Ting du ikkje trudde du trengte å vite om musikk, post 1

24/09/2009 § 7 kommentarar

No er det lenge sidan eg har blogga på gøy og ikkje fordi eg må. Sidan sist har eg:

Stortinget tak…IKKJE kommen inn på Stortinget. Kanskje like greitt?

n866945220_5418056_6574…blitt sambuar med denne kjekke karen her!

5533_145536443759_570603759_3459272_4713526_n…og vore på interrail med dette fantastiske mennesket!

Også vil eg skrive noko om musikk. Då eg var omtrent 16 år betydde stjerneteikn musikksmak mykje for meg når det gjaldt mitt utval av vener. Høyrte du på Maiden eller Nightwish måtte du vere ein idiot eller eit dårleg menneske. Det same gjaldt forøvreg folk som røysta på FrP. No veit eg at begge deler er feil og ganske tåpelege utslag av ei eller anna tidleg identitetskrise. Men til tross for det hadde eg få vener med same musikksmak som meg. Men nokon var det jo. Mi gode gamle venninne Heidi og eg delte ein fascinasjon for sikkerhetsnåler (å herregud, kva heiter dei på nynorsk? Tryggleiksnål? Hahaha!) vilkårleg festa i kledene våre, jakkemerke med pønkbandlogos og Sex Pistols (Eg var ganske stolt over å byrje i den enden når det gjaldt pønk – Green Day blei aldri heilt mi greie). Vi pleide også å gå på konsert med eit lokalt pønkeband i Tromsø. Eg hugsar ikkje kva dei heitte (noko med loff), men eg hugsar at Heidi var veldig forelska i vokalisten. Korriger meg gjerne på dette punktet.

Anywayz. Idag er eg ikkje like fanatisk oppteken av å høyre på den riktige musikken. Eg var faktisk på Maidenkonsert i fjor sommar. Dei er framleis ikkje favorittbandet mitt, men eg gjer litt meir faen. Eg har ikkje det same forholdet til sjangrar lengre, sjølv om platesamlinga mi er nøye sortert etter m.a. «grunnleggjande musikksmak» (Beatles & Zeppelin) og «halvkul poprock eg sjeldan høyrar på» (Bo Kaspers Orkester & Mika). Men interessen og kunnskapen er der, og kvifor ikkje då dele den med dei tusen lesarane som dagleg tek turen innom bloggen min (…)?

Og her kjem ei litt artig historie om han som sang den derre American Pie. Nemleg Don McLean. Han lagde ei anna, litt mindre kjent låt som eg har forelska meg litt i:

Don McLean skreiv denne songen etter å ha lest ei bok om Vincent Van Gogh. Han blei fullstendig oppslukt, ikkje berre av biletet, men også av sjølve kunstnaren. Songen heiter jo også «Vincent». McLean dedikerte faktisk eit heilt album til van Goghs kunstverk. Albumet fekk tittelen «Starry Night» – etter biletet under.

6a00d834ff890853ef01127916af3528a4-450wi

Ei dame som heitte Lori Lieberman såg Don McLean på scenen under ein konsert kor han framførte blant anna «Vincent». Ho blei reint betatt, noko eg godt kan forstå, for sangen er jo nydeleg. Ho blei så fascinert av fyren og sangen at ho skreiv eit dikt med tittelen «Killing me softly with his song». Og dette er jo mange år sidan, vi må heilt tilbake til 1971. Ho spelte den inn, uten særleg suksess. Men soulsangerinna Roberta Flack gjorde ein ny versjon i 1973 som blei heilt fantastisk fin!

Og med dette seier eg god natt og god kveld. I neste post skal eg avsløre kva Neil Young og Lynyrd Skynyrd EIGENTLEG har med kvarandre å gjere!

Søringsangen

18/01/2009 § 4 kommentarar

Denne sangen er skrive til ære for venninna mi, og handlar om den plagsomme søringen som la an på ho då vi budde på Bardufoss og flørta med soldatane der.

 

Kanke jeg få en klem a»

Bare en til a»

vær så snill a»

Kom igjen a»

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

 

Kanke jeg få en kos a»

Ikke vær så kjip a»

Kom igjen a»

Du er jo så søt a»

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

 

Kanke jeg få et kyss a»

Bare ett a»

Kom igjen a»

Du er så nais a»

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Leik og moro i Asker og Blærum

12/12/2008 § 4 kommentarar

Åh, eg gler meg frykteleg til revolusjonen! Då skal Einar Fredrik Åke få så hatten passar, det borgarlege svinet!

Eg hatar alle som speler tennis

12/12/2008 § 5 kommentarar

Du treng ikkje vere stygg

Du treng ikkje vere stygg

Du treng ikkje vere stygg for å spele tennis

Men du er det likevel


 

Du treng ikkje ha sleik

Du treng ikkje ha sleik

Du treng ikkje ha sleik for å spele tennis

Men du har det likevel


 

Du treng ikkje stemme Høgre

Du treng ikkje stemme Høgre

Du treng ikkje stemme Høgre for å spele tennis

Men du gjer det likevel


 

Du treng ikkje vere redd

Du treng ikkje vere redd

Du treng ikkje vere redd for revolusjonen –  fordi du speler tennis

Men du er det likevel

POETRY NIGHT!

27/10/2008 § 4 kommentarar

Sjå her alle saman! Eg har funne eit dikt frå i fjor eg vil dele med dykk, frå den gong eg skreiv bokmål. Diktet er udatert, men eg tippar det er frå byrjinga av november eller noko. Også er det på rim! Så surprisingly!

Undrevise for unge jenter

Jeg ligger i sengen og undrer
på håret på mine ben
hva er det vel med dem
som gjør meg mindre pen?

Jeg står i dusjen og undrer
på tyngden i mine bryst
hva er det vel med dem
som avgjør om mannen har lyst?

Jeg går rundt i byen og undrer
på damer i høyhælte sko
hva er det vel med dem
som gjør mannen blaut og mo?

Jeg skrur på TV-en og undrer
på damene på MTV
hva er det vel med dem
som gir meg lyst til å si:

Hvorfor pokker går jeg og undrer
på hva mannen egentlig vil?
Når jeg veit innerst inne
at det er nok å være til!

Sommarhits til neste år

21/10/2008 § Éin kommentar

Snart er det midt på natta og eg er sjuk og søvnlaus. Ute blæs og regnar det, som alltid. Så kva er då betre å gjere på enn å skrive ein ny sommarhit? Ein sommarhit som kan få alle til å kjenne seg litt varmare (med mindre ein har feber, som eg mistenkar at eg har), lukkelege og solbrune. Det er det eg skal skrive no. Og den må sjølvsagt vere ekstremt samfunnskritisk og revolusjonær, men samstundes veldig fengande og umogleg å unngå.

Eg kan jo til dømes skrive ein låt om finanskrisa. Då ville refrenget mest sannsynleg blitt sjåande slik ut:

Gløym alle tankar om den teite finanskrisa
vil du ikkje heller vere med å spise is’a

Eller eg kan skrive ein låt om kvinneundertrykking:

Slepp kroppen din laus uansett korleis han ser ut
Ikkje bry deg om å gjere deg til for ein gut
Nyt varmen og sola mens det gjeng an
la oss late som det er likskap mellom kvinne og mann

Eller.. kva med ein hit om miljøet! Kva trur de?:

Graset er grønt og sola ho er bli
og du må nyte verda så lenge ho er di
Trekk pusten no og kjenn at lufta er rein
Og spring rundt med kjole og bare bein

Sukk. Det ser ikkje ut til at det blir noko meir samanhengjande frå denne kanten i kveld. Men du kan jo finne på dine eigne melodiar og nynne deg gjennom hausten og vinteren.

Så lovar eg at neste innlegg skal vera litt meir analytisk, litt meir politisk og litt betre formulert. Og det kan jo bety så mangt.

Blodbad på børsen

06/10/2008 § 2 kommentarar

No er det krise i kapitalismen igjen. Børsane detter om og vi er allerede lei bilete av menn i dress med tårer i augene. Det er merkeleg, det der, at ein aldri lærar at dette systemet lyt gå til helsike kva gong det går oppover. Altså, på ein måte.

Eg skal uansett ikkje kjede deg med min utruleg djupe innsikt i kva som forårsakar krisa. Alle dei store avisene kappast no om å finne på dei beste overskriftene og bileta for å illustrere situasjonen, og no som det verkeleg går på dunken er det ikkje dei mest kreative resultata. Tidlegare har vi sett både

«Krisa som ryster finansverdenen«,

«Norges Bank er ikke forberedt»

og så vidare. No rekk ikkje journalistane å brainstorme litt ein gong over kaffikoppen før dei må oppdatere nettutgåva av avisa, og resultatet blir deretter. Men som alltid er det ein som skillar seg ut. Berre sjå her på dette kunststykket frå e24.no;

Ja, eg er klissete.

05/09/2008 § 2 kommentarar

Som dykk alle veit har eg verdas beste kjæreste. Han er høg og mørk, lagar verdas beste lasagne og liker å springe naken i skauen. Han er kommunist, ein ganske lur ein også, og sender blomer til meg sånn at eg blir mo i rana.
Han er målmann, kan ikkje lukeparkere (påstår han sjølv) og eiger en primus. Han held rundt meg når eg har det vanskeleg, har ingen problem med å vere med på festival og sykler til jobben. Han er kort sagt verdas beste mann å vere ilag med. På berre fire månader har han klart å bli ein eg planlegg livet mitt med, ein eg glatt reiser ti timar med buss i veka for å liggje inntil om natta, ein det berre blir betre og betre å vere ilag med…kort sagt, eg har aldri vore så forelska i nokon før. På ekte, liksom.

Og du veit når du får ein jævla bra overraskelse? Også får du noko som er enda betre? Det er litt sånn med Kjetil. Eg fekk nemleg denne (pluss ein sånn fin og god parfyme) i bursdagspresang av han:

Tyske ferieflørtar og andre skumle ting

07/08/2008 § Éin kommentar

Eit ordtak eg har bite meg merke i i det siste, er det velkjende og godt brukte (?) «Tyske ferieflørtar kjem aldri aleine». Eg har hatt ein del fritid denne sommaren, og har fulgt med på den grusomme «Arboga-tragedien». Og eg kan ikkje for det, men det kjem ei snikande kjensle og prikkar meg i nakken. Eg skal seia det beint fram:

Eg har hatt ein tysk ferieflørt. Eg har møtt ein mørk tyskar på ei strand i Danmark og ikkje følt noko særleg. Men kva veit vel eg om kva han følte? Kva faen veit eg om det? Kanskje han er der ute no, vonbroten og sint, med ei utriven dagbokside med ein sangtekst av Sissel Kyrkjebø i lomma? Eg kjenner eg blir litt nevrotisk av det her. Kanskje han har søkt seg studieplass ved høgskulen på Stord, berre for å komme nærmare. Kanskje han googlar namnet til både meg og kjærasten min akkurat no for tohundreogfjortande gong, og kanskje han har fødd mitt barn og adoptert det vekk…eller kanskje det berre er eg som har for mykje fritid.

Kanskje det hadde vore kjekt å treffe han igjen. Eg tenkte meg jo til Berlin i haustferien. Men eg veit ikkje om eg tør lenger. For som sagt, tyske ferieflørtar er noko ein skal passe seg for.

DEI ANDRE SKUMLE TINGA

På ein festival like utfor Bergen no i helga (eg vil ikkje sei kor, det her frikar meg totalt ut) blei eg psykisk antasta av eit såkalla klarsynt kvinnfolk frå det sentrale austlandet. Eg er inspirert av ein viss irriterande sommarhit (sommarslag? hæ?) når eg skal fortelje om denne dama. Og eg har tenkt å tene meg rik på den til neste år. Berre høyr;

Vi møttes på ein festival
Du smilte og lo men du var faen meg gal
Ville vite alt om kor eg vaks opp
visste ikkje når du skulle si stopp

Refr.: Yo gale synske dame/yo gale synske dame
Når du spår tipper eg du bommer
for eg ga deg feil faens nummer

Du strauk meg på kinnet og tok ikkje nei for et nei
hvis du va virkelig synsk ville du skjønt at eg va lei
Du sa du kunne se kor gammel sjela mi va
det eineste eg hørte va blablabla!

Refr.: Yo gale synske dame/yo gale synske dame
Når du spår tipper eg du bommer
for eg ga deg feil faens nummer

Neste års sommarhit, folkens. Eg berre seier det! 😀

Hos tannlegen

17/04/2008 § 3 kommentarar

…kan mykje rart skje. Eg har begynt å gå til ein student frå Sogn og Fjordane. Her om dagen var eg innom og fekk konstatert at eg hadde ei tann det ikkje var plakk i, og at eg har syreskadar (ikkje i hodet, din tulling.). Visst eg ikkje gjer noko med det vil tennene mine dette ut om femten-tjue år.

Den tid den sorg. Det eg eigentleg ville fortelje om var då eg hadde helst på tannlegen og han skulle intervjue meg om helsa mi og slike ting som er nyttige for sånne som han. Siste del av samtalen foregjekk omtrent slik:

Tannlegen: Har du nokon sjukdommar som kan ha betydning for behandlinga?
Meg: Næh.
Tannlegen: Har du nokon allergiar? Pollenallergi, til dømes?
Meg: Nei.
Tannlegen: Jamen..her står det jo… har du lateksallergi då? Det står her…
Meg: Eh…nei? Eg er frisk som ein fisk!
Tannlegen: Hmm…ja, ehm, hehe (nervøs latter), eg trur det her er feil mappe. Du heiter ikkje Marlene, vel?
Meg: Nei. Ikkje veldig.

Også tok han fram trykkluftboret sitt og gravde vekk litt tannstein frå innsida av kjeften min.

Where Am I?

You are currently browsing the Morosamt category at Lunemanns leikegrind.