Klein Kleinesen strikes back
05/12/2010 § 3 kommentarar
Eg skal vere så intetsigande at eg bloggar om noko som skjedde i helga. Verdas flauaste, kleinaste, pinligste og vanvittig sjeldne opplevelse skjedde meg i går kveld, nemleg. Eg får vondt i magen av å snakke om det.
Eg likar å bryte handbak på fylla. Av og til vinn eg, som regel tapar eg. Sjølv om eg er skikkeleg sterk. Og i går kveld var eg ute på byen Luna i Oslobygda. Kjekk uteplass for den del. Men ja, for å «bli kjent» med han som satt på andre sida av bordet for meg måtte eg sjølvsagt spørre om han ville bryte handbak.
Lone (L): Heeeeey, kom igjen, vi må bryte handbak!
Random fyr (RF): Nei, eg er redd for å tape.
L: Eg tapar alltid, kom igjeeeen! Det er aaaartiiiig!
RF: Nei, eg vil ikkje.
Plutseleg bryt vi handbak allikevel. Eg vinn….litt for lett.
L: Kom igjen, ver litt mann då! Ein gong til!
RF: Neeei.
Vi gjer det igjen. Og igjen.
L: Whaaat, e du pingle eller?!
RF: Nei, eg har ein muskelsjukdom. Prøvde å sei det til deg i stad.
L: Eh….hæ?
HerreGUD kor kleint. No sitt eg på Gardermoen og hatar det. Men eg har hatt ei kjekk helg.
Snakkes på flyet. Hehe.
Klein veke, dag 3: Klein konkurranse og mykje, mykje meir!
20/10/2010 § Kommenter innlegget
Hallo på do (klein ordleik)!
Eg går ut i frå at alle er superspente på kva som vil dukke opp i dagens kleine post. Men før eg serverar hovudretten på gullfat; her er lagmannsretten (enda kleinare ordleik), apperitifen, ventepølsa, mjølka rett frå pakken osv:
Det er klein-konkurranse-tid!!! Og ikkje om kva som helst! Du må skrive ein klein epost til meg eller ei melding på t.d. Facebook om noko kleint som har skjedd deg (eller «nokon andre») innan i morgon kveld klokka åtte! Då publiserar eg nemlig alle historiene, og den eg tykkjer er best, altså kleinast og flauast (sjølv om du tykkjer det så har eg kanskje ei anna tålegrense enn deg…), blir faktisk premiert! Eg kjem til å sende noko ekstra kleint i posten (ja, ein ekte pakke, du kjem til å omkomme av nostalgia) til den «heldige» vinnaren. Heile opplegget er sjølvsagt 100% anonymt (ikkje pakken, idiot. Skulle tatt seg ut om eg sendte pakke til Anonym Kleinesen) så du kan teknisk sett skrive kva du vil. Og eg håpar så mange som mogleg hiv seg med!
Send klein historie til lone.lunemann@gmail.com og bli med i konkurransen du og!
Well, well, well. No over til rosinen i pylsa. I dag har eg filosofert ein del over den djupare betydninga av begrepet kleint. I kvardagen omgås eg ein del tyskarar (lurar på kva min avdøde bestefar hadde sagt til det. Min motstandshelt av ein bestefar, faktisk.) og på jobb får begrepet eit heilt anna innhald. «Das/die (korriger meg gjerne) kleine vater» er t.d. eit mykje brukt uttrykk. Vater er berre det norske ordet for vater, på tysk heiter det vasselvare eller noko sånt. Og klein betyr jo liten på tysk, om du ikkje visste det. Eg blir også med jamne mellomrom kalt Liliput av kollegaene mine, så dei tykkjer eg er ganske klein. På den tyske måten. Så i denne posten hadde eg tenkt å utvide begrepet litt, men så visar det seg at noko forferdelig teit og uartig har skjedd med Firefox-en min. Så eg får ikkje posta noko anna enn to rimeleg kleine videoar:
Først ut er ein video kor Polkabjørn og Kleine Heine (hehe) jodlar og spelar trekkspel ilag med Håvard Lilleheie. Bonuskleinhet: Eg har vore på fest med jodlegutane. I Romsdalen. Det var faktisk ganske kleint…
Den andre videoen er frå sjølvaste Kykelikokos, alle som var ungar på nittitalet sitt favorittprogram. Eg fekk ideen til å poste det når eg skreiv om klein-konkurranse-tid. I denne videoen har dei ein veldig rar konkurranse kor ein unge skal gjette kor forskjellig søppel skal kastast. For å gjere det ekstra gøy å bry seg om miljø har dei tilsett ein vaksen mann med rare briller til å hoppe, danse og øydelegge mat og å sløse med solkrem. Det er miljøbevisst, det. Og kleint. Ikkje minst.
Ellers kan du lese litt om eit kleint syndrom her. Ha ein fin dag! Bli med i konkurransen då vel! Pliiiiiis!
Klein veke del to: Dødens pølse!
19/10/2010 § Kommenter innlegget
Du gjekk ut på byen for å finne ein mann
Du tylla i deg mykje anna enn vann
Og lent over bardisken, ikledd skjorte og slips,
sto der ein kar på jakt etter rips.
Han smilte så lurt, blunka og lo
Du kjente deg varm og du kjente deg mo
Mørke auge, nydeleg smil
Dette var drøymemannen, heilt utan tvil
Du blei med han heim, berusa og glad
Han virka så kjekk (og hadde nyvaska…bad)
Snart var de i gong på sofaen i stua
han kledde av deg buksa, han kledde av deg hua
Det humpa og gikk som seg hør og bør
Virka som om han hadde gjort det før
Men plutselig skjedde noko skikkeleg leit
Han blei heilt slapp, det var lite greit
For der! Dødens pølse! Til tross for begjær!
Han takla ikkje dama uten klær.
Pinlig taushet, minutt for minutt
Og der var helgeeventyret slutt…
Oppsummering: Den kleine stemninga på slutten er til å ta og føle på (i motsetnad til andre ting. Hehe.). Takk til dagens bursdagsbarn Anna Watson for det heilt fantastiske uttrykket dødens pølse! Eit anna uttrykk for klein stemning!
Takk for i dag!
Lunemann introduserar: Klein veke!
18/10/2010 § 5 kommentarar
Denne veka er det KLEIN VEKE her i leikegrinda! Kvar dag kjem det eit nytt og kleint innlegg om ein ny og klein ting eller hending. Og viss du ikkje har peiling på kva ordet klein betyr, så står dette i nynorskordboka:
klein a1 (lty kleine, klêne «tynn, fin») | |
1 | veik, sjukleg, klen (2) bli k- |
2 | dårleg, skrøpeleg, i dårleg stand, klen (2) ein k- farkost / k-t arbeid / k-t gjort dårleg gjort, simpelt |
For meg er det eit uttrykk som eg vokabulært adopterte då eg flytta sørigjenna. Lik det eller ikkje, kleint er det uansett. Og kleint som i flaut, lite teit ass, ubehagelig stemning, eks møtar ny kjærast, svigerforeldra dine er nakne, etc. Du får ein emmen smak i munnen og vil mykje heller plukke sigarettsneipar frå golvet på ein uteplass. Og då trur eg vi har begrepet på plass hos dei fleste. Eller må du ha det inn med teskei? Då kan du sende ei teskei til meg (adressa står i telefonkatalogen) så skal eg forklare det på nytt.
Men vekk frå mine ekstreme pedagogiske evnar; her er dagens kleine greie. Du har kanskje høyrt om det amerikanske bandet Extreme (som du kan lese kjempemasse spanande om her, hehe). Dei hadde suksess med ca to låtar. Den eine heiter Get the funk out og er relativt lite spanande. Men den du skal få sjå her har eit eige kapittel i boka om kleinheit. Eg høyrte den på Radio Noreg for ei stund sidan og holdt på dette ned frå stillaset. Eg høyrte nemleg nøye etter på teksten. I byrjinga kan låta virke veldig søt og romantisk, men i omtrent tredje verset går dei amok. Denne låta er eigentleg ein måte å lure kjærasten sin til sengs på. Berre høyr på dette:
Etter å ha lest teksten på nytt så har eg ombestemt meg. Det er berre tittelen og den søte gitarspelinga i byrjinga som er koseleg. Heile sangen handlar eigentleg om å lure nokon til å ligge med deg, og byrjinga er sjarmøretappen kor du latar som du er sååå interessert i hesten til din utkåra fjortenåring. Dette er neste steg, ho er blitt forelska og vil ikkje såre deg for alt i verda:
What would you do if my heart was torn in two
More than words to show you feel
That your love for me is real
What would you say if I took those words away
Then you couldn’t make things new
Just by saying I love you
Åååå, sjølvsagt ikkje. Og når du ser sånn ut er det jo enda vanskelegare å sei nei:
Neste steg er å komme med konkrete forslag. Og Extreme-gutane vil ikkje ein gong pakke det inn i fine ord, dei går rett på:
Now I’ve tried to talk to you and make you understand
All you have to do is close your eyes
And just reach out your hands and touch me
Hold me close don’t ever let me go
More than words is all I ever needed you to show
Then you wouldn’t have to say that you love me
Cos I’d already know
Herregud. Du vann!
Oppsummering: Dødsklein tekst. Videoen er like bra. Eg får spesielt gåsehud av den kastinga med håret og den veldig sensuelle måten å bevege leppene på når dei syng. Denne videoen er denne vekas Hanne Nabintu Herland. Berre at Extreme ikkje utgjer nokon reell fare for demokrati og sånn. Eller vent litt, gjer Nabintu det…?
Eg håpar de er nøgde og at de sei i frå dersom de har meir kleint å dele med meg. I morgon blir det kanskje noko betre. Spørs på kva måte det blir betre…
Takk for i dag.