Jævla kvinnfolk som masar no igjen

04/05/2011 § Éin kommentar

Menn Med Makt går ikkje alltid i dress og slips. Nokon gonger går dei i heilt vanlege klede, kamuflert som om dei var heilt vanlege folk. Og av og til er dei heilt vanlege folk, også. Ein merkar ikkje at dei er Menn Med Makt før ein kjem i snakk med dei. Før ein har utveksla eit par setninger med dei om kva som helst. For viss det er noko dei tykkjer er interessant eller spanande, så trur dei gjerne at dei veit og kan veldig mykje om det, sjølv om dei mest sannsynleg (som alle oss andre) berre har sett eit nyhendeinnslag på Dagsrevyen eller lest eit lesarinnlegg i avisa om det. Noko som ikkje er særleg mykje, men ein Mann Med Makt kan få det til å høyres ut som om han har ein doktorgrad i emnet. Her er eit døme:

Du: Har du fått med deg den saka om dei femti milliardane han derre /namnet på ein rik og ufyseleg skipsreiar/ hadde gøymt unna?

Mann Med Makt: Problemet i samfunnet er jo at ein ikkje sett pris på dei som skapar verdiane. Altså arbeidsgjevarane. Dei ofrar og satsar og får skulda for alt. Vi i Noreg er fulle av janteloven alle mann.

Du: Jojo, men det er jo litt drøyt av han å berre snike seg unna med….

Mann Med Makt: (Avbryt) Men det er jo klart at vi treng lovar og og reglar til å regulere. Men han har jo tent pengane gjennom ærleg arbeid.

Du: Eg må faktisk stikke og rekke bussen.

Mann Med Makt: Veldig kjekt å diskutere politikk med deg. Skal eg køyre deg heim?

Døme nummer to:

Mann Med Makt: Fortell meg litt meir om deg sjølv. Kva musikk likar du, til dømes?

Du: For tida høyrer eg mykje på norsk undergrunnspønk frå byrjinga av åttitalet. Jævlig mange kule tekstar sjølv om nokon av dei er skikkeleg banale!

Mann Med Makt: Mhm. Eg likar Jan Eggum. Han har nokon skikkeleg djupe, bra tekstar. Han bør du høyre på.

Du (hatar Jan Eggum): Jan Eggum du, jasså. Eg høyrte at han spelte i Oslo her for litt sidan.

Mann Med Makt: Ja, eg var der for eg kjente ljodmannen. Jævlig mange fine damer som liker Jan Eggum, hehe.

Du: Du bør sjekke ut eit av dei banda eg snakka om, dei heiter Utbry….

Mann Med Makt: (Avbryt) Ja, Eggumen er fin han, han treff liksom både breitt og smalt på ein gong, om du forstår. Han har noken jævla fine gitarsoloar på den siste skiva og, men dykk jenter er vel ikkje heilt inne på sånne tekniske ting i forhold til musikk, hehe.

Du: Eg må faktisk gå no, har ein avtale med nokon venninner.

Mann Med Makt: Og vi som hadde det så fint?

Neste gong: Kvinner som maktkåte, griske kjerringer som utnyttar menns kjensler PÅ DET GROVASTE. Vil du vere med så heng på!

Reklame

Kanskje verdas kortaste blogginnlegg

20/02/2011 § 2 kommentarar

…Dei popkulturelle referansane dine er for gamle. The ugliest band in the world, seier du til jenta som sit rett overfor deg ved kafèbordet. Ho sluttar å røre i kaffiglaset med skeia og ser på deg med eit blikk som er umogleg å mistolke. Du er like aktuell som ein sliten trusestrikk.

Kva skjer vidare? Kom med framlegg, er du grei. Hjernen min er kollapsa; forårsaka av hostesaft med morfin, Captain Morgan, umogleg kjærleik, hjarter av jern, rockabilly, revolusjonane i midtausten, for mykje isolasjonsstøv, duftljos, fire timar lange telefonsamtalar og alt anna som er fantastisk og noko forbanna drit på ein gong.

Beklagar. Kanskje blir det like lenge til neste innlegg.

U for uoppnåeleg

24/11/2010 § 2 kommentarar

Det er der, kvar dag, overalt rundt deg. Med mindre du er deltakar i programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er det vanskeleg å unngå det. Eg snakkar sjølvsagt om alle kapitalistars lukkepille og veg til himmelhøge salstal: Reklame. Reklame, reklame, reklame. Eg holdt på å satse på ei karriere i reklamebransjen før eg tok til vettet. Men det var ikkje mitt eige liv eg skulle snakke om no (for ein gongs skuld). Det er dette med reklame igjen. Den som kjem dumpande i postkassa di, flimrar over skjermen mellom dei to nesten-kvartera ein random sitcom varar. Med høg lyd og glossy papir. Og fine damer. Som regel. Dei er hvertfall fine på papiret og på idiotboksen. Og medan dei blafrar med sine crazylange augevippar og blottar dei krittkvite tennene sine fortel dei deg at sidan dei byrja å bruke den og den sjampoen eller den og den maskaraen så har livet vorte mykje enklare. Eller at sidan dei kjøpte den digge dundyna på Jysk har dei aldri vore så varme eller deilige. Du tek poenget, ikkje sant? Alle tek poenget med reklame. Det er enkelt.

Eg skal fortelle litt om noko som kan høyrast merkeleg ut viss du ikkje har høyrt dette uttrykket før:

Skjønnhetstyranniet. Skjønnhets – tyranniet (au.). To veldig forskjellige ord, pluss (skjønnhet) og minus (gjett) i lag. Det blir minus, det veit til og med eg. Og skjønnhetstyranniet er eit einaste forferdeleg minus. Det det dreiar seg om er at frykteleg mange jenter (no også gutar i større grad enn før) går rundt med frykteleg dårleg sjølvtillit. Fordi dei meiner dei har rare armar, små puppar, skeiv nase, stygg hud, feil kroppsfasong, stor mage, tjukke hofter, små auger og så vidare. Omtrent alle meiner det er ein eller anna produksjonsfeil med eins eigen kropp. Og dette er ikkje ein gong folk som manglar armar eller bein. Dei er vanlege 0g forskjellige. Og sånn vil det alltid vere! Allikevel går alle desse menneska rundt og prøvar å sjå ut som nokon andre. Dei brukar masse tid og energi på å sjå perfekte ut. Og – pengar. Dei kjøpar dill og dall og lipgloss med forstørringsmiddel i for å sjå ut som noko anna enn seg sjølv. For å strebe mot eit uoppnåeleg ideal som ingen, og då meiner eg ingen, nokon gong kan få til å bli. Det er berre å gje opp med ein gong.

Men vent…. kva med alle dei fine damene eg skreiv om i byrjinga? Dei som blafrar og blottar og sånn? DEI er jo pene, dei! Guess what, her kjem spoilaren, kven døyr i HP 6, kven får mandelen i grauten i år, etc.:

DET ER TULL! DEI ER IKKJE EKTE!

Hah. Det føltes godt. Og det er sant; dei blir photoshoppa og redigerte til det ugjenkjennelege. Berre sjå her:

Og no ristar du sikkert litt på hodet medan du tenker at «EG! Hah! EG blir ikkje påverka! Eg har min eigen stil og driiiit i reklame!» Og det kan jo hende at du er deltakar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men eg tør å påstå at du BLIR påverka.  Her er nokre tal henta frå aktivisme.no om nettopp det (og beklagar at det er på liksomnorsk):

  • En av tre jenter oppgir at de får dårligere selvbilde av å se på reklame for mote. Dårlig selvtillit gir et stort psykisk press, og kan være skadelig for helsen til unge jenter. I tillegg fører dette til et slanke- og skjønnhetspress.
  • Halvparten av landets femtenåringer slanker seg, eller har prøvd å slanke seg.
  • En tredjedel av norske trettenåringer ønsker å gå ned i vekt.
  • Halvparten av jentene på videregående syns de er for tykke. Bare 20% av nordmenn er overvektig, og knappe 2% er sykelig overvektig.
  • 10% av alle som slanker seg, utvikler en eller annen form for spiseforstyrrelser. 50.000 norske kvinner lider av spiseforstyrrelser. Spiseforstyrrelser er den tredje største dødsårsaken i Europa, etter ulykker og kreft.

Dette er jo unekteleg ganske sjukt. Eg og mange andre blir hvertfall ganske forbanna av det. Difor har vi bestemt oss for å gå til krig. Ikkje med klasebomber og granatar, men med klistremerke og plakatar. Heh. Det rimte jo nesten.

Viss du ikkje enda er blitt forbanna nok til å synes at krig mot retusjert reklame er kult, så kan du jo tenke på at nokon tenar pengar på dette. MYKJE pengar. Kor mykje trur du den øverste sjefen i Hennes og Mauritz tenar på at du vil ha ein «perfekt kropp»? (samstundes som det sitt ungar i Asia og syr kledene vi brukar, til luselønn, men det er ei anna sak.)

Men ja. No er du vel overbevist? Gå inn på aktivisme.no og les meir og meld deg som aktivist. Og ei lita faktaopplysning heilt til sist:

Du ER bra nok. Du ER fin. Drit i å samanlikne deg med dei sjukt tynne modellane til H&M. For når ein tenkar på det er det jo litt som å samanlikne seg med Dolly Duck, liksom. Like ekte.

Lunemann introduserar: Klein veke!

18/10/2010 § 5 kommentarar

Denne veka er det KLEIN VEKE her i leikegrinda! Kvar dag kjem det eit nytt og kleint innlegg om ein ny og klein ting eller hending. Og viss du ikkje har peiling på kva ordet klein betyr, så står dette i nynorskordboka:

klein a1 (lty kleine, klêne «tynn, fin»)
1 veik, sjukleg, klen (2) bli k-
2 dårleg, skrøpeleg, i dårleg stand, klen (2) ein k- farkost / k-t arbeid / k-t gjort dårleg gjort, simpelt

For meg er det eit uttrykk som eg vokabulært adopterte då eg flytta sørigjenna. Lik det eller ikkje, kleint er det uansett. Og kleint som i flaut, lite teit ass, ubehagelig stemning, eks møtar ny kjærast, svigerforeldra dine er nakne, etc. Du får ein emmen smak i munnen og vil mykje heller plukke sigarettsneipar frå golvet på ein uteplass. Og då trur eg vi har begrepet på plass hos dei fleste. Eller må du ha det inn med teskei? Då kan du sende ei teskei til meg (adressa står i telefonkatalogen) så skal eg forklare det på nytt.

Men vekk frå mine ekstreme pedagogiske evnar; her er dagens kleine greie. Du har kanskje høyrt om det amerikanske bandet Extreme (som du kan lese kjempemasse spanande om her, hehe). Dei hadde suksess med ca to låtar. Den eine heiter Get the funk out og er relativt lite spanande. Men den du skal få sjå her har eit eige kapittel i boka om kleinheit. Eg høyrte den på Radio Noreg for ei stund sidan og holdt på dette ned frå stillaset. Eg høyrte nemleg nøye etter på teksten. I byrjinga kan låta virke veldig søt og romantisk, men i omtrent tredje verset går dei amok. Denne låta er eigentleg ein måte å lure kjærasten sin til sengs på. Berre høyr på dette:

Etter å ha lest teksten på nytt så har eg ombestemt meg. Det er berre tittelen og den søte gitarspelinga i byrjinga som er koseleg. Heile sangen handlar eigentleg om å lure nokon til å ligge med deg, og byrjinga er sjarmøretappen kor du latar som du er sååå interessert i hesten til din utkåra fjortenåring. Dette er neste steg, ho er blitt forelska og vil ikkje såre deg for alt i verda:

What would you do if my heart was torn in two
More than words to show you feel
That your love for me is real
What would you say if I took those words away
Then you couldn’t make things new
Just by saying I love you

Åååå, sjølvsagt ikkje. Og når du ser sånn ut er det jo enda vanskelegare å sei nei:

Rockebandet Extreme.

Neste steg er å komme med konkrete forslag. Og Extreme-gutane vil ikkje ein gong pakke det inn i fine ord, dei går rett på:

Now I’ve tried to talk to you and make you understand
All you have to do is close your eyes
And just reach out your hands and touch me
Hold me close don’t ever let me go
More than words is all I ever needed you to show
Then you wouldn’t have to say that you love me
Cos I’d already know

Herregud. Du vann!

 

Oppsummering: Dødsklein tekst. Videoen er like bra. Eg får spesielt gåsehud av den kastinga med håret og den veldig sensuelle måten å bevege leppene på når dei syng. Denne videoen er denne vekas Hanne Nabintu Herland. Berre at Extreme ikkje utgjer nokon reell fare for demokrati og sånn. Eller vent litt, gjer Nabintu det…?

 

Eg håpar de er nøgde og at de sei i frå dersom de har meir kleint å dele med meg. I morgon blir det kanskje noko betre. Spørs på kva måte det blir betre…

 

Takk for i dag.

Høyrt på jobben

01/10/2010 § Éin kommentar

Eg har til no møtt to andre kvinner på byggeplassen sidan eg blei lærling (bortsett frå dei kule damene på kontoret; ingeniørane og arkitektane). Eg møter oftare rare, gamle menn som ikkje veit kva dei skal sei til ei blond dame med spikerpistol. Så i staden så seier dei:

…Jasså, du er her og hjelper til?

…Jasså, du er her og held dei i øyrene?

…Ja, dei seier at jenter er meir nøyaktige enn gutar.

…Åja, ja, det er du som skal hjelpe til med å bygge huset?

…Jasså, steike som du spikrar med den pistolen! (med nedlatande tonefall)

…Skal eg hjelpe deg med den tunge saga?

Og den beste til no:

…Jasså, du likar sånne snekkergreier?

Det går faktisk an å sei det som ein har sagt hittil:

Ein kvinneleg tømrar! Det var eit sjeldant syn!

Eg blir mindre sur for det! Også seier eg god helg med denne fantastiske sketsjen:

Mandagsblues

27/09/2010 § Kommenter innlegget

I dag las eg Anleggsprosa av Tina Åmodt då eg kvilte middag. Fin bok som skildrar livet som anleggsarbeidar på ein måte som i hvertfall eg kjenner meg igjen i. Språket er hardt som betong – men du klarar å trenge gjennom og leve deg inn i fortellingane. Bra bok. Les den.

Eg har omtrent berre lest nyhendeoverskriftene idag, men beit meg merke i ei spesiell sak. At  norske soldatar tykkjer det er diggare å drepe nokon enn…å ha sex. Det overraskar meg ikkje at det igjen kjem sjuke avsløringar om soldatane som er i Afghanistan for å bygge fred og demokrati og sånn, men allikevel blir eg skremt. Desse ungdommane, for det er det dei er, dei er tjueåringar som vil ut og realisere seg sjølv. Då drar dei til Afghanistan, eit av verdas fattigaste land, for å oppleve noko. Det dei vil oppleve er å få lov til å drepe! Det er heilt forbanna sinnsjukt! Eg vil ha desse ungdommane heim og eg vil at dei skal få psykiatrisk hjelp. Og eg vil at afghanarane skal få lov til å bestemme sjølv korleis dei vil ha ting i landet sitt utan USA-venlege narkobaronar ved makta.

Eg blir så forbanna oppgitt. Den krigen har vart i snart ni år. Argumenta for kvifor vi er i krig har variert frå «vi er der for kvinnenes skuld» (det har ikkje blitt betre. Aldri har så mange kvinner dødd i barsel i Afghanistan.) til «vi skal skape fred og demokrati». Tull og tøys. Vi er der for å hjelpe USA med å beholde verdsherredømmet sitt og fordi dei vil ha kontroll over olja i midtausten. Drittstat! Drittvesten! Kor mange gongar må ein eigentleg sei det?

Denne songen har ingenting med saka å gjere, men den er fin og litt trist:

Humørspredaren er no slått på

31/08/2010 § 4 kommentarar

Hadde det ikkje vore for at eg har skråtak i stova hadde eg gått på veggen. Å vere sjukemeldt er faktisk så kjedeleg at eg trur eg døyr. Eg blir litt nervøs av det. Men som den evige optimist (ha.ha.) finst det jo ting eg blir i godt humør av:

1. Å høyre på og drøyme om Cornelis Vreeswijk. Det gjer meg så ondt i hjartet at han er dau. Cornelis, å Cornelis, eg skulle ha anerkjent deg som kunstnar sjølv om alle andre berre ville høyre «Hönan Agda» når du spelte konsert. Sjølv om det var litt teit at du var konebankar og sånn. Og alkis. Men det passar ikkje inn i min draum om å bu i ein husbåt med deg.

Digg fyr.

2. Å draume om å banke nazipakk så mykje at dei ikkje er nazipakk lengre. Eg trur eg har vore for lenge i eit særs mannsdominert miljø. Eller kanskje eg berre er aggressiv og dritlei av snakk om dialog og piss. Nazistar fortener å få bank. Men det er jo eigentleg like greit at det ikkje er noko nazimiljø (som eg veit av) på Stord… Og til tross for mine smertefulle armar så hadde eg nok grust dei viss det plutseleg sto ein nazifaen i stova mi.

Fortener bank.

3. Å tenke på at eg kan bli rockestjerne når eg blir vaksen. Eg kan jo skrive halvbra tekstar. No treng eg berre ein gitar og nokon som anerkjenn røysta mi som genial og nyskapande. Eller noko sånt. Også er det jo greitt å kunne spele gitar, men det tenkte eg eigentleg at nokon andre kunne gjere. Uansett så skal bandet mitt bli like svært som The Rolling Stones og spele musikk som ikkje liknar på noko anna i heile verda. Og når folk spør kva eg blir inspirert av skal eg spytte og svare kjekt at «det einaste ein treng er nok drit. Har ein nok drit og ein kasse pils kan ein skrive tekstar om kva som helst.» Så skal dei drite i å spørje korleis eg føler at det at eg er kvinne har påvirka suksessen og om det er vanskeleg å kombinere kvinneliv med eit hardt turnèliv. Dette inngår altså IKKJE i draumen min om å vere rockestjerne.

4. Ferske brødskiver med makrell i tomatsalsa og varm te med mjølk. Det er det eg får til akkurat no. Så det skal eg nyte så godt eg kan.

Kva gjer du for å muntre deg sjølv opp? Det er forbode å svare roseblad i badekaret eller noko anna piss.

Daukjøtt og dautid

30/08/2010 § Kommenter innlegget

For det fyrste er det skikkeleg teit at det går an å tene pengar på at folk har dårleg sjølvtillit. At folk (spesielt kvinner) kvar einaste dag må forholda seg til eit uoppnåeleg ideal om korleis kroppen skal sjå ut. Uansett korleis du er fødd så er du feil. Det er som om vi er programmerte frå vi er små til å mislike oss sjølv. Men eg trur det heng saman med korleis vi blir oppdregne av både folk rundt oss og av media. Jenter les jo «jenteblader» frå dei er ganske unge. Der står det jo tusen tips til korleis ein kan forbetra utsjånaden sin. Eg vil påstå at ein blir ganske hjernevaska etterkvart som ein veks til i denne verda. Kosmetikk- og skjønnheitsindustrien tenar millionar på denne hjernevaskinga. Det er sjukt, sjukt sjukt.

Og for det andre er det rimeleg spesielt når det går gale. Slik som med damer som ender opp på denne måten fordi dei går til useriøse aktørar i bransjen. Då er det lett å kalle dei dumme og flire av dei. Men kva skal ein gjere? Kor skal ein starte? Det er galskap og det er fullstendig latterleg!

Apropos dautid: Her er ei gjedde. Eg ser på den og tenkjer at den er mykje finare enn han derre ekle Tybring-Gjedde (sjå førre innlegg). Også gjer den meg litt glad sidan eg blei jaga heim frå jobb i dag på grunn av armane mine som er fulle av betennelse.

(Har du forresten lest bladet til RU, Rebell? Viss ikkje, gjer det her. Det er heilt utruleg bra!)

Jævla rasistsvin!

29/08/2010 § 3 kommentarar

Ja, du ja. Skapar frykt og fordommar mot vanlege folk som kjem til Noreg fordi vi er i landet deira og bombar for fred. Du har ikkje peiling, du har ikkje beina på jorda i det heile tatt, du sitt på den jævla vestkanten og trur at alle muslimar er terroristar. DU er ei fare for landet. DU skapar frykt og får folk til å føle seg utrygge. Det er sånne som deg og dei skitne kapitalistvenane dine som øydelegg for vanlege folk ved å tene seg rike på arbeidet som VI gjer. De sitt på toppen av samfunnet og kastar drit på folk som tilfeldigvis ikkje et svinekjøt eller drikk alkohol.

Venane dine er berre opptekne av å tene mest mogleg pengar på kortast mogleg tid. De ser berre profitt. De drit i kva vanlege folk meiner. Vanlege folk i Noreg har ikkje makt og dette demokratiet er noko piss. Det er på tide at folk sluttar å bry seg om kva religion ein har og heller tar raseriet ut på dei som sit på toppen av samfunnet og tenar seg feite på vanlege og ærlege folks arbeid. Vi skal snu heile dette dritsystemet på hovudet – og DÅ kan du vere redd!

For å seie det med Ebba Grön:

Sida vid sida, tillsammans hjälps dom åt
staten och kapitalet, dom sitter i samma båt
fast det är inte dom som ror, som ror så svetten lackar
och piskan som kittlar, kittlar inte heller
deras feta nackar.

Veckans må-ha

25/08/2010 § 2 kommentarar

Det er dritver ute og verre skal det bli. For oss som jobbar utandørs er det viktig med komfår som ein seier, og då meiner eg tørr og varm. Samstundes er det jo fett viss ein klarar å halde «fashion-feelingen» vedlike. Så for alle motebevisste som befinn seg mykje utandørs kan eg anbefale denne:

Ein klassikar som aldri går av moten. Byggebransjens «lille sorte». Ja, sjølvsagt er det «Molde regnjakke» frå Aalesund Oljeklede. Sjølvskriven tilbehør er regnbuksa i same modell.

Når du først skal hyre på deg noko sånt som dette lekre gummiantrekket kan det vere greitt å vite at det fins meir tilbehør som ikkje berre matchar djevelsk bra – men som også er praktisk og lurt. Som til dømes denne vesten her:

Eg har fått begge deler i løpet av den siste veka. No er det klart for fashion sense på byggeplassen og! Gje deg sjølv lov til å vere litt STILIG på jobb!

Eg avrundar med denne stripa –

– og er litt sur fordi eg har betennelse i begge armane og berre kan yte 50 % på jobb. Kor mykje er det liksom. KJEDELEG!

Where Am I?

You are currently browsing the Frustrasjon category at Lunemanns leikegrind.