Pauseknapp

15/08/2011 § Éin kommentar

Eg har tatt ein del store, personlege val den siste veka. Alt er snudd på hodet – til det positive – og eg har trykt på ein slags mental pauseknapp. Hoppa av bussen. Kall det kva du vil, det føles uansett jævleg bra.

Også er det valkamp. Eg vil drive med det, ikkje skrive lange tekstar om kjenslene mine. Vi snakkast i september ein gong, då lovar eg å vere morosam. NOT.

Reklame

Advarsel: Dobbelposting med fare for rim i langfjella

05/06/2011 § Éin kommentar

Å poste to bloggpostar på ein dag er ikkje eigentleg mi greie. Og det eg postar no er ikkje bra. Det er eit lite dikt på rim som eg er heilt greit nøgd med. Sjå på det som ein øvelse i å kvitte seg med prestasjonsangst eller gje det ein anna velformulert merkelapp som passar. Eg postar jo dette med ei viss fare for å framstå som ein av dei folka som VERKELEG ikkje kan synge, men som allikevel meldar seg på Idol. Som dei folka som vil vere kunstnarar sjølv om dei VERKELEG ikkje kan teikne. Jaja. Vi har alle våre greier å stri med. Med internett kan vi vise det fram til kvarandre. Whatevskies.

 

Så dumt du forsvann

så dumt du berre gjekk

eg såg ein annan veg, plutseleg var du vekk

 

Det du seier er så flyktig, det du gjer er så lett

Mitt hjarte er så svoltent og eg vert aldri mett

 

Det vart så stilt når du for, berre støy og bråk er att

Og eg ligg åleine nok ei regntung natt.

Tre dømer på at rikfolk er dumme (og litt om dagens ungdom)

05/06/2011 § Éin kommentar

Eg kunne ha teke dette med det sedvanlege dommedagsperspektivet mitt, men i staden for så gjer eg det politisk. Dette er kva som skjer når pengane samlast hos få folk. Som har mykje fritid. Mykje tid til å «realisere seg sjølv». No er det gått for langt, vi må ta det tilbake, for verda som vi kjennar ho er på veg til å renne ut mellom tastaturknappane våre. Som tittelen seier; her er tre dømer på at ingen bør få vere rike på gods og gull; dei kjem berre til å bruke pengane på drit som dette:

Og eit norsk døme. Det sprer seg som ild i tørt hår:

Ungar no til dags. Ja, dei to fyrste er fødd i 1997 eller rundt deromkring. I 1997 var eg ein halvfeit niåring med tjukke brilleglas og ein kjeft som aldri sto stille (ikkje forandra meg mykje, med andre ord) – men det var ingen som sa at eg burde bli popstjerne for det. Ja jøss, klart eg drøymte om å vere med på Stjerner i sikte, men sjølv eg hadde beina litt på jorda (eg var ikkje særleg god i blokkfløyte heller). Hadde eg nemnt dette for foreldra mine hadde eg nok blitt ledd av og hånt rundt middagsbordet. Men no er det nye tider, Rebecca Black klarte det (han kiden frå Alene Hjemme klarte det ikkje, han vart narkis som alle andre barnestjerner på mi tid) og eg skal jaggu også klare det. Så no skal eg sei opp jobben, kjøpe slettetang og flytte heim til jenterommet. Lese TOPP og Girls (finst det enno?) og drøyme om han derre Justin Beaver. Kvar dag skal eg grine over fiskebollemiddagen om at mamma må ta opp lån for å realisere barndomsdraumen min om å bli popstjerne. Eg skal sjå på ho med dei store, blå dådyraugene mine og krevje min rett som det heilstøpte, velutvikla mennesket eg er. Leve ut the american dream, ikkje sant. Det er det som gjev livet til ein prepubertal dritunge meining, ikkje dødsvanlege fiskebollemiddagar og gloseprøvar. Engelsk lærar ein jo uanzett på internett, hallo.

Eg kan jo bli det nynorske glansbiletet i pre-teen-popen og gje ut ei fengjande poplåt med til dømes denne teksten:

iPoden min

Ipoden min er betre enn din

spelar musikk som eg tykkjer er fin

høyrer på black, høyrer på rose

eg held meg slank med babymat på pose

Dette er sjølvsagt berre eit utkast. Berre vent ein par-tre månader, eg skal få fleire klikk på youtube enn du fekk merknadar gjennom heile grunnskulen. Fnis!

Ikkje kom her og sei at eg IKKJE hadde potensiale.

Tonedøv/Bambus

29/04/2011 § 2 kommentarar

Dette skriv eg medan eg eigentleg burde skrive ein appell eg skal halde i overimorgon. I overimorgon er det fyrste mai, arbeidaranes internasjonale kampdag, og eg skal sjølvsagt markere den. Eg skal gå i tog, bere ei diger fane, som sagt halde ein appell og vere stolt. Fyrst skal eg berre skrive ein halvpretensiøs tekst full av subtile hint om ditt og datt, ein tekst som får meg til å framstå meir velartikulert enn eg eigentleg er, og som om ei stund garantert kjem til å få meg til å kjenne meg ørlite flau over korleis eg berre kastar ord og kjensler ut på denne måten. Utleverande, pretensiøs og fin på det. Pretensiøs, pretensiøs, pretensiøøøøøs. God helg:

Det einaste eg saknar frå den tida er musikken. Det du opna opp for meg var eit heilt univers av deilige melodiar. Du fora meg med ein ny miksteip i veka. Det var på den måten eg aller best likar å forholde meg til musikk; den skal nytast. Ikkje analyserast eller tolkast. Ei novelle derimot, ho kan dissikerast, kva meinte forfattaren eigentleg her og kva vil EG at det skal tyde. Men ikkje musikk. Musikk skal berre elskast, sama kva du likar, sama kva du høyrar på og i allefall sama faen kven andre som høyrar på det.

Av og til innbillar eg meg at eg har eit jævla spesielt forhold til korleis eg likar musikk, akkurat som vi innbilte oss at vi hadde eit jævla spesielt forhold. Det hadde vi jo openbart ikkje.

Det einaste eg saknar er den uendelege tilgongen på deilige melodiar. Eg lurar litt på kva du høyrar på no etter så mange år.

Røynda og eg

31/03/2011 § 3 kommentarar

Røynda. Eller virkeligheten om du vil. Røynda er det ordet som gjer alt vakrare enn det eigentleg er. For røynda er motbakkar, ubehagelege sanningar og feilgiring. Røynda er utgåtte fristar, draumar skjøre som sølvfolie og falske forestillingar.

Då er det godt å kunne drøyme seg vekk.

Eg tek på meg store, svarte solbriller. Ei skjorte eg er fin i. Eit tørkle i halsen som ingen andre har maken til, for det er eigentleg ikkje eit tørkle og dessutan er det kjøpt i eit land langt, langt vekke.

Eg tek på meg eit par nydelege skinnstøvlar eg har fått i presang. Lukta av skinnet og dei fine utskjæringane i stoffet får meg til å overse at dei er produsert i Kina sjølv om dei er shippa frå USA.

Eg ser filmar om folk med same type støvlar, frekke småjenter med lange fletter og les teikneseriar om kule heltar til hest.

Eg skrur volumet på ipoden på nesten fullt når denne songen kjem og tenkjer at det er slik det er og burde vere:

Høyr den du og. Nyt røysta til the queen of rockabilly. Eg elskar elskar elskar Wanda Jackson.

Når eg har spelt gjennom heile plata med Wanda sett eg kanskje på litt Johnny Cash eller Dolly Parton og tenkjer på at det i Nevada finst ein festival for cowboyar som skriv dikt og at dit har eg tenkt meg ein gong.

 

Når røynda ikkje er så verst og sola skin på dei bare leggane mine på takterrassen, når eg smiler til alle eg møter, når verneskoa ikkje er så tunge allikevel, når eg løfter tusen trillionar kilo på jobb utan å få ondt ein einaste plass

 

– då kjem eg på at eg ikkje eigentleg liker hestar. Eller pistolar. At eg antageleg hadde hata å ete bønner i tomatsaus til frokost. At det er frykteleg upraktisk med tørt prærielandskap i kombinasjon med kontaktlinser. Og at eg antageleg hadde døydd av skrekk viss eg måtte høyre på ulande prærieulvar i nattemyrkret.

At eg eigentleg har det fint og at motbakkane ikkje gjer noko så lenge ein hugsar å puste.

Ei heilt vanleg kåring ein heilt vanleg søndag i februar

27/02/2011 § 2 kommentarar

Siden det er søndag blir denne bloggposten ei slags oppsummering av veka som gjekk. Det blir ei slags kåring av ting og tang som har skjedd i The Life of Lunemann, veke åtte, totusenogelleve.

Men beklagar, det blir masse ingen saftige avsløringar om kva undertøy eg brukar (vanleg). Eller store politiske hendingar ute i verda. Han der Disneyskurken Gadaffi får nokon andre ta ansvar for å skrive om. Dette er mi leikegrind, mine leiker og mine regler. Difor gjer eg dykk….:

Topp tre: Situasjonar eg har meir enn løfta på augebryna i overraskelse. Og for å gjere det heile ekstra spanande er alt utforma som små nyhendeartiklar i ei lokalavis. Sånn omtrent. Velbekomme;

3. Politikar fekk peanøttsmørpuppesjokk på jobb: – Han smurte tjukt på!

Tømrarlærlingen og Raudtaktivisten Lone Lunemann fekk måndag denne veka bokstaveleg talt eit puppesjokk i arbeidstida. «Vi satt og åt lønsjen vår i brakka. Ein utanforståande var tilstades og prøvde å dra eit par tørre vitsar i mellom dei tørre skivene våre.» Vitsemakaren såg sitt snitt då Lunemann hadde smurt peanøttsmør på den siste skiva si og ville matche det heile med ein blaut vits. Lunemann svarar dette når vi spør om kva han eigentleg sa: «Han sa at eg no kom til å få større puppar. Fordi eg åt peanøttsmør. Eg sa berre takk for tipset…og himla litt med augene.»

Lunemann er tydeleg prega av den dårlege vitsen. «Hadde det no vore eit ordspel, eit godt poeng eller noko eg kunne respondert på med ein kjapp replikk. Men eg blei verken veldig fornærma eller tykte det var ein særleg artig vits. Kva gjer ein eigentleg i ein sånn situasjon?»

Ikkje veit eg, og vi bevegar oss til plass nummer to.

2. Dansande drukkenbolt datt i dørken

Seint fredag kveld denne veka kunne eit entusiastisk publikum observere eit dyktig par svinge seg til tonane frå den mindre dyktige barpianisten på ein ukjent uteplass i Leirvik Sentrum. Men med svært høg promille og fart i svingrytmen måtte det ende galt. Den kvinnelege dansaren gjekk rett i dørken med hoftepartiet først og landa med korsryggen i ein skarp kant/høgdetrinn i golvet. Sjokkerte augevitnar forklarar at det først såg ut som kvinna skulle ta til tårane og bryte saman i intense smerter, men ho henta seg raskt inn igjen og fortsatte dansen til tonane av ei eller anna Creedencelåt. Som ho mest sannsynleg hadde bedt om sjølv. Redaksjonen har diverre ikkje lukkast å få anna kommentar frå kvinna i ettertid enn dette: «Ja, det gjorde inn i helvete ondt. Vonar eg ikkje blir invalid».

Jaja. Shit happens. Morosamt var det no.

Også til fyrsteplassen, øverst på europallen osv.

1. Prissjokk på studentfestival: Suppe like dyrt som øl!

Denne helga gjekk Øyofestivalen på Stord av stabelen (av KVA?!!?) og må oppsummerast som ein heildundrande suksess. Folk koste vettet av seg, dansa og gjorde sånne ting som ein gjer på festival. Og som seg hør og bør blei det solgt festivalmat over ein, utruleg nok, ganske høg sko. Sjølve maten var det ingenting gale med. Men å selje ein liten porsjon betasuppe til same pris som ein halv liter øl er ganske utruleg. Sjølv om det var flatbrød med.

Suppa var god den, for all del. Og eg kjøpte jo tre porsjonar. Så det som kanskje får deg, kjære lesar (klart eg har deg kjær), til å løfte på augebryna, er denne faktaopplysninga:

Eg åt betasuppe for hundreogfemti kroner i helga.

Det er ei sjuk, sjuk verd vi lever i.

Rett før vi oppdaga at prisen på øl og suppe var den same.

Kanskje verdas kortaste blogginnlegg

20/02/2011 § 2 kommentarar

…Dei popkulturelle referansane dine er for gamle. The ugliest band in the world, seier du til jenta som sit rett overfor deg ved kafèbordet. Ho sluttar å røre i kaffiglaset med skeia og ser på deg med eit blikk som er umogleg å mistolke. Du er like aktuell som ein sliten trusestrikk.

Kva skjer vidare? Kom med framlegg, er du grei. Hjernen min er kollapsa; forårsaka av hostesaft med morfin, Captain Morgan, umogleg kjærleik, hjarter av jern, rockabilly, revolusjonane i midtausten, for mykje isolasjonsstøv, duftljos, fire timar lange telefonsamtalar og alt anna som er fantastisk og noko forbanna drit på ein gong.

Beklagar. Kanskje blir det like lenge til neste innlegg.

E du fucked opp som ho Bjørg Vik/E det kanskje sånn at du bør stikk

03/02/2011 § Éin kommentar

Hei og hallao partyboys and -girls! Snart ein månad sidan førre blogginnlegg, og ja, eg har bestilt hjartestartar til Leikegrinda. Dette innlegget er litt som ein stor pose smågodt frå den største og dyraste snopesjappa i verda. Berre at innhaldet er mykje, mykje betre. Det gjer deg verken høgt inntak av sukker, e-stoffar eller sår i ganen. Og det er heilt forbanna gratis. Og viss du delar er det ikkje kjipt, for ingen kan ta i frå deg den største biten du ville spare til slutt. Ja, du tek poenget. Ein forbanna bra bloggpost er det. Visst faen. Eg må berre starte han (nokon gongar kjennes skrivekløa mi som ein tungstarta snøskuter. Treig i byrjinga, men herremin kor kjekt det er etterkvart)!

Eigentleg (det har du kanskje skjønt til no…) så har eg ikkje noko spesielt å fortelje om. Kanskje er det meir spesielt enn teksten på melkekartongen du niles på fordi du vil unngå å sjå den tilfeldige sexpartnaren din frå førre natta i augene, der du sit ved frukostbordet heime hos han og ikkje skjønar kvifor han smiiiilar sånn til deg. Kanskje er det meir spesielt enn eposten du fekk frå ein banktilsett i Nigeria om at du har ein milliard på bok i banken han jobbar i. Og det kan hende det er meir spesielt enn alle dei tohundreogsøttifire facebookstatusane som poppar opp i nyhendestraumen din (om du har nynorskfacebook, som eg, vel å merke) kvar einaste dag. Det siste er faktisk veldig sannsynleg.

For face it folkens, facebook er blitt ein like naturleg del av livet som det å måtte skilje avfallstoffer frå kroppen i blant. Og nokon vil nok hardnakka innrømme at dei ikkje er avhengige, og at heile greia er tullete, og det har dei kanskje til og med rett i. Men eg. Eg, EG er avhengig eg. Eg sit her på min lille (ganske store) knaus i Sunnhordland og kjedar meg ganske ofte. Eller, det vil sei, eg treff ikkje så mykje folk. Og facebook er for meg ein måte å vere sosial på. Var det ei interessant og spanande setning? Nei.

Det eg faktisk skulle fram til var det at facebook har gjort tankerekkjene mine einspora. Eg tenkjer jo på mye rart gjennom ein dag (ordspel, vitsar ingen (kanskje to) flirar av, sex (utelukkande av reproduktive årsakar, sjølvsagt), klassekamp, mat, ja, alt det vanlege). Og det facebook har gjort med skolten min er å få alle tankane til å automatisk rette seg etter statusformatet. Eg kan gå ein heil arbeidsdag og formulere interessante og morosame statusar i hovudet. Eg gløymar sjølvsagt fleire etterkvart, og eg postar jo ikkje alle. Skremmande? Kan hende det. Men eg får iallefall ikkje kreft av facebook. Eller…? Ein veit jo aldri kva som dukkar opp i Dagbladet i morgon. Det siste nye er jo «mobilkreft». Statuskreft er kanskje ikkje så langt unna allikevel.

Over til noko mindre urovekkjande. Nei, eg snakkar ikkje om fridomskampa folket i Egypt førar mot monster-mubarak (eller noko sånt), eg snakkar om min framtidsplan. Plan B, altså. Eller, eg skal nok få gjennomført den. For eg skal sjølvsagt skrive ein kioskroman kriminalroman. Den skal heite «Den som ler sist….» og handle om ein gal seriemordar som utelukkande drep kvinner med høg og skingrande latter. Hovudpersonen er ein suksessfull standupkomiker, og mordaren siktar ho inn som det ultimate offer av sjølvsagte grunnar.

Kva trur du? Blir eg den nye Stig Larsson? Dette vil eg ha respons på. Kanskje det blir ein bloggroman av det.

 

Til slutt vil eg berre informere om at eg har vore i Trondheim og høyrt ein kampsang for statspensjon til melodien av «Purple rain». Mellom anna! (Neida, det skjedde mykje bra og kult på Trondheimskonferansen og eg er plutseleg veldig engasjert i mykje meir enn eg trudde.)

 

PS: Tittelen er frå ein Tungtvannlåt.

Sneiks on the plein, koseklumpar!

Utan tittel

05/01/2011 § 5 kommentarar

Eg gjekk heim i stad etter å ha vore ute. Bakken opp til huset kor eg bur var ikkje så glatt som han var i ettermiddag. Det draup og rann overalt. Ein flekk gras var synleg i grøfta nederst i bakken. Det var nesten mogleg å innbille seg at det nærma seg vår, og dei tjue centimetra med snø som falt forleden virka fjerne.

Ein mental øyrefik frå meg sjølv fekk meg til å ta meg saman. Vår? Det er januar, jente. Skjerp deg. Eg hutra og prøvde å unngå å puste inn dei kaldaste partiklane i vinterlufta. Bakken var kanskje ikkje glatt, men han var framleis tung og lang. Januarbakke.

Det er femten veker til påske, small det igjen. Viss den første øyrefiken var usynleg, så kunne ein ikkje unngå å legge merke til denne. Eg rista på hovudet, prøvde å tenke på noko anna, noko anna som ikkje var ein kald og vassen graut av vér, plikter og kjensla av å vere heilt åleine.

Plutseleg stod eg på toppen av bakken. Eg pressa fram eit smil som eg sterkt ynskja såg triumferande ut. Eg tvilte på at det gjorde det. Kva er det som er så triumferande med å gå opp ein bakke som ikkje ein gong er glatt? Eg sukka og gjekk inn i huset mitt.

Nyttårsløfter

23/12/2010 § 2 kommentarar

Eg er prinsipielt i mot nyttårsløfter. I alle fall for min eigen del. Kva er det med å begynne på eit nytt år som liksom skal få meg til å bli eit fantastisk og betre menneske? Dagen etter at eg har drukke meg dritings, åte kalkun til vingebein stikk opp av halsen og sovna på ein frysar (nei vent, det var nokon andre) – det er tidspunktet for å bli eit nytt og betre menneske? Flaks at eg ikkje røyker.

Men prinsipplaus som eg er har eg laga nokre nyttårsløfter allikevel. Dei er like diffuse som eit gjennomsnittleg valprogram frå Arbeidarpartiet, så om eg klarar å halde dei… det er jo igrunn opp til meg å avgjere. Det er jo ikkje som om eg er demokratisk valt. Hehe.

Well, well, well. Her er dei:

I 2011 skal eg ha det artig.

Æh, eg gjer opp. Alt anna blir jo bare utdrag frå sjølvhjelpsbøker og dameblader. Gidd ikkje! Godt nyttår!

Where Am I?

You are currently browsing the Megmegmeg category at Lunemanns leikegrind.