Røynda og eg

31/03/2011 § 3 kommentarar

Røynda. Eller virkeligheten om du vil. Røynda er det ordet som gjer alt vakrare enn det eigentleg er. For røynda er motbakkar, ubehagelege sanningar og feilgiring. Røynda er utgåtte fristar, draumar skjøre som sølvfolie og falske forestillingar.

Då er det godt å kunne drøyme seg vekk.

Eg tek på meg store, svarte solbriller. Ei skjorte eg er fin i. Eit tørkle i halsen som ingen andre har maken til, for det er eigentleg ikkje eit tørkle og dessutan er det kjøpt i eit land langt, langt vekke.

Eg tek på meg eit par nydelege skinnstøvlar eg har fått i presang. Lukta av skinnet og dei fine utskjæringane i stoffet får meg til å overse at dei er produsert i Kina sjølv om dei er shippa frå USA.

Eg ser filmar om folk med same type støvlar, frekke småjenter med lange fletter og les teikneseriar om kule heltar til hest.

Eg skrur volumet på ipoden på nesten fullt når denne songen kjem og tenkjer at det er slik det er og burde vere:

Høyr den du og. Nyt røysta til the queen of rockabilly. Eg elskar elskar elskar Wanda Jackson.

Når eg har spelt gjennom heile plata med Wanda sett eg kanskje på litt Johnny Cash eller Dolly Parton og tenkjer på at det i Nevada finst ein festival for cowboyar som skriv dikt og at dit har eg tenkt meg ein gong.

 

Når røynda ikkje er så verst og sola skin på dei bare leggane mine på takterrassen, når eg smiler til alle eg møter, når verneskoa ikkje er så tunge allikevel, når eg løfter tusen trillionar kilo på jobb utan å få ondt ein einaste plass

 

– då kjem eg på at eg ikkje eigentleg liker hestar. Eller pistolar. At eg antageleg hadde hata å ete bønner i tomatsaus til frokost. At det er frykteleg upraktisk med tørt prærielandskap i kombinasjon med kontaktlinser. Og at eg antageleg hadde døydd av skrekk viss eg måtte høyre på ulande prærieulvar i nattemyrkret.

At eg eigentleg har det fint og at motbakkane ikkje gjer noko så lenge ein hugsar å puste.

E du fucked opp som ho Bjørg Vik/E det kanskje sånn at du bør stikk

03/02/2011 § Éin kommentar

Hei og hallao partyboys and -girls! Snart ein månad sidan førre blogginnlegg, og ja, eg har bestilt hjartestartar til Leikegrinda. Dette innlegget er litt som ein stor pose smågodt frå den største og dyraste snopesjappa i verda. Berre at innhaldet er mykje, mykje betre. Det gjer deg verken høgt inntak av sukker, e-stoffar eller sår i ganen. Og det er heilt forbanna gratis. Og viss du delar er det ikkje kjipt, for ingen kan ta i frå deg den største biten du ville spare til slutt. Ja, du tek poenget. Ein forbanna bra bloggpost er det. Visst faen. Eg må berre starte han (nokon gongar kjennes skrivekløa mi som ein tungstarta snøskuter. Treig i byrjinga, men herremin kor kjekt det er etterkvart)!

Eigentleg (det har du kanskje skjønt til no…) så har eg ikkje noko spesielt å fortelje om. Kanskje er det meir spesielt enn teksten på melkekartongen du niles på fordi du vil unngå å sjå den tilfeldige sexpartnaren din frå førre natta i augene, der du sit ved frukostbordet heime hos han og ikkje skjønar kvifor han smiiiilar sånn til deg. Kanskje er det meir spesielt enn eposten du fekk frå ein banktilsett i Nigeria om at du har ein milliard på bok i banken han jobbar i. Og det kan hende det er meir spesielt enn alle dei tohundreogsøttifire facebookstatusane som poppar opp i nyhendestraumen din (om du har nynorskfacebook, som eg, vel å merke) kvar einaste dag. Det siste er faktisk veldig sannsynleg.

For face it folkens, facebook er blitt ein like naturleg del av livet som det å måtte skilje avfallstoffer frå kroppen i blant. Og nokon vil nok hardnakka innrømme at dei ikkje er avhengige, og at heile greia er tullete, og det har dei kanskje til og med rett i. Men eg. Eg, EG er avhengig eg. Eg sit her på min lille (ganske store) knaus i Sunnhordland og kjedar meg ganske ofte. Eller, det vil sei, eg treff ikkje så mykje folk. Og facebook er for meg ein måte å vere sosial på. Var det ei interessant og spanande setning? Nei.

Det eg faktisk skulle fram til var det at facebook har gjort tankerekkjene mine einspora. Eg tenkjer jo på mye rart gjennom ein dag (ordspel, vitsar ingen (kanskje to) flirar av, sex (utelukkande av reproduktive årsakar, sjølvsagt), klassekamp, mat, ja, alt det vanlege). Og det facebook har gjort med skolten min er å få alle tankane til å automatisk rette seg etter statusformatet. Eg kan gå ein heil arbeidsdag og formulere interessante og morosame statusar i hovudet. Eg gløymar sjølvsagt fleire etterkvart, og eg postar jo ikkje alle. Skremmande? Kan hende det. Men eg får iallefall ikkje kreft av facebook. Eller…? Ein veit jo aldri kva som dukkar opp i Dagbladet i morgon. Det siste nye er jo «mobilkreft». Statuskreft er kanskje ikkje så langt unna allikevel.

Over til noko mindre urovekkjande. Nei, eg snakkar ikkje om fridomskampa folket i Egypt førar mot monster-mubarak (eller noko sånt), eg snakkar om min framtidsplan. Plan B, altså. Eller, eg skal nok få gjennomført den. For eg skal sjølvsagt skrive ein kioskroman kriminalroman. Den skal heite «Den som ler sist….» og handle om ein gal seriemordar som utelukkande drep kvinner med høg og skingrande latter. Hovudpersonen er ein suksessfull standupkomiker, og mordaren siktar ho inn som det ultimate offer av sjølvsagte grunnar.

Kva trur du? Blir eg den nye Stig Larsson? Dette vil eg ha respons på. Kanskje det blir ein bloggroman av det.

 

Til slutt vil eg berre informere om at eg har vore i Trondheim og høyrt ein kampsang for statspensjon til melodien av «Purple rain». Mellom anna! (Neida, det skjedde mykje bra og kult på Trondheimskonferansen og eg er plutseleg veldig engasjert i mykje meir enn eg trudde.)

 

PS: Tittelen er frå ein Tungtvannlåt.

Sneiks on the plein, koseklumpar!

Endring

21/11/2010 § Kommenter innlegget

Først: Tunge løft. Vanskeleg å nå opp. Ukjente begrep. Teknisk innsikt som ikkje finst. Er for liten.

Etterkvart: Teknikk. Eigne løysingar. Musklar. Lukta av sagspon er det beste som finst. Funksjonar ein oppdagar på eige hand. Innsjå at eg aldri blir to meter høg, men at eg kan gjere jobben min uansett.

Først: Ondt i ryggen. Slitne armar. Vond nakke. Tunge sko. Klær med feil passform. Pene nevar.

Etterkvart: Styrke. Sko og klede i rett storleik. Skitne nevar som minnar meg om pappa når eg vaskar dei etter arbeid. Arbeidsnevar, det er pappa det. Og no også meg.

Først: Rare blikk. Kva gjer du her, du er jo jente? Kommentarar ein ikkje klarar å svare på.

Etterkvart: Framleis rare blikk. Men også polakkar som seier «respekt» til meg når eg løftar tunge ting.

Først: Strebe etter eit skikkeleg kosthald. Dårleg samvit for ting ein unnar seg. Dårleg sjølvtillit. Misnøgd med kroppen min. Trenar for lite.

Etterkvart: Å ete fordi eg treng det. Å vere i fysisk aktivitet heile dagen, heile året. Ete ein sjokolade fordi eg har lyst. Kroppen er eit verkty som må haldast vedlike. Føle seg sterk, sunn og fin. Raude kinn.

 

Litt sånn byggebransjepropaganda på tampen av veka. Bli snekkar du også, jente!

Lyst til å bli betre kjent?

17/11/2010 § Éin kommentar

Fett. Da kan du lese vidare. Her får du nemleg presentert ein av dei djupaste tankane eg har hatt på lenge. Eg tenkte på at det er litt merkverdig at hårfrisyrer kan ha noko til felles med bakverk. Hårverk, liksom. Sånn som dette:

 

Bollesveis.

Sånn såg folk ut når eg var ung. Utruleg. No går det meir i dette:

Denne fletta ser ut som ein loff.

Eg meiner ikkje noko spesielt om dette, for å vere ærleg. Har ingen ideologisk begrunning for noko som helst i denne samanhengen. Men kom igjen, kva blir det neste?

I rest my cake.

 

Ps. Eg har vore på kino to gonger denne veka. Lurar du på kva eg såg? Da kan du berre halde fram med det. Eg kjem nemleg ikkje til å fortelje det. For eg har fått personleg life coach og øvar på å ha eit mystisk image. Hehe.

Den som ler sist er treig i oppfattelsen

11/11/2010 § Kommenter innlegget

….Eller noko sånt. Dette oppdaga eg idag:

Kvifor er det ingen som har fortalt meg at M.I.A. ikkje har funne på dette sjølv?

Begge versjonane er kule, men eg held nok ein knapp på The Clash.

Ellers er livet så normalt som det kan bli. Eg går på jobb kvar dag og skulle ynskje sola var oppe litt lengre. November er teit. Kjærleikslivet mitt er like tørt som ein todagars gamal kvitlauksbagett. Samme kjipe ettersmaken og. Hehe.

Lemme tell ya ’bout your blood bamboo kid

It ain’t Coca-Cola

It’s rice.

Høyrt på jobben

01/10/2010 § Éin kommentar

Eg har til no møtt to andre kvinner på byggeplassen sidan eg blei lærling (bortsett frå dei kule damene på kontoret; ingeniørane og arkitektane). Eg møter oftare rare, gamle menn som ikkje veit kva dei skal sei til ei blond dame med spikerpistol. Så i staden så seier dei:

…Jasså, du er her og hjelper til?

…Jasså, du er her og held dei i øyrene?

…Ja, dei seier at jenter er meir nøyaktige enn gutar.

…Åja, ja, det er du som skal hjelpe til med å bygge huset?

…Jasså, steike som du spikrar med den pistolen! (med nedlatande tonefall)

…Skal eg hjelpe deg med den tunge saga?

Og den beste til no:

…Jasså, du likar sånne snekkergreier?

Det går faktisk an å sei det som ein har sagt hittil:

Ein kvinneleg tømrar! Det var eit sjeldant syn!

Eg blir mindre sur for det! Også seier eg god helg med denne fantastiske sketsjen:

Veckans må ha – veke 37

17/09/2010 § Éin kommentar

Sånn har eg. Trur det er det mest sexy verktøyet eg har sett. Brukar han mest til å kutte gipsplater og å kvesse blyanten, og eg blir glad kvar gong eg får ein sjanse til å ta han opp frå vestlomma.

Ellers skal eg introdusere ein ny spalte neste gong eg bloggar. Den kan du ikkje gå glipp av! Eg seier berre ein ting: Oppstandelse!

Veckans må-ha

25/08/2010 § 2 kommentarar

Det er dritver ute og verre skal det bli. For oss som jobbar utandørs er det viktig med komfår som ein seier, og då meiner eg tørr og varm. Samstundes er det jo fett viss ein klarar å halde «fashion-feelingen» vedlike. Så for alle motebevisste som befinn seg mykje utandørs kan eg anbefale denne:

Ein klassikar som aldri går av moten. Byggebransjens «lille sorte». Ja, sjølvsagt er det «Molde regnjakke» frå Aalesund Oljeklede. Sjølvskriven tilbehør er regnbuksa i same modell.

Når du først skal hyre på deg noko sånt som dette lekre gummiantrekket kan det vere greitt å vite at det fins meir tilbehør som ikkje berre matchar djevelsk bra – men som også er praktisk og lurt. Som til dømes denne vesten her:

Eg har fått begge deler i løpet av den siste veka. No er det klart for fashion sense på byggeplassen og! Gje deg sjølv lov til å vere litt STILIG på jobb!

Eg avrundar med denne stripa –

– og er litt sur fordi eg har betennelse i begge armane og berre kan yte 50 % på jobb. Kor mykje er det liksom. KJEDELEG!

Idag regnar det

18/06/2010 § Éin kommentar

Så da lagar vi politisk ukorrekte teikninger:

Endeleg

17/06/2010 § Kommenter innlegget

Oi oi oi. Seks år er gått sidan eg for første gong begynte på vidaregåande skule. Då visste eg ikkje kva eg skulle bli. Kanskje skulle eg reise rundt med eit sirkus, kanskje skulle eg bli forfattar eller psykolog eller noko anna lurt. Eg skulle kanskje studere noko, det var liksom ein del av planen over Mitt Vaksne Liv.

Mykje har forandra seg sidan då, kan ein sei. Eg hadde det kjekt på medialinja og lærte masse. Eg hadde ein kjempefin klasse og har masse gode minner. Men draumen er ikkje lenger å «berre få vere kreativ og sånn», no er han definert og hogd ut til å bli det som er mitt neste mål: Fagbrev som tømrar. Det trudde ikkje eg, ikkje mamma, ikkje pappa og ingen andre då eg begynte på VG1 Bygg og anlegg hausten 2008. Men hey, eg står her eg, har nesten grodd skjegg etter to år på ei «gutelinje», og gler meg VELDIG til å begynne å jobbe og tene pengar. Det blir digg. Og når jobben kan vere så fin som min er i flekkane så blir det nesten for bra. Suck on that, kontorrotter!

Terrassebygging

Where Am I?

You are currently browsing the Kvardag category at Lunemanns leikegrind.