Veckans må ha – veke 37
17/09/2010 § Éin kommentar
Sånn har eg. Trur det er det mest sexy verktøyet eg har sett. Brukar han mest til å kutte gipsplater og å kvesse blyanten, og eg blir glad kvar gong eg får ein sjanse til å ta han opp frå vestlomma.
Ellers skal eg introdusere ein ny spalte neste gong eg bloggar. Den kan du ikkje gå glipp av! Eg seier berre ein ting: Oppstandelse!
Humørspredaren er no slått på
31/08/2010 § 4 kommentarar
Hadde det ikkje vore for at eg har skråtak i stova hadde eg gått på veggen. Å vere sjukemeldt er faktisk så kjedeleg at eg trur eg døyr. Eg blir litt nervøs av det. Men som den evige optimist (ha.ha.) finst det jo ting eg blir i godt humør av:
1. Å høyre på og drøyme om Cornelis Vreeswijk. Det gjer meg så ondt i hjartet at han er dau. Cornelis, å Cornelis, eg skulle ha anerkjent deg som kunstnar sjølv om alle andre berre ville høyre «Hönan Agda» når du spelte konsert. Sjølv om det var litt teit at du var konebankar og sånn. Og alkis. Men det passar ikkje inn i min draum om å bu i ein husbåt med deg.
2. Å draume om å banke nazipakk så mykje at dei ikkje er nazipakk lengre. Eg trur eg har vore for lenge i eit særs mannsdominert miljø. Eller kanskje eg berre er aggressiv og dritlei av snakk om dialog og piss. Nazistar fortener å få bank. Men det er jo eigentleg like greit at det ikkje er noko nazimiljø (som eg veit av) på Stord… Og til tross for mine smertefulle armar så hadde eg nok grust dei viss det plutseleg sto ein nazifaen i stova mi.
3. Å tenke på at eg kan bli rockestjerne når eg blir vaksen. Eg kan jo skrive halvbra tekstar. No treng eg berre ein gitar og nokon som anerkjenn røysta mi som genial og nyskapande. Eller noko sånt. Også er det jo greitt å kunne spele gitar, men det tenkte eg eigentleg at nokon andre kunne gjere. Uansett så skal bandet mitt bli like svært som The Rolling Stones og spele musikk som ikkje liknar på noko anna i heile verda. Og når folk spør kva eg blir inspirert av skal eg spytte og svare kjekt at «det einaste ein treng er nok drit. Har ein nok drit og ein kasse pils kan ein skrive tekstar om kva som helst.» Så skal dei drite i å spørje korleis eg føler at det at eg er kvinne har påvirka suksessen og om det er vanskeleg å kombinere kvinneliv med eit hardt turnèliv. Dette inngår altså IKKJE i draumen min om å vere rockestjerne.
4. Ferske brødskiver med makrell i tomatsalsa og varm te med mjølk. Det er det eg får til akkurat no. Så det skal eg nyte så godt eg kan.
Kva gjer du for å muntre deg sjølv opp? Det er forbode å svare roseblad i badekaret eller noko anna piss.
No er det helg
28/08/2010 § Éin kommentar
Eg og brodern sit i kvar vår sofa og gjer ingenting. Vi åt frukost og hugsa tilbake til frukostane hos mormor og morfar på Sunnmøre. Ingenting er som før.
Ingenting har også ein låt som som handlar om damer og det er denne:
Berre for å få opp helgestemninga liksom. I kveld skal eg drikke pils!
Hei
23/08/2010 § Éin kommentar
Som alltid har det skjedd mye sidan sist.
Eg har fått læreplass. Eg har blitt singel. Eg har blitt brun. Eg har komme på masse nye dårlege vitsar. Eg har vore på ein biltur kor vi presterte å køyre over ein rev. Eg har vore på sumarleir og hatt Ebba Wergeland på nært hold. Eg har flytta og bur no tre minutt unna stranda. Eg har drukke fersk kumelk og elska det. Eg har byrja å like meg sjølv litt betre.
Eg har fått eit nytt yndlingsdyr:
Hengt ein del med blant anna desse to:
Høyrt ein del på denne karen:
Også vurderar eg å melde meg på eit slags standup-kurs. Om eg finn eit. Trur de det er ein god idè?
(Dårleg vits: Kvifor svømte den dyslektiske kongen baklengs? Fordi han trudde han var ein del av kongereka.)
(Bileta i denne posten, bortsett frå moskusen (trur eg), er teke av Eline L. Fjæren. Ho er som de ser ein dyktig fotograf OG – ikkje minst – heilt sinnsykt god til å synge. Herreminhatt.)
Endeleg
17/06/2010 § Kommenter innlegget
Oi oi oi. Seks år er gått sidan eg for første gong begynte på vidaregåande skule. Då visste eg ikkje kva eg skulle bli. Kanskje skulle eg reise rundt med eit sirkus, kanskje skulle eg bli forfattar eller psykolog eller noko anna lurt. Eg skulle kanskje studere noko, det var liksom ein del av planen over Mitt Vaksne Liv.
Mykje har forandra seg sidan då, kan ein sei. Eg hadde det kjekt på medialinja og lærte masse. Eg hadde ein kjempefin klasse og har masse gode minner. Men draumen er ikkje lenger å «berre få vere kreativ og sånn», no er han definert og hogd ut til å bli det som er mitt neste mål: Fagbrev som tømrar. Det trudde ikkje eg, ikkje mamma, ikkje pappa og ingen andre då eg begynte på VG1 Bygg og anlegg hausten 2008. Men hey, eg står her eg, har nesten grodd skjegg etter to år på ei «gutelinje», og gler meg VELDIG til å begynne å jobbe og tene pengar. Det blir digg. Og når jobben kan vere så fin som min er i flekkane så blir det nesten for bra. Suck on that, kontorrotter!
Sjå, ho pustar!
16/06/2010 § 2 kommentarar
Å blogge er ikkje det same lenger. Før var det spanande og artig å lese alle bloggane som dukka opp, no er det som om alle har hengt undertøyet sitt (både nytt og brukt) ut sånn at alle skal få sjå. Det er ikkje morsomt lenger. Ikkje for at eg sjølv ikkje har vore særs utleverande i min blogg, eg har jo skrive om å både vere innlagt på galehus og det å bli utsett for seksuelle overgrep. Og ikkje at eg treng å lese alle bloggar som alle rundt meg har, men du veit. Innimellom dukkar det opp noko bra (undertøy?) som er verdt å følge. Resten er berre bambus!
Apropos bambus. I går var eg på den siste treninga før sommaren. Då fekk vi prøve oss med stokkar…av bambus. Det var kjekt å denge laus utan at motstandaren fekk ondt (fordi vi skulle treffe stokkane og ikkje kvarandre). Kanskje eg blir skikkeleg flink til det etterkvart? Den stilen vi trente på heiter Kali Sikaran og kjem frå Filipinane. Det er kjekt å trene når vi får prøvd så mykje forskjellig! Vi trener også ein del judo, og eg er etterkvart blitt ganske god på til dømmes dette kastet som heiter Ippon seoi nage.
Ellers kan eg jo friste med tre songar som gjer meg i godt humør for tida:
Denne låta er så utruleg kul, og bandet er heilt genialt! Den er introlåta til ein HBO-serie som heiter Hung og er utruleg funky og dansbar på ein sexy måte.
Kva kan eg sei? Barndommens favorittmusikk og ein fantastisk beskrivelse av norsk arbeiderklassekultur. Eg har endeleg kommen ut av Åge-skapet. Ja, eg liker Åge! Det er så kult at det går an å skrive ein så bra tekst om noko så vanleg. Også minnar den meg om min eige oppvekst. Reint pizzamessig.
Herregud. Sjå på dette. Dette er kunst. Røysta til denne mannen og teksten passar utruleg bra ilag. Eg elskar denne låta!
Til slutt vil eg ikkje love noko neste innlegg, for kva veit eg, det kan gå både tre og fire månader til neste. Snart treng denne bloggen kunstig åndedrett. Sneiks!
Ting du ikkje trudde du trengte å vite om musikk, post 1
24/09/2009 § 7 kommentarar
No er det lenge sidan eg har blogga på gøy og ikkje fordi eg må. Sidan sist har eg:
…IKKJE kommen inn på Stortinget. Kanskje like greitt?
…blitt sambuar med denne kjekke karen her!
…og vore på interrail med dette fantastiske mennesket!
Også vil eg skrive noko om musikk. Då eg var omtrent 16 år betydde stjerneteikn musikksmak mykje for meg når det gjaldt mitt utval av vener. Høyrte du på Maiden eller Nightwish måtte du vere ein idiot eller eit dårleg menneske. Det same gjaldt forøvreg folk som røysta på FrP. No veit eg at begge deler er feil og ganske tåpelege utslag av ei eller anna tidleg identitetskrise. Men til tross for det hadde eg få vener med same musikksmak som meg. Men nokon var det jo. Mi gode gamle venninne Heidi og eg delte ein fascinasjon for sikkerhetsnåler (å herregud, kva heiter dei på nynorsk? Tryggleiksnål? Hahaha!) vilkårleg festa i kledene våre, jakkemerke med pønkbandlogos og Sex Pistols (Eg var ganske stolt over å byrje i den enden når det gjaldt pønk – Green Day blei aldri heilt mi greie). Vi pleide også å gå på konsert med eit lokalt pønkeband i Tromsø. Eg hugsar ikkje kva dei heitte (noko med loff), men eg hugsar at Heidi var veldig forelska i vokalisten. Korriger meg gjerne på dette punktet.
Anywayz. Idag er eg ikkje like fanatisk oppteken av å høyre på den riktige musikken. Eg var faktisk på Maidenkonsert i fjor sommar. Dei er framleis ikkje favorittbandet mitt, men eg gjer litt meir faen. Eg har ikkje det same forholdet til sjangrar lengre, sjølv om platesamlinga mi er nøye sortert etter m.a. «grunnleggjande musikksmak» (Beatles & Zeppelin) og «halvkul poprock eg sjeldan høyrar på» (Bo Kaspers Orkester & Mika). Men interessen og kunnskapen er der, og kvifor ikkje då dele den med dei tusen lesarane som dagleg tek turen innom bloggen min (…)?
Og her kjem ei litt artig historie om han som sang den derre American Pie. Nemleg Don McLean. Han lagde ei anna, litt mindre kjent låt som eg har forelska meg litt i:
Don McLean skreiv denne songen etter å ha lest ei bok om Vincent Van Gogh. Han blei fullstendig oppslukt, ikkje berre av biletet, men også av sjølve kunstnaren. Songen heiter jo også «Vincent». McLean dedikerte faktisk eit heilt album til van Goghs kunstverk. Albumet fekk tittelen «Starry Night» – etter biletet under.
Ei dame som heitte Lori Lieberman såg Don McLean på scenen under ein konsert kor han framførte blant anna «Vincent». Ho blei reint betatt, noko eg godt kan forstå, for sangen er jo nydeleg. Ho blei så fascinert av fyren og sangen at ho skreiv eit dikt med tittelen «Killing me softly with his song». Og dette er jo mange år sidan, vi må heilt tilbake til 1971. Ho spelte den inn, uten særleg suksess. Men soulsangerinna Roberta Flack gjorde ein ny versjon i 1973 som blei heilt fantastisk fin!
Og med dette seier eg god natt og god kveld. I neste post skal eg avsløre kva Neil Young og Lynyrd Skynyrd EIGENTLEG har med kvarandre å gjere!
Eg skryt på meg yrkesstoltheit og viser fram skuleuniforma mi
12/01/2009 § 5 kommentarar
Klær skapar folk seies det. Eg har ikkje tenkt så mykje på det eigentleg, før eg begynte på bygg- og anleggsfag i haust. Då fekk eg beskjed om å kjøpe ei arbeidsbukse. Den ser sånn ut:
Eg liker å gå rundt i byen, eigentleg uten å trenge det, med arbeidsbuksa mi på. Ho er omtrent sju cm for lang for meg og veldig, veldig skitten akkurat no. Men eg elskar ho. Eg elskar å gå rundt med nasen i sky og vite at eg ser ut som «ei jente det er tak i», som sjefen min så fint formulerte det. Eg liker at buksa fungerer som uniform med sin klare, knallblå farge, og på den måten gjer at folk legg merke til meg når eg har ho på. At ho så tydeleg signaliserar at eg er ei jente som tar ei utdanning innanfor eit tradisjonelt mannsdominert yrke. At eg tilhøyrer den klassen som faktisk GJER noko her til lands.
Det var ei stund eg innbilte meg at eg var teit og barnsleg som ikkje ville kle av meg buksa etter endt skuledag i verkstaden. Men eg har skjønt at det ikkje gjer noko; det er vel ikkje eit problem at eg allereie kjenner ein viss yrkesstoltheit over mitt framtidige fagbrev?
Stemning
23/09/2008 § 9 kommentarar
No er det haust. Ute har dei siste plommene falt frå treet i nabohagen, så vi kan ikkje gå på slang meir. Dagane er kortare, men samstundes lengre fordi eg har meir å gjere enn før. Eg kjenner att kjensla av å ha fri – og den har eg ikkje opplevd på lenge. Inne er det lekser å gjere, bøker å lese og ting å glede seg til. Eg er ikkje åleine, eg kjem aldri til å bli åleine igjen, sjølv om du er langt vekke og eg kjenner det i magemusklane om kvelden når eg veit du ikkje skal sove ilag med meg.
Men tida går fort. Ho flyg avgårde, som ein rosa fykehest fylt med helium. Og eg har det veldig kjekt. Eg finn fram stearinlysa mine igjen, sett på plata med Rudolf Nilsen og går hausten i møte. Eg går han i møte med eit nytt og spanande yrkesval, ein eg vil dele livet mitt med og store planar for framtida. For framtida, ho er fantastisk. Vi skal lage revolusjon, veit du, og snart er det sumar igjen. Hausten går, og vi blir klokare for kvar gong vi trekk pusten. Trekk pusten du og, og kjenn kor fint det er å leve. Og eg kan supplere med ein av verdas finaste kjærleikssonger. Den oppsummerar lengsle og savn. Det kan ikkje seiast betre.
Jeg hadde sett dig lenge, der du kom
for alltid vet jeg det, når du er nær —
og hadde tenkt å hilse lett og koldt,
fordi jeg ennu har dig altfor kjær.
Slik vilde jeg forsvare mig med kulde
og også verge dig på samme vis,
så alle våre nye drømme skulde
som sene blomster visne inn i is.
Jeg hadde tenkt… Men da du stanset
med dette hemmelige gode blikk
og dette fjerne smil, jeg vet så meget om —
da skjønte jeg at planen ikke gikk.
Jeg tok din hånd og følte fra dens flate
et varsomt strøk, det Iille kjærtegn, vi
bestandig brukte i en folksom gate
dengang da ennu intet var forbi.
Rudolf Nilsen: «Jeg hadde tenkt»
Ja, eg kjeder meg på jobb.
06/09/2008 § 3 kommentarar