Rytme
02/04/2011 § 3 kommentarar
Ei duft av fortid, notid, alt
Ein smak av elskov, sukker, salt
Du gjev meg minne utan stad og tid
Framleis er eg
evig di.
Ha ein nydeleg laurdag!
Kanskje verdas kortaste blogginnlegg
20/02/2011 § 2 kommentarar
…Dei popkulturelle referansane dine er for gamle. The ugliest band in the world, seier du til jenta som sit rett overfor deg ved kafèbordet. Ho sluttar å røre i kaffiglaset med skeia og ser på deg med eit blikk som er umogleg å mistolke. Du er like aktuell som ein sliten trusestrikk.
Kva skjer vidare? Kom med framlegg, er du grei. Hjernen min er kollapsa; forårsaka av hostesaft med morfin, Captain Morgan, umogleg kjærleik, hjarter av jern, rockabilly, revolusjonane i midtausten, for mykje isolasjonsstøv, duftljos, fire timar lange telefonsamtalar og alt anna som er fantastisk og noko forbanna drit på ein gong.
Beklagar. Kanskje blir det like lenge til neste innlegg.
Klein veke del to: Dødens pølse!
19/10/2010 § Kommenter innlegget
Du gjekk ut på byen for å finne ein mann
Du tylla i deg mykje anna enn vann
Og lent over bardisken, ikledd skjorte og slips,
sto der ein kar på jakt etter rips.
Han smilte så lurt, blunka og lo
Du kjente deg varm og du kjente deg mo
Mørke auge, nydeleg smil
Dette var drøymemannen, heilt utan tvil
Du blei med han heim, berusa og glad
Han virka så kjekk (og hadde nyvaska…bad)
Snart var de i gong på sofaen i stua
han kledde av deg buksa, han kledde av deg hua
Det humpa og gikk som seg hør og bør
Virka som om han hadde gjort det før
Men plutselig skjedde noko skikkeleg leit
Han blei heilt slapp, det var lite greit
For der! Dødens pølse! Til tross for begjær!
Han takla ikkje dama uten klær.
Pinlig taushet, minutt for minutt
Og der var helgeeventyret slutt…
Oppsummering: Den kleine stemninga på slutten er til å ta og føle på (i motsetnad til andre ting. Hehe.). Takk til dagens bursdagsbarn Anna Watson for det heilt fantastiske uttrykket dødens pølse! Eit anna uttrykk for klein stemning!
Takk for i dag!
Schnitzel
13/10/2010 § Éin kommentar
Hallo til alle mine trofaste, lause, forvirra, faste, koselege lesarar. Eg fekk dette diktet tilsendt frå ein anonym, hemmeleg beundrar igår. Eg tippar DU ikkje klarar å slå avsendaren i kreativitet! Og eg blei veldig, veldig glad! Så glad at eg smilte breitt for meg sjølv på bussen!
(mel: Eg heiter Håvard Hedde)
Eg gjekk meg ned på ICA
Og skulle handle mat
Eg kikka på panini
og eple og salat
Men fanden i meg ség
Så kjøpte eg ein Schnitzel
og tenkte litt på deg
Eg gjekk ifrå butikken
var svolten, sur og taus
så tenkte eg på schnitzelen
og slapp mi glede laus
Så gjekk eg heim til meg
med ein schnitzel i ein pose
og tenkte litt på deg
Og eg har kokt poteter
og selleri til mos
og eg skal ete schnitzel
med rotmos, det blir kos
Og tida den går tregt
Når eg ventar på min schnitzel
og tenker litt på deg
No sitt eg her med bordet
og eter og er glad
eg jafsar i meg schnitzel
med rotmos og tomat
og jobbe det skal eg,
men eg har ete schnitzel,
og då tenker eg på deg.
Her er melodien:
Steinhardt!
12/10/2010 § Kommenter innlegget
Raga Rockers – Full tank
Hvis du vil ha drømmer
Ta en tur på kino
Hvis du vil ha penger
Gå i en bank
Men hvis du vil ha kjærlighet
Gå ikke lenger
Jeg har det du trenger
Full tank
Uhu uhu
Det finnes ingen lov
Som hjelper mot begjær
Vil ikke være grov
Det bare slik det er
Jeg går på rov
Sitter oppe i trær
Stirrer ned på deg
Når du går under meg
Uhu uhu
Jeg skal bli din konge
Hvis du vil bli min dronning
Jeg skal bade deg i melk
Og gni deg inn med honning
Så skal jeg slikke deg ren
Fordi du er så pen
Uhu uhu
Berre ein av mange, mange, mange gode Ragalåter. Kom ut på plata Raga Rockers i år 2000. Raga Rockers er det einaste bandet i verda som gjer ut album kor eg likar absolutt alle songane. Mitt norske favorittband. Nokon sinne. Mamma likar dei og.
Og så over til noko som kan virke like hardt og tøft som Raga;
Dette biletet av ein murar er teke av August Sander. Han var ein tysk portrettfotograf, son av ein tømrar og tidlegare gruvearbeidar frå Herdorf. Biletet er med i samlinga Face of our time frå 1929.
Sonen til Sander var med i eit sosialistisk parti i mellomkrigstida i Tyskland og blei dømt til 10 års fengsel i 1934. Han døydde der i 1944. Sander sjølv var med i ei gruppe av progressive kunstnarar og under krigen øydela nazistane mykje av bileta hass. Ein kunstnar som ville skildre samfunnet – og forskjellane i det – med portrettane sine.
Dette er kanskje det finaste biletet han tok. Blikket til muraren er hardt som stein. Ein må vere det for å løfte så tungt.
Some people say a man is made outta mud
A poor man’s made outta muscle and blood…
Søndagsbonanza
10/10/2010 § Éin kommentar
Dette gjorde eg i går: Eg klistra på meg stand-smilet, sveiva i gong telefonseljar-stemma (fistel) og prøvde å vere så positiv og engasjerande som overhodet mogleg. Så gjekk eg ut i haustsola ilag med resten av Stord Raud Ungdom for å få folk til å signere på postkort som skal sendast til forsvarsministeren med klar beskjed om å hanke dei norske styrkane tilbake frå den meiningslause krigen i Afghanistan.
Biletet er teke av Magnhild. Og viss du ikkje får lyst til å hente soldatane heim frå Afghanistan no så veit ikkje eg.
Eg har forresten kjøpt siste nummer av teikneseria om Tex Willer. Veit du ikkje kven det er, seier du? Hæ? Det er jo den kulaste, sterkaste og kjekkaste rangeren i verda. Han slost mot urettferdighet og ubehøvla leigemordarar. Det er kanskje den mest machoteikneseria eg har lest, men eg likar det kjempegodt. Rangerane i Tex er ikkje rasistiske, dei har utprega rettferdighetssans og dei er kjekke. Eg skal bli ranger når eg blir stor. Berre at eg skal ha raud stjerne på brystet. Hihi.
Også ser eg at eg har omtrent femti lesarar, pluss minus, kvar gong eg postar noko nytt på bloggen. Kven er dykk? Hæ? Introduser dykk! Kom igjen!
Gratulerar med dagen?
03/05/2009 § Éin kommentar
På etterskudd og i villrede om eg i det heile tatt skal gratulere arbeidarane med 1.mai – for det er jo ein kampdag vi bruker på å markere krava våre; her kjem appellen eg haldt på Stord den dagen.
FRITT PALESTINA!
I fjor var det seksti år sidan det palestinarane kallar Al Nakba, eller ”katastrofen” – nemleg opprettinga av staten Israel. Utan omsyn til kva landa i området eller befolkninga i Palestina meinte om saken, blei grensene teikna opp rundt det som skulle vise seg å bli ein av dei verste okkupasjonsmaktene i verda. I eit område der folk frå allslags religionar og kulturar har levd ilag i tusen år skulle det no opprettast ein jødisk stat.
Dette landet har i årevis, med verdssamfunnets velsigning, bygd seg sjølv større og større på bekostning av det palestinske folkets rettar og behov. Israel har brote FN-resolusjonar som seier at dei skal trekke seg tilbake til dei opphavlege grensene. Dei har bygd ein mur rundt dei palestinske områda på Vestbredden på om lag 670 kilometer. Til sjølvforsvar, seier staten Israel. Til sjølvforsvar mot kva då? Mot vanlege folks behov og ønske om å komme seg på jobb dit dei skal, til legen når dei blir sjuke og på skulen? Eller fordi dei ynskjer å drive apartheidpolitikk mot det palestinske folket?
For mens resten av verda diskuterar om ein skal definere Hamas som ein terroristorganisasjon eller ikkje, har framleis ikkje Israel anerkjent Palestina som ein sjølvstendig stat. Folkevalte i Palestina blir kasta i israelske fengsel med heiarop frå Vesten. Den palestinske befolkninga prøvar hardt, mot alle odds, å halda i gang hjula i samfunnet sitt. Når ein veks opp med dagleg frykt for flyangrep og israelske soldatar med gevær er det kanskje ikkje så rart at ein ynskjer å yte motstand. For nokon dreiar det seg om å organisere seg politisk – for andre om å kaste stein. Men den israelske staten veit å hemne seg på eit okkupert folk. Dei kan t.d. øydelegge heile oliventrefarmar som har brukt hundre år på å vekse fram og som er livsgrunnlaget for palestinske bønder. Dei kan stenge straum- og vassforsyninga til ein million menneske i vekesvis. Eller dei kan ta hemn på ein så brutal måte som det som skjedde i vinter.
For slutten på 2008 var brutal for befolkninga på Gazastripa. I dei tre første vekene i januar haldt verda pusten mens Israel dreiv ei omsynslaus massakrering av den palestinske befolkninga. Eit tusen to hundre menneske mista livet i Gaza i vinter. På israelsk side var det til saman tretten døde. Desse tala betyr meir enn ”berre” kor mange som døde, men dei er også med på å understreke det skeive forholdet det alltid vil vere mellom dei som okkuperar og dei som blir okkupert.
Med alle utanlandske journalistar jaga ut av området var dei israelske myndigheitene forberedt på at kva enn som skjedde i Gaza kom ikkje verdssamfunnet til å finne det ut. Men dei var ikkje forberedt på at legane Mads Gilbert og Erik Fosse skulle få så mykje merksemd som dei gjorde. Då dei reiste inn i Gaza på nyttårsaftan var dei de einaste vestlege legane i Gaza. Og kven kan vel gløyme sms-en frå Mads Gilbert tredje nyttårsdag? Om korleis dei vassa i skadde menneske, at den lokale grønsaksmarknaden var bomba?
Eg trur det skjedde noko med folk i Noreg etter kvart som dei norske legane rapporterte frå Gaza. Frå Svalbard til Norheimsund blei det arrangert demonstrasjonar til støtte for palestinarane. På ein av dei mindre demonstrasjonane i Bergen blei det samla inn 27.000 kroner til Palestinakomitèen. To hundre gjekk i tog i Norheimsund. Det norske folket viste solidaritet og kravde at myndigheitene tok ansvar. Så stilna det. 18. januar blei det erklært våpenkvile mellom partane. Verdssamfunnet pusta ut og andre ting fekk større merksemd i media.
I dag skriv vi første mai. Dagen i dag blir brukt til å markere nasjonale og internasjonale krav om rettferd, likeverd og solidaritet. Det er på tide å krevje solidaritet med det palestinske folket. Sjølv om VG og Dagbladet har gløymt kva som skjedde i Gaza i vinter, betyr det ikkje at vi har det.
Det er på tide å krevje full offentleg boikott av Israel. Det er på tide å krevje solidaritet med dei som er okkuperte. Det er på tide å gje landet tilbake til palestinarane!
Søringsangen
18/01/2009 § 4 kommentarar
Denne sangen er skrive til ære for venninna mi, og handlar om den plagsomme søringen som la an på ho då vi budde på Bardufoss og flørta med soldatane der.
Kanke jeg få en klem a»
Bare en til a»
vær så snill a»
Kom igjen a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Kanke jeg få en kos a»
Ikke vær så kjip a»
Kom igjen a»
Du er jo så søt a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Kanke jeg få et kyss a»
Bare ett a»
Kom igjen a»
Du er så nais a»
Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster
Eg hatar alle som speler tennis
12/12/2008 § 5 kommentarar
Du treng ikkje vere stygg
Du treng ikkje vere stygg
Du treng ikkje vere stygg for å spele tennis
Men du er det likevel
Du treng ikkje ha sleik
Du treng ikkje ha sleik
Du treng ikkje ha sleik for å spele tennis
Men du har det likevel
Du treng ikkje stemme Høgre
Du treng ikkje stemme Høgre
Du treng ikkje stemme Høgre for å spele tennis
Men du gjer det likevel
Du treng ikkje vere redd
Du treng ikkje vere redd
Du treng ikkje vere redd for revolusjonen – fordi du speler tennis
Men du er det likevel
Historia om Richard Kviteseid
08/12/2008 § 14 kommentarar
Richard har alltid vore ein smarting, tykkjer mora. Difor blei ho overraska då han ein dag kom og spurte kor etternamnet deira kom frå. Han som kunne dette med internett og alltid satt med nasen i ei bok, lurte på kvifor dei heitte Kviteseid. Kvifor dei ikkje heitte Hansen eller Henriksen eller noko anna vanleg. Mora tenkte seg om eit augeblikk før ho svarte at det var ho jammen ikkje sikker på, for det var jo far til Richard som hadde heitt Kviteseid, og han hadde jo omkommen på havet før Richard blei fødd.
Richard gjekk inn på rommet sitt utan å svare. Han kjente det svei i auga, og blunka hardt nokre gonger for å få vekk tårene som kunne komme kor tid som helst. Han dreit vel i den teite faren som var daud som ei sild, han ville vite kvifor han var nøydd til å heite det same som eit meieriprodukt til etternamn. Smørbukk hadde dei byrja å kalle han på skulen etter at den nye norsklæraren hadde kommentert etternamnet hans. Du heiter jo det same som ein type smør du, Richard, hadde ho sagt, og heile klassen hadde ledd høgt. Eit veldig godt eit og, hadde ho sagt mens ho blunka og gjorde seg til. Klassen slutta ikkje å flire, og eit eller anna lyst hovud hadde ropt Smørbukk. Jentene kasta karamellar på han og fantaserte høglydt og fnisete om kor feit Richards hud var.
Richard sjølv satt der og følte seg ironisk nok som ein klatt varm smør i ei panne. Han smelta sakte men sikkert og blei varm og raud og sint. Kvifor kunne ikkje den idiotiske læraren berre haldt kjeften sin igjen? Han skulle ha gjort mykje for å sleppe å heite Kviteseid no. Han ville til og med heitt Yaghoubi som Sayed i klassen, sjølv om ingen ville ha klart å uttale det. Det ville på alle måtar vore betre enn Richard Smørklatt Kviteseid. Han skamma seg.
Heime gjekk mora hans rundt og skjønte ingenting. Den tidlegare så glade guten hennes var blitt forandra til ein sint tenåring som smelte med dørene og som nekta å sjå krimen på fredagane med ho. Ho kjente seg einsam. Det var berre ho og Richard og ein gamal kanarifugl. Og den var det ikkje mykje selskap i. Ho bestemte seg for å finne ut kva som plaga sonen.
Richard hadde som vanleg teke maten med seg inn på soverommet denne ettermiddagen. Mora gjekk i sirkel på stovegolvet og tenkte på korleis ho skulle angripe situasjonen. I det siste hadde det blitt mykje verre. Guten var ikkje til å kjenne igjen. Ho trakk pusten og la dei skjelvande armane i kross over brystet, og banka på døra hans. Ingen svarte. Innanfrå høyrdes berre kanarifuglens hese røyst, og mora opna forsiktig. Ho heldt på å miste både balansen og pusten då synet av Richard, liggjande på mage på golvet med eit stort pilleglas i høgreneven, møtte ho. Tårane spratt, ho klarte ikkje å kontrollere dei, det var reint forjævlig alt saman, og det gjekk opp for ho kva kanarifuglen eigentleg skreik. Smørbukk, har du meir Smørbukk, skreik den, og flaksa som galen rundt i det litle buret sitt.