Sangar som minnar meg om deg og ein til

25/08/2011 § Éin kommentar

Sjå vekk frå 22.juli. Sjå vekk frå eit heavily knust hjarte og sjansar som berre eksisterte i mitt eige sinn. Sjå vekk frå det å vere rådvill, åleine, uten fotfeste. Gløym eit aggressiv kvinnfolk og elendig vér. Ikkje tenk på ei sprukken leppe og dagar ein ikkje ante kva ein skulle sei, for ord blei for fattige. Gløym gnagsår og fylleangst; sommaren var fin den. Det er det eg vil prøve å hugse.

 

Sommaren var òg bysykling over Grønland. Lange fine samtalar med folk eg er glad i. Fersk fisk. Reinskinn i teltet. Ein stor, raud drink på ein altan midt i Oslo. Besøk av mamma og pappa. Festivalkjærast med rullings. Ein fin sommarjobb. Brun rygg. Å reise aleine på festival på grunn av musikken.

To melodiar som minnar meg om to forskjellige bekjentskap på kvar sin måte.

Kva gjorde DU i sommar?

Reklame

Pauseknapp

15/08/2011 § Éin kommentar

Eg har tatt ein del store, personlege val den siste veka. Alt er snudd på hodet – til det positive – og eg har trykt på ein slags mental pauseknapp. Hoppa av bussen. Kall det kva du vil, det føles uansett jævleg bra.

Også er det valkamp. Eg vil drive med det, ikkje skrive lange tekstar om kjenslene mine. Vi snakkast i september ein gong, då lovar eg å vere morosam. NOT.

Å hei og hå sann og smør og salt –

17/04/2011 § 8 kommentarar

Kall meg bygdetulling, gjer narr av dei nordnorske anane mine og flir av ordet sny. Du har aldri opplevd å gå over eit langt snyras på veg heim frå skulen mens det buldrar i fjellsida. Du har aldri vore så verfast at du ikkje kunne halde begravelse for mannen din. Du har aldri smakt anna fisk enn den som ligg i frysedisken, panert og ferdig oppskoren. Du har aldri skore torsketunger, du anar ikkje kva ein pik er. Du har aldri hatt rein i hagen. Du har aldri vore nøydd til å droppe den siste halvtimen av kinofilmen for å rekke siste ferja heim. Du har aldri gått i frå huset ditt med ulåst dør. Du har aldri gått på ein skule kor det var nesten like mange lærarar som elevar. Du har aldri budd ein plass kor butikken stenger klokka eitt om laurdagen. Du har aldri vore nøydd til å klatre opp i ei fjellside for å få mobildekning. Du har aldri gått rundt eit fjellvatn i midnattsol med ordentleg mark på kroken og fiska i timesvis. Du har aldri hatt elevsamtale heime hos deg sjølv fordi du aldri har hatt di eiga mor som lærar. Du har aldri hatt ein time skuleveg. Du har aldri gått rett inn til nokon og banka på den inste døra fordi det ikkje er ringeklokke. Du har aldri tykt at ringeklokke er eksotisk. Du har aldri hatt bålrøyk i håret og ein kopp reinbuljong i neven i ein lavvo. Du har aldri vore ein plass kor ingen nølar når du spør dei om hjelp til noko, dei berre gjer det, fordi det er familie og då hjelper ein kvarandre. Du har aldri lege på eit reinskinn med ei isfiskestang i den eine neven og ei pølse med brød i den andre og hatt det jævlig godt. Du anar ikkje kva læsta er. Du har aldri hatt store naturopplevingar rett utanfor ytterdøra, utan oppmerka stiar eller trapper i fjellet fulle av folk som skal ha kvalitetstid med familien fordi dei aldri rekk det ellers i veka. Du har aldri opplevd at blåveis berre er eit bilete i ei bok og aldri har vore eit vårteikn. Du har aldri gått i eit søttendemaitog utan korps. Du hugsar ikkje fyrste gongen du såg noko så sjeldant som ein raudruss og du har aldri vore på ein bygdefest kor far din er dørvakt. Du treng ikkje sjøluft og snyfokk for å trivst, og du blir døgnvill viss det er ljost døgeret rundt.

Og du har garantert aldri høyrt Boknakaran. No får du sjansen:

Kanskje er det banalt, men det er det nærmaste eg kjem kulturtilhøyrighet eller kva anna akademisk merkelapp ein skal setje på sånne kjensler.

Og du? Det er fint om du fortel kven du er når du fyrst har lest heilt hit!

No

10/04/2011 § Éin kommentar

Brøddeig. Fyr i omnen. Tanken på ein sterk neve rundt min. Og verdas mest forelska par. Berre sjå:

Det er magisk! Dei er herlege.

Eg skryt faderskipet i senk

09/03/2011 § 3 kommentarar

I går var det åttande mars. Den internasjonale kvinnedagen. Den kan eg skrive mykje om, og det tenkte eg å gjere, men ikkje idag. For i dag er det nemleg også ein spesiell dag! Pappaen min har bursdag og fyller femti år!

Fyrste gongen eg traff pappa var eg omtrent to år. Nei, han er ikkje den biologiske faren min, men han er den som har vore pappaen min så lenge eg kan hugse. Mamma flytta frå Sunnmøre til den forblåste utposten som er heimbygda mi, tidleg på nittitalet, for å jobbe der som lærar eit år. Hehe. Eg byrja i barnehagen der, og fyrste året var pappa julenisse for oss på juletrefesten. Det hadde eg likt så godt at eg hadde spurt mamma om vi ikkje kunne flytte til nissen. Trur eit visst nyforelska par var litt flaue då, og berre ein hadde maske på…

Å vere forelska på byrjinga av nittitalet var garantert ikkje sånn som det er idag. I dag kan ein stalke kvarandre på facebook, sende sjuhundre tekstmeldingar og ha eit fotoalbum av din kjære med deg på mobilen. For sånne som foreldra mine kor minst ein var veldig teknisk anlagt var løysinga å forlenge telefonkabelen i huset kor eg og mamma budde – sånn at ho kunne ligge i senga og snakke i telefonen med pappa om kvelden. Imponerande, men ikkje overraskande. For pappa er sånn. Han er ein sånn som alltid har fiksa alt som kan fiksast. Kjøpe ny vaskemaskin? Gløym det. Vi kjøpar ein brukt og reparerar eventuelle feil.

Dette er noko eg har teke med meg vidare. Som tolvåring var det kanskje litt flaut å ikkje ha ny og moderne snøskuter slik som «alle dei andre» (for mine venar som ikkje er oppvaksne på bygda i nordnorge så er dette kanskje ein litt eksotisk del av noregshistoria). Men min pappa er ikkje som alle andre, og han har aldri heller vore det. No som er eg blitt eldre set eg pris på det. For det å ikkje vere som alle andre er ikkje det same som å ikkje vere godt likt.

For med eit stort hjarte, alltid ei hjelpande hand og ein vits i bakhand så er det nesten umogleg å ikkje bli likt. Sånn er nemleg pappaen min. Han er ein sånn som hjelpar så godt han kan, uansett kven som spør. Og han er sjølvsagt handyman numero uno! Så når eg byrja på byggfag og i læra – då fekk vi plutseleg veldig mykje meir å snakke om. Og sjølv om verken mamma eller pappa trudde heilt på meg fyrste gong eg sa eg hadde tenkt den tanken, så var det faktisk pappa som sa dette til meg ein gong for mange, mange år sidan:

Ingenting er umogleg.

Kva har det ført til? Ei tru på at det finst ei løysning på dei fleste av livets problem, berre ein tør å gjere noko med dei. Av all barnelærdom i heile verda er det kanskje det eg tykkjer er viktigast. Ein må av og til kaste seg frampå, sei ting som ein ikkje «skal» sei høgt, kreve sin rett og ha sjølvtillit til å stå på sitt.

Akkurat no er pappa i USA, kor han jobbar ombord på eit cruiseskip som maskinist. Og kvar dag når eg vaskar nevane etter arbeid tenkjer eg på pappa. Det er litt rart, for mine er så små og pappa sine er så store. Men arbeidsnevar er arbeidsnevar.

Til slutt skal de få bursdagsskrivet som sto i lokalavisa i dag. Det har mamma skrive:


Vi vil gratulere deg med dagen, og selv om du ikke befinner deg i vår verdensdel da, har vi veldig lyst til å rope Hurra! for den snilleste mannen vi kjenner.

For mer enn 20 år siden, da ble jeg kjent med deg.
I skuffene på kjøkkenet så trodde faktisk jeg
at bestikket hørte til, men nei:
Der fant jeg bare ledninger og verktøy i en miks –
for det kunne nemlig hende at noe trengte fiks!

Hvis noen har et apparat som trenger reparasjon,
så er det ofte lett for dem å ta en telefon-
kan du komme hit og hjelpe meg,
for du har ingen peiling på å bruke ordet nei!

Etterhvert så blei det hus og hjem,
og familiens medlemmer økte til fem.
Vi er ikke A4 hverken du eller jeg,
men nettopp derfor vandrer vi på livets landevei
med samme gode kjærlighet som bare vi kan dele.
Så ofte som vi har anledning prøver vi å stjele
mest mulig tid i skog og mark- din største interesse.
Der kan vi slappe av og leve helt uten å stresse-
det jeg har lært av deg!

Når livet er som svartest og ingen trøst kan lindre,
da er du den som holder fast og stryker smerten mindre.
VI ER GLADE I DEG!!!

Sånn. Gratulerar med dagen, pappa!

Nyttårsløfter

23/12/2010 § 2 kommentarar

Eg er prinsipielt i mot nyttårsløfter. I alle fall for min eigen del. Kva er det med å begynne på eit nytt år som liksom skal få meg til å bli eit fantastisk og betre menneske? Dagen etter at eg har drukke meg dritings, åte kalkun til vingebein stikk opp av halsen og sovna på ein frysar (nei vent, det var nokon andre) – det er tidspunktet for å bli eit nytt og betre menneske? Flaks at eg ikkje røyker.

Men prinsipplaus som eg er har eg laga nokre nyttårsløfter allikevel. Dei er like diffuse som eit gjennomsnittleg valprogram frå Arbeidarpartiet, så om eg klarar å halde dei… det er jo igrunn opp til meg å avgjere. Det er jo ikkje som om eg er demokratisk valt. Hehe.

Well, well, well. Her er dei:

I 2011 skal eg ha det artig.

Æh, eg gjer opp. Alt anna blir jo bare utdrag frå sjølvhjelpsbøker og dameblader. Gidd ikkje! Godt nyttår!

Endring

21/11/2010 § Kommenter innlegget

Først: Tunge løft. Vanskeleg å nå opp. Ukjente begrep. Teknisk innsikt som ikkje finst. Er for liten.

Etterkvart: Teknikk. Eigne løysingar. Musklar. Lukta av sagspon er det beste som finst. Funksjonar ein oppdagar på eige hand. Innsjå at eg aldri blir to meter høg, men at eg kan gjere jobben min uansett.

Først: Ondt i ryggen. Slitne armar. Vond nakke. Tunge sko. Klær med feil passform. Pene nevar.

Etterkvart: Styrke. Sko og klede i rett storleik. Skitne nevar som minnar meg om pappa når eg vaskar dei etter arbeid. Arbeidsnevar, det er pappa det. Og no også meg.

Først: Rare blikk. Kva gjer du her, du er jo jente? Kommentarar ein ikkje klarar å svare på.

Etterkvart: Framleis rare blikk. Men også polakkar som seier «respekt» til meg når eg løftar tunge ting.

Først: Strebe etter eit skikkeleg kosthald. Dårleg samvit for ting ein unnar seg. Dårleg sjølvtillit. Misnøgd med kroppen min. Trenar for lite.

Etterkvart: Å ete fordi eg treng det. Å vere i fysisk aktivitet heile dagen, heile året. Ete ein sjokolade fordi eg har lyst. Kroppen er eit verkty som må haldast vedlike. Føle seg sterk, sunn og fin. Raude kinn.

 

Litt sånn byggebransjepropaganda på tampen av veka. Bli snekkar du også, jente!

Difor elskar eg dei

02/11/2010 § 13 kommentarar

Guro I. fordi ho alltid seier det ho meiner. Kaisa fordi ho er verdas herligaste elektrikarlærling. Kristine fordi ho er så utruleg jordnær. Runa fordi ho ikkje lar seg pelle på nesa. Christin fordi ho fortenar alt godt i verda. Guro F. fordi ho er ein fantastisk samtalepartnar. Anna fordi ho er artig. Magnhild fordi eg skulle ynskje eg var så kul når eg var 16. Jenny fordi ho er tøff i trynet. Frida fordi ho har eit glimt i auget ingen andre har. Katarina fordi ho berre er fantastisk. Aina fordi ho er kun seg sjølv og ingen andre. Anneli fordi ho er den ultimate kombinasjonen av søt og tøff. Anja fordi ho er nydeleg. Mamma fordi ho flirar av vitsane mine når ingen andre gjer det. Øydis fordi ho har ei jævlig kul attitude. Stine fordi ho er lur. Ragni fordi ho er ein fabelaktig historieforteljar. Marte fordi ho er sånn ca verdas kulaste. Matilde fordi ho har heile verda i hjartet. Camilla fordi ho er uredd. Tomine fordi ho er way kulare enn eg nokon gong kjem til å bli. Eline fordi ho har talent eg misunnar. Ida Sofie fordi ho skriv så jævlig bra. Karoline fordi ho er kunst i seg sjølv. Madeleine fordi ho har ein sjukt bra humor.

Det er så utruleg mange fantastiske og tøffe jenter i verda, og dette er berre nokre få av dei.

På dagar kor ein verkeleg treng styrke og inspirasjon er ei sånn liste noko å plukke fram. Idag har vore ein tøff dag. Nokon gonger må ein berre ta fram moskusen i seg (hehehehe) og skrike at ein ikkje finn seg i trakassering eller dritslenging. Det har eg gjort og det kjentes så jævlig bra. Ikkje la deg trakke på! Krev respekt!

Schnitzel

13/10/2010 § Éin kommentar

Hallo til alle mine trofaste, lause, forvirra, faste, koselege lesarar. Eg fekk dette diktet tilsendt frå ein anonym, hemmeleg beundrar igår. Eg tippar DU ikkje klarar å slå avsendaren i kreativitet! Og eg blei veldig, veldig glad! Så glad at eg smilte breitt for meg sjølv på bussen!

(mel: Eg heiter Håvard Hedde)

Eg gjekk meg ned på ICA
Og skulle handle mat
Eg kikka på panini
og eple og salat
Men fanden i meg ség
Så kjøpte eg ein Schnitzel
og tenkte litt på deg

Eg gjekk ifrå butikken
var svolten, sur og taus
så tenkte eg på schnitzelen
og slapp mi glede laus
Så gjekk eg heim til meg
med ein schnitzel i ein pose
og tenkte litt på deg

Og eg har kokt poteter
og selleri til mos
og eg skal ete schnitzel
med rotmos, det blir kos
Og tida den går tregt
Når eg ventar på min schnitzel
og tenker litt på deg

No sitt eg her med bordet
og eter og er glad
eg jafsar i meg schnitzel
med rotmos og tomat
og jobbe det skal eg,
men eg har ete schnitzel,
og då tenker eg på deg.

 

Her er melodien:

I eit anna liv

24/09/2010 § 2 kommentarar

I eit anna liv ville eg kanskje ha budd på ein sånn plass:

Kanskje eg ville hatt nokon sånne:

Heilt garantert eit par sånne:

Dyrka blant anna dette:

Hatt nokon sånne trippande rundt:

Lært meg å køyre sånn:

Eg ville ha hatt ein verkstadkrok med alt mulig artig verktøy og fiksa alt eg eigde sjølv, litt sånn som pappa. Og eg ville ha nytt stillheiten og roen. Vore den første oppe om morgonen og fyrt i ovnen og kokt kaffi. Eg ville ha hatt hagen full av plomme- og epletre og hatt frysaren full av heimelagd blåbærsyltetøy. Eg ville ha bakt mine eigne brød.

Alt dette, i eit anna liv, i ei anna tid utan teit landsbrukspolitikk og utan rastlausheit.

Where Am I?

You are currently browsing the Feelgood category at Lunemanns leikegrind.