Kommunikasjon på tvers av grenser og land
07/12/2010 § Kommenter innlegget
Får mye rare epostar frå utanlandske folk for tida. Nokon har til og med tatt seg bryet å skrive på norsk. Norsk med Google Translate-aksent.
Hei dame, skal jeg være glad for å diskutere med deg
Profilen din er veldig interessant, sjarmerende, og vennlig med et snev av originalitet
Jeg håper dere vil diskutere hva noen minutter
signert: en beundrer
Denne fekk eg frå ein viss Mr Bruce:
Trenger du lån? Hvis ja kontakte oss umiddelbart.
Dette er informere deg om at mr Anthony Bruce i Web Financial Access Firm tilbyr utlån til publikum.
Vi tilbyr lån fra 50,000.00 kroner til 100,000,000.00 kroner på en nedbetalingstid på 1 til 20 år.
Interesserte personer bør fylle ut søknadsskjemaet nedenfor;
Fullt navn:
Adresse:
Beløp Needed:
Varighet av lån:
Formål Lån:
Land:
Forstår du engelsk språk:
Telefonnummer:
Yrke:
Månedlig Inntekt:
Har du søkt om et lån før?
Vennlig hilsen
MR Bruce,
Manager.
Noko anna som desse to epostane har til felles er at dei er jo ganske gode tilbod. Kunne godt tenkt meg eit lån på 50,000.00 kroner til jul!
Forresten, pelshaters: Eg fekk forskot på arv i går. Ein jævla revepels frå veldig gamle dagar. Takk mamma.
Endring
21/11/2010 § Kommenter innlegget
Først: Tunge løft. Vanskeleg å nå opp. Ukjente begrep. Teknisk innsikt som ikkje finst. Er for liten.
Etterkvart: Teknikk. Eigne løysingar. Musklar. Lukta av sagspon er det beste som finst. Funksjonar ein oppdagar på eige hand. Innsjå at eg aldri blir to meter høg, men at eg kan gjere jobben min uansett.
Først: Ondt i ryggen. Slitne armar. Vond nakke. Tunge sko. Klær med feil passform. Pene nevar.
Etterkvart: Styrke. Sko og klede i rett storleik. Skitne nevar som minnar meg om pappa når eg vaskar dei etter arbeid. Arbeidsnevar, det er pappa det. Og no også meg.
Først: Rare blikk. Kva gjer du her, du er jo jente? Kommentarar ein ikkje klarar å svare på.
Etterkvart: Framleis rare blikk. Men også polakkar som seier «respekt» til meg når eg løftar tunge ting.
Først: Strebe etter eit skikkeleg kosthald. Dårleg samvit for ting ein unnar seg. Dårleg sjølvtillit. Misnøgd med kroppen min. Trenar for lite.
Etterkvart: Å ete fordi eg treng det. Å vere i fysisk aktivitet heile dagen, heile året. Ete ein sjokolade fordi eg har lyst. Kroppen er eit verkty som må haldast vedlike. Føle seg sterk, sunn og fin. Raude kinn.
Litt sånn byggebransjepropaganda på tampen av veka. Bli snekkar du også, jente!
Om å orientere seg i treningsjungelen
16/09/2010 § Éin kommentar
Eg har jo som kjent vore delvis sjukemeldt ei stund no på grunn av eit par jævlig betente (digresjon: Kan ein skrive betent på nynorsk? Skal ein ikkje ta vekk be-ein? Er armane mine tente?) armar. Ironisk nok har eg blogga sjeldent mykje i denne perioden. På godt og ondt. Godt for lesertala, ondt for handledda. Men whatevskies, det er på tide å sjå framover, tenke positivt, sjå ljoset i enden av tunnellen og så vidare. Og eg har fått beskjed om å trene meg sterk og tøff. Som doktoren sa; finne min eigen styrke. Eg lurar forresten på om akkurat det er ei medisinsk term.
Etter å ha nesten gugla meg ihel fann eg endeleg treningsforma som passar for meg. Det er verken yoga, zumba eller aerobic. Det er PILOTUS! Ja, du leste riktig. Pilotus er ein vel 150 år gamal treningsform utvikla av svensken Pontiac (tidl. Pär) Pilotus som freista lukka i Amerika rundt 1860. I staten Illinois skapte han ein treningsmetode for dei skandinaviske bondekvinnene som var busette der. Kvinnene hadde behov for ei allsidig treningsform som gjorde dei i stand til å stå i arbeid frå fire om mårran til ni om kvelden. Dei hadde behov for å vere superkvinner, og det har du og. Difor bør du prøve Pilotus! Då kan du bli den kvinna du alltid har drøymt om å vere!
I korte trekk handlar pilotusmetoden om å trene den hypofysiske kjernemuskulaturen. Ein set mykje fokus på søyleskoen nederst i ryggsøyla. Det er viktig at den er godt festa til ryggsøyla og dei bærande elementa i muskelkonstruksjonen. Eg tenkte å beskrive ein øvelse eg har brukt mykje. Den er ikkje så veldig komplisert berre du les litt mellom linjene!
Øvelse 1: Kom i utgongsposisjon – pilotusstillinga
Sett deg ned på golvet. Pass på å vere midt plassert på ei bjelke med begge låra på kvar side av c/c 60. Spre beina i ein 16 graders vinkel. Trekk pusten djupt. La armane dingle. Pust inn heilt til du kjenner at søyleskoen nederst i ryggsøyla treff bærebjelka du sit på. No kan du byrja å bore. Her er det viktig å ikkje miste konsentrasjonen om søyleskoen. Løft begge armane til dei ser ut som to motsatte L-ar. Slepp ut pusten i tre rykk. For kvar gong drar du overkroppen rundt i sirkel, så langt du klarar. Siste gong skal du ha komen heilt rundt. Gratulerar, du har no fullført pilotusstillinga for første gong!
Heilt seriøst, eg skal byrje å trene noko anna enn kampsport no. Men det er så sjukt flaut å skrive at eg skal kjøpe fitnessball.
Humørspredaren er no slått på
31/08/2010 § 4 kommentarar
Hadde det ikkje vore for at eg har skråtak i stova hadde eg gått på veggen. Å vere sjukemeldt er faktisk så kjedeleg at eg trur eg døyr. Eg blir litt nervøs av det. Men som den evige optimist (ha.ha.) finst det jo ting eg blir i godt humør av:
1. Å høyre på og drøyme om Cornelis Vreeswijk. Det gjer meg så ondt i hjartet at han er dau. Cornelis, å Cornelis, eg skulle ha anerkjent deg som kunstnar sjølv om alle andre berre ville høyre «Hönan Agda» når du spelte konsert. Sjølv om det var litt teit at du var konebankar og sånn. Og alkis. Men det passar ikkje inn i min draum om å bu i ein husbåt med deg.
2. Å draume om å banke nazipakk så mykje at dei ikkje er nazipakk lengre. Eg trur eg har vore for lenge i eit særs mannsdominert miljø. Eller kanskje eg berre er aggressiv og dritlei av snakk om dialog og piss. Nazistar fortener å få bank. Men det er jo eigentleg like greit at det ikkje er noko nazimiljø (som eg veit av) på Stord… Og til tross for mine smertefulle armar så hadde eg nok grust dei viss det plutseleg sto ein nazifaen i stova mi.
3. Å tenke på at eg kan bli rockestjerne når eg blir vaksen. Eg kan jo skrive halvbra tekstar. No treng eg berre ein gitar og nokon som anerkjenn røysta mi som genial og nyskapande. Eller noko sånt. Også er det jo greitt å kunne spele gitar, men det tenkte eg eigentleg at nokon andre kunne gjere. Uansett så skal bandet mitt bli like svært som The Rolling Stones og spele musikk som ikkje liknar på noko anna i heile verda. Og når folk spør kva eg blir inspirert av skal eg spytte og svare kjekt at «det einaste ein treng er nok drit. Har ein nok drit og ein kasse pils kan ein skrive tekstar om kva som helst.» Så skal dei drite i å spørje korleis eg føler at det at eg er kvinne har påvirka suksessen og om det er vanskeleg å kombinere kvinneliv med eit hardt turnèliv. Dette inngår altså IKKJE i draumen min om å vere rockestjerne.
4. Ferske brødskiver med makrell i tomatsalsa og varm te med mjølk. Det er det eg får til akkurat no. Så det skal eg nyte så godt eg kan.
Kva gjer du for å muntre deg sjølv opp? Det er forbode å svare roseblad i badekaret eller noko anna piss.
Hei
23/08/2010 § Éin kommentar
Som alltid har det skjedd mye sidan sist.
Eg har fått læreplass. Eg har blitt singel. Eg har blitt brun. Eg har komme på masse nye dårlege vitsar. Eg har vore på ein biltur kor vi presterte å køyre over ein rev. Eg har vore på sumarleir og hatt Ebba Wergeland på nært hold. Eg har flytta og bur no tre minutt unna stranda. Eg har drukke fersk kumelk og elska det. Eg har byrja å like meg sjølv litt betre.
Eg har fått eit nytt yndlingsdyr:
Hengt ein del med blant anna desse to:
Høyrt ein del på denne karen:
Også vurderar eg å melde meg på eit slags standup-kurs. Om eg finn eit. Trur de det er ein god idè?
(Dårleg vits: Kvifor svømte den dyslektiske kongen baklengs? Fordi han trudde han var ein del av kongereka.)
(Bileta i denne posten, bortsett frå moskusen (trur eg), er teke av Eline L. Fjæren. Ho er som de ser ein dyktig fotograf OG – ikkje minst – heilt sinnsykt god til å synge. Herreminhatt.)
Endeleg
17/06/2010 § Kommenter innlegget
Oi oi oi. Seks år er gått sidan eg for første gong begynte på vidaregåande skule. Då visste eg ikkje kva eg skulle bli. Kanskje skulle eg reise rundt med eit sirkus, kanskje skulle eg bli forfattar eller psykolog eller noko anna lurt. Eg skulle kanskje studere noko, det var liksom ein del av planen over Mitt Vaksne Liv.
Mykje har forandra seg sidan då, kan ein sei. Eg hadde det kjekt på medialinja og lærte masse. Eg hadde ein kjempefin klasse og har masse gode minner. Men draumen er ikkje lenger å «berre få vere kreativ og sånn», no er han definert og hogd ut til å bli det som er mitt neste mål: Fagbrev som tømrar. Det trudde ikkje eg, ikkje mamma, ikkje pappa og ingen andre då eg begynte på VG1 Bygg og anlegg hausten 2008. Men hey, eg står her eg, har nesten grodd skjegg etter to år på ei «gutelinje», og gler meg VELDIG til å begynne å jobbe og tene pengar. Det blir digg. Og når jobben kan vere så fin som min er i flekkane så blir det nesten for bra. Suck on that, kontorrotter!
Katt, skule og kampsport
28/03/2010 § 2 kommentarar
Eg har begynt å trene! Eg veit, det høyrest heilt merkeleg ut. Men ta det med ro, det er ikkje SATS eller noko sånt eg har rota meg borti, det er kampsport. Det er karate jitsu og det er kjempekjekt. Masse sjølvforsvar og masse kule judokast, spark, slag og holdegrep. Og snart skal eg gradere meg frå kvitt til gult belte. Det blir litt skummelt, men eg reknar med det går bra. I tillegg til å gå på nybyrjartreninga ein time i veka, har eg vore med på treninga for vidarekomne sidan før jul i lag med Kjetil. Så no trenar eg tre timar i veka. Det hadde eg ikkje trudd om meg sjølv for eit halvt år sidan! Også har eg kjøpt meg karatedrakt og føler meg dritkul i den. Mest sannsynleg fordi eg er det.
For det meste har ting gått beint oppover for min del sidan januar, for eg fekk bytte skule lett som berre det. No slepp eg å a)pendle ein time kvar veg for å komme meg på skulen, b)ha ein inkompetent dust som ikkje veit korleis han skal gjere jobben sin som lærar og c)vere usynleg i klassen. No har eg ti minuttar å gå kvar veg, ein lærar som i tillegg til å vere flink både fagleg og pedagogisk er ganske kul, og eit klassemiljø eg kan trivst i. Kvardagen min er totalt forandra og eg nyt det!
Gla’sak til slutt: Vi har fått oss katt. Eit beist som til å begynne med ikkje såg noko som helst (nesten) og dreit i Kjetil sine høgtalarar. Litt artig, men mest skittent. Ho blei døpt Tina med det same, men blir for det meste titulert som jævla dritkatt. Men eg er glad i ho. Litt. Kan ikkje snakke så høgt om kjenslene mine, eg har eit image å oppretthalde!
Katten. Som veldig, veldig liten.