Tre filmar eg gjerne skulle sett

22/05/2011 § 2 kommentarar

Jordas undergang gjekk meg hus forbi. No ventar eit og eit halvt år (eventuelt fem månader, dei lærde strides) i helvete på jord, men det nærmaste vi har komen så langt er eit nytt vulkanutbrot på Island (vart du overraska?) og kutt i ytingane til dei uføre. Ikkje noko nytt og ikkje noko vi kan motarbeide, med andre ord. Well well, this is the end, no skal eg slutte å snakke om dommedag og heller fokusere på litt meir positive sidar ved livet. Film til dømes.

Eg er verken manusforfattar eller regissørspire til tross for tre år på media og kommunikasjon. Men idèar har eg i allefall. Og det er tre filmar eg verkeleg skulle ynskje at nokon kunne lage:

1. Dramaet på Arnøy

Mange lokalsamfunn i Noreg har si eiga historie frå andre verdskrig. Heimbygda mi er ikkje noko unntak. To sovjetiske partisanar lagde ein base for radioovervåking i ei hule på nordsida av Arnøya, og lokalbefolkninga, m.a. pappa sin onkel Alf, hjalp russerane. Til slutt vart dei oppdaga, og til saman 11 personar vart skotne i Tromsø. Bestefaren min var ein av dei som blei dømd til tukthus i 10 år. Ei dramatisk historie eg har eit personleg forhold til, og ei historie eg trur hadde blitt ein spanande, lærerik og ikkje minst stolt film om korleis eit heilt lokalsamfunn på ein forblåst utpost i Nord-Troms bidrog til motstandskampen. (Og kor fantastisk hadde det ikkje vore viss ein hadde fått høyre årvikdialekten i ein spelefilm!)

Viss du ikkje vil vente til filmen vert ein realitet så anbefalar eg bokversjonen Dramaet på Arnøy av Kjell Fjørtoft.

2. The story of the rockabilly queen

Eg har tidligare nemnt i kraftige ordelag kor godt eg likar Wanda Jackson. Ho er omtalt som den kvinnelege utgåva av Elvis Presley, og eg tykkjer ho fortener meir merksemd som artist enn kva ho har fått hittil. Historia om livet hennar er spanande, men eg skulle gjerne visst meir om dama. I tillegg er ho er ein artist med stor spennvidde i kva ho lagar og kven ho samarbeidar med. Hadde eg hatt ein million kroner skulle eg kjøpt eit kamera,  reist til junaiten og gravd fram alt som fantes om Wanda Jacksons liv og laga ein fantastisk film om det.

3. Historia om Svarta Bjørn

Har du ikkje høyrt om Svarta Bjørn, seier du? Fy og fy. Dette er historia om verdas sterkaste dame (omtrent) som jobba som anleggskokke for rallarane i Narvik på attenhundretalet. Det er ei dame omgitt av mystikk og myter, og det er ikkje ein gong heilt sikkert kven ho eigentleg var. I ei mastergradsoppgåve blir det sagt at

«…Historiene om Svarta Bjørn tilsier at hun både var en helgen og en skjøge, og referansene til hvordan hun stelte for rallarene er også tvetydige.»

Spanande? Jaaa! Nokon må lage ein film om dette! (Dette er det også skriven ein roman om. Den heiter berre Svarta Bjørn og finst garantert på eit bibliotek nær deg.)

Kva filmar vil du sjå? Skriv i kommentarfeltet!

Reklame

Where Am I?

You are currently browsing the Kultur category at Lunemanns leikegrind.