk, del 2

21/09/2010 § Kommenter innlegget

Eg har forlova meg. Eg lovte dykk ei ny spalte som skulle handle om daue folk som er digge eller som har gjort digge ting. Men eg ombestemte meg i siste liten. I staden vil eg ta for meg ukas urørt på Petre. Bandet er frå Sogndal (som forresten ligg i favorittfylket mitt, meir om det seinare!) og kallar seg Tyyl!. Tyl (visstnok rette stavemåten) tyder noko sånt som tulling eller «arbeidssom trell». Anywatskies, dei syng på dialekt og har ei låt som går på Petre denne veka. Eg er generelt fan av vestlandsrock og fan av fjonge, dansbare melodiar. I den låta dei får spelt klarar dei å kombinere begge delar. Berre høyr her:

Eg digger vokalen i denne låta. Det einaste eg ikkje liker er at det kan vere vanskeleg å høyre kva han syng. Det er ein tendens som går igjen på dei andre songane på albumet «Ber bør». Og det er ikkje vanskeleg å skjønne kvifor denne låta blei valt ut som radiolåt. Den er fengande og mest pop. Men eg liker det! Kjempegodt! Og teksten er sexy og kul.

Eit anna band eg har blitt litt opphengt i i det siste (mykje av dei same grunnane; vestlandet, dialekt, dansbart, digg tekst) er Tôg. Denne låta har blitt spelt på Petre nokre veker no:

Har høyrt VELDIG mykje på den i det siste og byrjar å bli bittelitt lei. Så eg håper det kjem meir frå stavangerbandet snart! Og noko som er litt artig med dei er at Tôg også er eit vestlandsord. Det tyder visst tulling eller idiot. Lurar på kor tid nokon skal lage eit band og kalle seg Belsen eller noko slikt. For dei som ikkje veit det så tyder det senga på årvikdialekt. Ja, det er heimbygda mi.

Har du tips til fleire kule vestlandsband eg kan sjekke ut? Slao deg laus i kommentarfeltet!

Songen om Strilekrigen

08/09/2010 § 2 kommentarar

Ein ganske bra song skriven av Rolf Sagen i 1974. Songen handlar om Strilekrigen i Hordaland i 1765. Kjem tilbake med meir når eg gidd. Adios, strilos!

Høyre song frå nakne øyar, trange sund
der fjordar skjer seg inn
Mest stein
Mest alltid vind

Å strila, er å slite hardt i båt
og strilar vert dei ennå kalla
dei som bur her no
Ein gong i hardare tider
synte dei styrken sin:

To år på rad sto kornet utan kjernar
Det var i året 1765 og prestane
talde små kister som vekslepengar
Då var det Ahlefeld, kongens rådgjevar
fekk ein idé: Ein ekstra skatt
som sterkt aukar innkomma til staten
For det er dyrt for Fredrik
å halda så stor hær i Holstein
og så stort hoff a la Versailles

lensmann panta og fattigfolk gret
for siste kua. Men futen Bildsøe
i Bergens Stift såg ned i sine bøker
og tenkte som han hadde lært:
Mjukt oppover
Hardt nedover

Så sende han herfolk ut
Tok grytene frå dei
som ingen ting hadde å koke
og båtane frå dei
som ingen tufter hadde til lands
Frå ei enkje tok dei
det ho ikkje hadde mist:
Husbondens klede

Strilane sat på minste jorda
for høgste bygsel
Fisket slo feil
og prisen på såkorn stein fort
Hærmenner tok det siste dei hadde: Tolmodet

Markene ennå gule, våte
Restar av snøen langs gardar av stein
Færingar kryssar fjordar
Skinnkledde karar ror sunda
Bodsetlar gå frå hand til hand
Folk er i rørsle –

Dagen er 17. april
Om morgonen kjem dei
– fram or mørkret
Om dagen kjem dei
– flokkar gjennom skog
Om kvelden kjem dei
– siglar og ror
Seksringar mot Bergen
Koftekledde i tusental
No kjem dei, strilane
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Fyller gatene
fyller husa
der folk bur trangt
Eit sterkt språk rår
i skjenkestovene
I natt er det vake
og rørsle i gatene
Rusen stig –

Dagen er 18. april
Om morgonen står ein grimut masse
ved stiftsamtmannens hus
Fiskarbønder og småfolk frå byen
Borgarsonen Jackum de Lange står der
Skoflikkar Bertramsen frå Kalfaret står der
i gardens uniform. Ola Svindahl
frå Lindås og Johannes Sletten
frå Radøy
I rettsprotokollane står dei

Sjølvbedde tek dei seg inn
i amtmannens hus. Og samtalen
blir ikkje lang. For hundre års harme
tar orda og husherren triv til korden –
Då riv dei hatt og parykk av
stiftsamtmann von Cicignon
slit kleda hans isunder
og trakkar på hans ordensband

Dei fanga futen
og heldt han i arrest
– Den bondeplagaren, han er ikkje
lenger ei kalvaskinn verdt!

Amtmannen førde dei fram
for ein oppøst masse
Redd og fortumla
lovar han meir enn dei krev: Skatten

blir å betale attende
til kvar og ein
For den dagen hadde folket makta i Bergen
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
fattigfolk frå smauene

Borgarskapet i byen ropte på orden og vern
Men borgarmeisteren smilte nervøst
og sa: To kompani med væpna bønder
ja, strilar
er det vi har –

Strilane hadde samla folk
og synt makt
Ord for om landet
og femten hundre oppreiste
bønder i Ryfylke forsto
kvifor dei mektige
høyrde betre etter no
Og sogningar møtte på tinget
med kvesste øksar
Så vart talen klårare
Romsdølene jaga futen som ein hare
og den tyskfødde generalen
von Schmettov sa: Det er grunn til
å tvile på truskapen til det norske folket
Men Trond Lauprak sør i Dalane sa:
– Fredrik er konge i Danmark. Eg
er konge i Bjerkrei!

Folk reiser seg
og undertrykkaren skjelv
ein dag eller to
Gir sumt attende av det han tok
Mutar folket
Makta og retten blir hos
dei som eig tankane og orda

– – –

Det var strilefolket
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Dei kom sterke og tok ein by
Så rodde dei heim

– – –

Sidan kom orloskip
med kanoner på rekke og rad
Festningens murar og
portar vart sette i stand
Ny ammunisjon bar dei fram. Og
kongen
forordna i hast ein paragraf:
Dødsstraff for folk
som kallar saman folk!

Men borgarskapet i Bergen heldt
ein strålande fest, «Under
Kanoners Løsning og Musicalsk Konsert.»

Jævla rasistsvin!

29/08/2010 § 3 kommentarar

Ja, du ja. Skapar frykt og fordommar mot vanlege folk som kjem til Noreg fordi vi er i landet deira og bombar for fred. Du har ikkje peiling, du har ikkje beina på jorda i det heile tatt, du sitt på den jævla vestkanten og trur at alle muslimar er terroristar. DU er ei fare for landet. DU skapar frykt og får folk til å føle seg utrygge. Det er sånne som deg og dei skitne kapitalistvenane dine som øydelegg for vanlege folk ved å tene seg rike på arbeidet som VI gjer. De sitt på toppen av samfunnet og kastar drit på folk som tilfeldigvis ikkje et svinekjøt eller drikk alkohol.

Venane dine er berre opptekne av å tene mest mogleg pengar på kortast mogleg tid. De ser berre profitt. De drit i kva vanlege folk meiner. Vanlege folk i Noreg har ikkje makt og dette demokratiet er noko piss. Det er på tide at folk sluttar å bry seg om kva religion ein har og heller tar raseriet ut på dei som sit på toppen av samfunnet og tenar seg feite på vanlege og ærlege folks arbeid. Vi skal snu heile dette dritsystemet på hovudet – og DÅ kan du vere redd!

For å seie det med Ebba Grön:

Sida vid sida, tillsammans hjälps dom åt
staten och kapitalet, dom sitter i samma båt
fast det är inte dom som ror, som ror så svetten lackar
och piskan som kittlar, kittlar inte heller
deras feta nackar.

No er det helg

28/08/2010 § Éin kommentar

Eg og brodern sit i kvar vår sofa og gjer ingenting. Vi åt frukost og hugsa tilbake til frukostane hos mormor og morfar på Sunnmøre. Ingenting er som før.

Ingenting har også ein låt som som handlar om damer og det er denne:

Berre for å få opp helgestemninga liksom. I kveld skal eg drikke pils!

Hei

23/08/2010 § Éin kommentar

Som alltid har det skjedd mye sidan sist.

Eg har fått læreplass. Eg har blitt singel. Eg har blitt brun. Eg har komme på masse nye dårlege vitsar. Eg har vore på ein biltur kor vi presterte å køyre over ein rev. Eg har vore på sumarleir og hatt Ebba Wergeland på nært hold. Eg har flytta og bur no tre minutt unna stranda. Eg har drukke fersk kumelk og elska det. Eg har byrja å like meg sjølv litt betre.

Eg har fått eit nytt yndlingsdyr:

Hengt ein del med blant anna desse to:

Høyrt ein del på denne karen:

Også vurderar eg å melde meg på eit slags standup-kurs. Om eg finn eit. Trur de det er ein god idè?

(Dårleg vits: Kvifor svømte den dyslektiske kongen baklengs? Fordi han trudde han var ein del av kongereka.)

(Bileta i denne posten, bortsett frå moskusen (trur eg), er teke av Eline L. Fjæren. Ho er som de ser ein dyktig fotograf OG – ikkje minst – heilt sinnsykt god til å synge. Herreminhatt.)

Sjå, ho pustar!

16/06/2010 § 2 kommentarar

Å blogge er ikkje det same lenger. Før var det spanande og artig å lese alle bloggane som dukka opp, no er det som om alle har hengt undertøyet sitt (både nytt og brukt) ut sånn at alle skal få sjå. Det er ikkje morsomt lenger. Ikkje for at eg sjølv ikkje har vore særs utleverande i min blogg, eg har jo skrive om å både vere innlagt på galehus og det å bli utsett for seksuelle overgrep. Og ikkje at eg treng å lese alle bloggar som alle rundt meg har, men du veit. Innimellom dukkar det opp noko bra (undertøy?) som er verdt å følge. Resten er berre bambus!

Apropos bambus. I går var eg på den siste treninga før sommaren. Då fekk vi prøve oss med stokkar…av bambus. Det var kjekt å denge laus utan at motstandaren fekk ondt (fordi vi skulle treffe stokkane og ikkje kvarandre). Kanskje eg blir skikkeleg flink til det etterkvart? Den stilen vi trente på heiter Kali Sikaran og kjem frå Filipinane. Det er kjekt å trene når vi får prøvd så mykje forskjellig! Vi trener også ein del judo, og eg er etterkvart blitt ganske god på til dømmes dette kastet som heiter Ippon seoi nage.

Ellers kan eg jo friste med tre songar som gjer meg i godt humør for tida:

Denne låta er så utruleg kul, og bandet er heilt genialt! Den er introlåta til ein HBO-serie som heiter Hung og er utruleg funky og dansbar på ein sexy måte.

Kva kan eg sei? Barndommens favorittmusikk og ein fantastisk beskrivelse av norsk arbeiderklassekultur. Eg har endeleg kommen ut av Åge-skapet. Ja, eg liker Åge! Det er så kult at det går an å skrive ein så bra tekst om noko så vanleg. Også minnar den meg om min eige oppvekst. Reint pizzamessig.

Herregud. Sjå på dette. Dette er kunst. Røysta til denne mannen og teksten passar utruleg bra ilag. Eg elskar denne låta!

Til slutt vil eg ikkje love noko neste innlegg, for kva veit eg, det kan gå både tre og fire månader til neste. Snart treng denne bloggen kunstig åndedrett. Sneiks!

Ting du ikkje trudde du trengte å vite om musikk, post 1

24/09/2009 § 7 kommentarar

No er det lenge sidan eg har blogga på gøy og ikkje fordi eg må. Sidan sist har eg:

Stortinget tak…IKKJE kommen inn på Stortinget. Kanskje like greitt?

n866945220_5418056_6574…blitt sambuar med denne kjekke karen her!

5533_145536443759_570603759_3459272_4713526_n…og vore på interrail med dette fantastiske mennesket!

Også vil eg skrive noko om musikk. Då eg var omtrent 16 år betydde stjerneteikn musikksmak mykje for meg når det gjaldt mitt utval av vener. Høyrte du på Maiden eller Nightwish måtte du vere ein idiot eller eit dårleg menneske. Det same gjaldt forøvreg folk som røysta på FrP. No veit eg at begge deler er feil og ganske tåpelege utslag av ei eller anna tidleg identitetskrise. Men til tross for det hadde eg få vener med same musikksmak som meg. Men nokon var det jo. Mi gode gamle venninne Heidi og eg delte ein fascinasjon for sikkerhetsnåler (å herregud, kva heiter dei på nynorsk? Tryggleiksnål? Hahaha!) vilkårleg festa i kledene våre, jakkemerke med pønkbandlogos og Sex Pistols (Eg var ganske stolt over å byrje i den enden når det gjaldt pønk – Green Day blei aldri heilt mi greie). Vi pleide også å gå på konsert med eit lokalt pønkeband i Tromsø. Eg hugsar ikkje kva dei heitte (noko med loff), men eg hugsar at Heidi var veldig forelska i vokalisten. Korriger meg gjerne på dette punktet.

Anywayz. Idag er eg ikkje like fanatisk oppteken av å høyre på den riktige musikken. Eg var faktisk på Maidenkonsert i fjor sommar. Dei er framleis ikkje favorittbandet mitt, men eg gjer litt meir faen. Eg har ikkje det same forholdet til sjangrar lengre, sjølv om platesamlinga mi er nøye sortert etter m.a. «grunnleggjande musikksmak» (Beatles & Zeppelin) og «halvkul poprock eg sjeldan høyrar på» (Bo Kaspers Orkester & Mika). Men interessen og kunnskapen er der, og kvifor ikkje då dele den med dei tusen lesarane som dagleg tek turen innom bloggen min (…)?

Og her kjem ei litt artig historie om han som sang den derre American Pie. Nemleg Don McLean. Han lagde ei anna, litt mindre kjent låt som eg har forelska meg litt i:

Don McLean skreiv denne songen etter å ha lest ei bok om Vincent Van Gogh. Han blei fullstendig oppslukt, ikkje berre av biletet, men også av sjølve kunstnaren. Songen heiter jo også «Vincent». McLean dedikerte faktisk eit heilt album til van Goghs kunstverk. Albumet fekk tittelen «Starry Night» – etter biletet under.

6a00d834ff890853ef01127916af3528a4-450wi

Ei dame som heitte Lori Lieberman såg Don McLean på scenen under ein konsert kor han framførte blant anna «Vincent». Ho blei reint betatt, noko eg godt kan forstå, for sangen er jo nydeleg. Ho blei så fascinert av fyren og sangen at ho skreiv eit dikt med tittelen «Killing me softly with his song». Og dette er jo mange år sidan, vi må heilt tilbake til 1971. Ho spelte den inn, uten særleg suksess. Men soulsangerinna Roberta Flack gjorde ein ny versjon i 1973 som blei heilt fantastisk fin!

Og med dette seier eg god natt og god kveld. I neste post skal eg avsløre kva Neil Young og Lynyrd Skynyrd EIGENTLEG har med kvarandre å gjere!

Where Am I?

You are currently browsing the Musikk category at Lunemanns leikegrind.