Bror min del ein

06/04/2011 § 4 kommentarar

Eg er fem eller seks år, du er tre. Du har store, ljose krøllar og blå auger som kan smelte eit kvart hjarte. Du fylgjer etter meg kor hen eg går. Du spør meg om alt («Er dette artig?» når du er usikker på om du skal flire eller ikkje), du ser på meg med det spørjande blikket eg alltid kjem til å hugse. Eg tykkjer du er så dum som alltid vil vere Tom i Tom og Jerry når vi ser på fjernsyn, for alle veit jo at Jerry alltid vinn. Vi delar laurdagsgodt etter klassisk søskensystematikk (eg er eldst, difor får eg mest. Ein av mine sjokoladar er verdt tre av dine skumbananar. Osv.). Storesøster har alltid rett og veit alltid best.

Det er det eg hugsar best, at eg var så slem! Eg var ikkje ei snill storesyster.

Eg er fem eller seks år, du er tre. Vi er ute og syklar. Du på den raude trehjulssykkelen med kvite hjul. Eg på ein grøn og kvit med slitt styre. Du er på den andre sida av vegen og vi er nede ved fiskebruket. Eg hugsar at eg ser deg frå grøftekanten kor eg har stilt meg fordi det kjem ein lastebil. Eg er eitt hundre prosent sikker på at du skal døy. Eg ser deg forsvinne bak lastebilen, eg skrik namnet ditt og det virkar som ein time før du kjem fram igjen.

Det gjer du sjølvsagt. Men det satte ein støkk i eit lite storesysterhjarte.

Eg er tjueto, du er nitten. Du sit tvers ovanfor meg ved kjøkenbordet mitt og et brødskive med egg. Vi flirar av dei same gamle tinga, du spør meg om alt og vi delar snop. Berre at no er det faktisk rettferdig.

Where Am I?

You are currently browsing the Familie category at Lunemanns leikegrind.