Nedoverbakke
04/09/2011 § Éin kommentar
Når alt du får fram er einstavelsesord
Når pusten din dekker over det du freistar sei
Du er redd for å dette på flat mark
Du kjenner deg som ein dårleg vits
Når den einaste grunnen du ser
Er at nokon kjem til å gråte
om du forsvinn
Då let du vere å forsvinne.
Sangar som minnar meg om deg og ein til
25/08/2011 § Éin kommentar
Sjå vekk frå 22.juli. Sjå vekk frå eit heavily knust hjarte og sjansar som berre eksisterte i mitt eige sinn. Sjå vekk frå det å vere rådvill, åleine, uten fotfeste. Gløym eit aggressiv kvinnfolk og elendig vér. Ikkje tenk på ei sprukken leppe og dagar ein ikkje ante kva ein skulle sei, for ord blei for fattige. Gløym gnagsår og fylleangst; sommaren var fin den. Det er det eg vil prøve å hugse.
Sommaren var òg bysykling over Grønland. Lange fine samtalar med folk eg er glad i. Fersk fisk. Reinskinn i teltet. Ein stor, raud drink på ein altan midt i Oslo. Besøk av mamma og pappa. Festivalkjærast med rullings. Ein fin sommarjobb. Brun rygg. Å reise aleine på festival på grunn av musikken.
To melodiar som minnar meg om to forskjellige bekjentskap på kvar sin måte.
Kva gjorde DU i sommar?
Rotate og rart om kjærleik
19/06/2011 § 6 kommentarar
Eg sletta heile denne posten når eg innsåg kor lettlurt eg var i eit halvt år. Når nokon får deg til å føle at du har fått slått inn kneskålene, då er det ikkje verdt å bruke tid og energi på dei. Med mindre du HAR fått slått inn kneskålene, då. (Gammalt jungelord)
Advarsel: Dobbelposting med fare for rim i langfjella
05/06/2011 § Éin kommentar
Å poste to bloggpostar på ein dag er ikkje eigentleg mi greie. Og det eg postar no er ikkje så bra. Det er eit lite dikt på rim som eg er heilt greit nøgd med. Sjå på det som ein øvelse i å kvitte seg med prestasjonsangst eller gje det ein anna velformulert merkelapp som passar. Eg postar jo dette med ei viss fare for å framstå som ein av dei folka som VERKELEG ikkje kan synge, men som allikevel meldar seg på Idol. Som dei folka som vil vere kunstnarar sjølv om dei VERKELEG ikkje kan teikne. Jaja. Vi har alle våre greier å stri med. Med internett kan vi vise det fram til kvarandre. Whatevskies.
Så dumt du forsvann
så dumt du berre gjekk
eg såg ein annan veg, plutseleg var du vekk
Det du seier er så flyktig, det du gjer er så lett
Mitt hjarte er så svoltent og eg vert aldri mett
Det vart så stilt når du for, berre støy og bråk er att
Og eg ligg åleine nok ei regntung natt.
Kanskje verdas kortaste blogginnlegg
20/02/2011 § 2 kommentarar
…Dei popkulturelle referansane dine er for gamle. The ugliest band in the world, seier du til jenta som sit rett overfor deg ved kafèbordet. Ho sluttar å røre i kaffiglaset med skeia og ser på deg med eit blikk som er umogleg å mistolke. Du er like aktuell som ein sliten trusestrikk.
Kva skjer vidare? Kom med framlegg, er du grei. Hjernen min er kollapsa; forårsaka av hostesaft med morfin, Captain Morgan, umogleg kjærleik, hjarter av jern, rockabilly, revolusjonane i midtausten, for mykje isolasjonsstøv, duftljos, fire timar lange telefonsamtalar og alt anna som er fantastisk og noko forbanna drit på ein gong.
Beklagar. Kanskje blir det like lenge til neste innlegg.
Utan tittel
05/01/2011 § 5 kommentarar
Eg gjekk heim i stad etter å ha vore ute. Bakken opp til huset kor eg bur var ikkje så glatt som han var i ettermiddag. Det draup og rann overalt. Ein flekk gras var synleg i grøfta nederst i bakken. Det var nesten mogleg å innbille seg at det nærma seg vår, og dei tjue centimetra med snø som falt forleden virka fjerne.
Ein mental øyrefik frå meg sjølv fekk meg til å ta meg saman. Vår? Det er januar, jente. Skjerp deg. Eg hutra og prøvde å unngå å puste inn dei kaldaste partiklane i vinterlufta. Bakken var kanskje ikkje glatt, men han var framleis tung og lang. Januarbakke.
Det er femten veker til påske, small det igjen. Viss den første øyrefiken var usynleg, så kunne ein ikkje unngå å legge merke til denne. Eg rista på hovudet, prøvde å tenke på noko anna, noko anna som ikkje var ein kald og vassen graut av vér, plikter og kjensla av å vere heilt åleine.
Plutseleg stod eg på toppen av bakken. Eg pressa fram eit smil som eg sterkt ynskja såg triumferande ut. Eg tvilte på at det gjorde det. Kva er det som er så triumferande med å gå opp ein bakke som ikkje ein gong er glatt? Eg sukka og gjekk inn i huset mitt.
Difor elskar eg dei
02/11/2010 § 13 kommentarar
Guro I. fordi ho alltid seier det ho meiner. Kaisa fordi ho er verdas herligaste elektrikarlærling. Kristine fordi ho er så utruleg jordnær. Runa fordi ho ikkje lar seg pelle på nesa. Christin fordi ho fortenar alt godt i verda. Guro F. fordi ho er ein fantastisk samtalepartnar. Anna fordi ho er artig. Magnhild fordi eg skulle ynskje eg var så kul når eg var 16. Jenny fordi ho er tøff i trynet. Frida fordi ho har eit glimt i auget ingen andre har. Katarina fordi ho berre er fantastisk. Aina fordi ho er kun seg sjølv og ingen andre. Anneli fordi ho er den ultimate kombinasjonen av søt og tøff. Anja fordi ho er nydeleg. Mamma fordi ho flirar av vitsane mine når ingen andre gjer det. Øydis fordi ho har ei jævlig kul attitude. Stine fordi ho er lur. Ragni fordi ho er ein fabelaktig historieforteljar. Marte fordi ho er sånn ca verdas kulaste. Matilde fordi ho har heile verda i hjartet. Camilla fordi ho er uredd. Tomine fordi ho er way kulare enn eg nokon gong kjem til å bli. Eline fordi ho har talent eg misunnar. Ida Sofie fordi ho skriv så jævlig bra. Karoline fordi ho er kunst i seg sjølv. Madeleine fordi ho har ein sjukt bra humor.
Det er så utruleg mange fantastiske og tøffe jenter i verda, og dette er berre nokre få av dei.
På dagar kor ein verkeleg treng styrke og inspirasjon er ei sånn liste noko å plukke fram. Idag har vore ein tøff dag. Nokon gonger må ein berre ta fram moskusen i seg (hehehehe) og skrike at ein ikkje finn seg i trakassering eller dritslenging. Det har eg gjort og det kjentes så jævlig bra. Ikkje la deg trakke på! Krev respekt!
Humørspredaren er no slått på
31/08/2010 § 4 kommentarar
Hadde det ikkje vore for at eg har skråtak i stova hadde eg gått på veggen. Å vere sjukemeldt er faktisk så kjedeleg at eg trur eg døyr. Eg blir litt nervøs av det. Men som den evige optimist (ha.ha.) finst det jo ting eg blir i godt humør av:
1. Å høyre på og drøyme om Cornelis Vreeswijk. Det gjer meg så ondt i hjartet at han er dau. Cornelis, å Cornelis, eg skulle ha anerkjent deg som kunstnar sjølv om alle andre berre ville høyre «Hönan Agda» når du spelte konsert. Sjølv om det var litt teit at du var konebankar og sånn. Og alkis. Men det passar ikkje inn i min draum om å bu i ein husbåt med deg.
2. Å draume om å banke nazipakk så mykje at dei ikkje er nazipakk lengre. Eg trur eg har vore for lenge i eit særs mannsdominert miljø. Eller kanskje eg berre er aggressiv og dritlei av snakk om dialog og piss. Nazistar fortener å få bank. Men det er jo eigentleg like greit at det ikkje er noko nazimiljø (som eg veit av) på Stord… Og til tross for mine smertefulle armar så hadde eg nok grust dei viss det plutseleg sto ein nazifaen i stova mi.
3. Å tenke på at eg kan bli rockestjerne når eg blir vaksen. Eg kan jo skrive halvbra tekstar. No treng eg berre ein gitar og nokon som anerkjenn røysta mi som genial og nyskapande. Eller noko sånt. Også er det jo greitt å kunne spele gitar, men det tenkte eg eigentleg at nokon andre kunne gjere. Uansett så skal bandet mitt bli like svært som The Rolling Stones og spele musikk som ikkje liknar på noko anna i heile verda. Og når folk spør kva eg blir inspirert av skal eg spytte og svare kjekt at «det einaste ein treng er nok drit. Har ein nok drit og ein kasse pils kan ein skrive tekstar om kva som helst.» Så skal dei drite i å spørje korleis eg føler at det at eg er kvinne har påvirka suksessen og om det er vanskeleg å kombinere kvinneliv med eit hardt turnèliv. Dette inngår altså IKKJE i draumen min om å vere rockestjerne.
4. Ferske brødskiver med makrell i tomatsalsa og varm te med mjølk. Det er det eg får til akkurat no. Så det skal eg nyte så godt eg kan.
Kva gjer du for å muntre deg sjølv opp? Det er forbode å svare roseblad i badekaret eller noko anna piss.
Mimring om å vere ein tenåring utan særleg sjølvinnsikt
24/12/2008 § 7 kommentarar
Agh. Eg burde ha blogga masse om kor kjekt det er å vere i Nord-Noreg, kor herleg det er å endeleg få vere ilag med familien sin i tjuefire timar kvart døgn ei veke i strekk, kor fint det er med gratis mat og alt det andre som høyrer med når ein skal heim til jul. Men eg er dritlei allereie, og eg skal vere heime heilt til sundag. Nok om julesyting, eg har det betre enn mange andre. Jajajaja, eg veeeeit det så godt.
Noko av det eg gledde meg til å kome heim til, var mine gamle dagbøker frå ungdomsskoletida. Dagbøkene til den smarte, oppegåande og luuuure trettenåringen frå ei bittelita bygd i Nord-Troms som skulle skremme vettet av alle som nokon gong kom til å lese dei – sidan eg som sagt var smart og lur og oppegåande til tross for min alder. Jepp, det var sånn eg tenkte om meg sjølv på den tida. «Alle andre er jo idiotar! Eg er eit geni av ein trettenåring! Eg kjem til å bli noko stort!» (Ikkje for det, eg hadde grusom dårleg sjølvtillit og, spesielt når det gjekk på utsjånad).
Og kva finn eg når eg blar opp i bøkene eg har skribla ned side etter side i? Detaljerte augeblikkskildringar av livet og samfunnet og politiske beslutningar teke i verda?
Nei. Njet. Ikkje ein ting om politikk, ikkje ein ting om verda eller noko anna som kunne tyde på at eg var så lur og oppegåande som eg følte meg til tider. Berre ein masse mas om ein fyr eg var forelska i i fleire år før vi endte opp som kjæraster i tiende. Ein masse mas om kor teite foreldra mine var som ikkje skjønte nokon ting. Om kor kjipt det var å bu i eit sumarhus med familien min i tre veker i Danmark kor eg ikkje kjente nokon. At eg hadde eit desperat behov for ein sumarflørt det året. At mobildekninga i bygda var borte nokre dagar i romjula 2003. At eg høyrde mykje på McMusic 14 den same jula. At vi hadde ein katt eg var glad i. At «venene» mine var teite og rare og ikkje særleg intellektuelt stimulerande.
Og her sit eg, i den same senga som eg alltid har hatt, natt til julaften 2008. Eg føler meg relativt smart og oppegåande og lur. Og eg skriv heldigvis ikkje dagbok lengre.
Ein laurdag i desember
07/12/2008 § 2 kommentarar
Opp seinare enn du hadde tenkt, du burde ha stått opp tidlegare, no er heile helga øydelagt fordi du ikkje klarar å ein gong prestere å stå opp når du skal, herregud, kor mislykka går det an å bli. Opp og ut i det kalde veret. Du stressar uten grunn, det er jo laurdag, ro deg ned, jente! Du blir stressa av å tenke på at du stressar sjølv om du ikkje må, tenk om dei merkar at noko er gale med deg, ja tenk om, kva då?
Inni deg har noko snørt seg fast, du får ikkje puste og du klarar i alle fall ikkje å snakke. Dei du er med ser rart på deg og lurar på kvifor du berre snakkar i halve setninger. Korleis veit du at det er det dei tenkar? Jo, for du kan sjå det i auga deiras. Du klarar ikkje å sei ordet, du veit kva det er som skjer med kroppen din, først i dag klarte du å sette ord på det. Du plar ikkje vere ute blant folk når du har det sånn, du plar ligge under ei mørk dyne og grine og tenke på at livet ikkje er noko verdt. Og dette er takka for å forsøke å sosialisere seg. Hjerne og kropp kommuniserar ikkje, du går inn i ein butikk fylt av folk som er like sveitte som deg, kva skal vi her spør ho du er med og du klarar ikkje svare. Ja, kva skal du her? Var det ikkje berre ein idiotisk idè, eit tullate påfunn? Du kjenner rødmen i kinnene, du klarar ikkje å snakke, du stammar som ein idiot og du tenker at du må ha ein hittil uoppdaga hjerneskade.
Du sit ved eit kafèbord og er livredd for at det skal vere noko gale med kroppen din siden sist du tok av deg jakken. Du tør ikkje gå på do, enda mindre gå bort til kassa og kjøpe kaffi, så du får nokon andre til å gjere det. Og tenk om dei byrjar å spørre om vanskelege ting, tenk om du mistar kontrollen over situasjonen og dei byrjar å le av deg. Du slappar litt meir av etter kvart, men du må bort til kassa ein gong allikevel, og det er tungt. Tenk om du mister begge kaffikoppane på golvet? Tenk om du snubler i den ungen som spring rundt? Då kjem du heilt sikkert til å byrja å grine, og du kjenner at du eigentleg hadde hatt lyst til å grine, og alt det rekk du å tenke før du er borte ved bordet igjen. Du pratar som ein foss for å halde ting i gong, vi må ikkje stoppe, eg kan ikkje stoppe no, men herregud, dei kan jo tru at eg er hyperaktiv sånn som eg held på tenker du og held kjeft ei lita stund.
Du får mat på bordet framføre deg, og du anar ikkje kor du skal byrje. Oliven, har eg bestilt oliven, herregud, eg likar jo ikkje det ein gong, i alle fall ikkje på nokon annan måte enn ein intellektuell ein, og du seier høgt at du liker oliven og tvingar i deg to. Du klarar sjølvsagt ikkje å spise all maten, tenk om dei ler av deg fordi du er så småspist og du pressar inn ein bit salat til. Armane dine funkar liksom ikkje, du får ikkje samla nok mat på gaffelen og du kjenner du blir varm og raud i kinna igjen. Dei andre er ferdige for lengst og du føler deg som eit veldig lite menneske i ein altfor stor kropp. Det går ikkje lenger tenker du, du kan ikkje leve sånn, eg er jo full av bekymringar for små tulleting når eg heller skulle bekymra meg for damene i Kongo som blir valdtekne og dessutan burde eg ha delt ut aviser i dag. Du kjenner den dårlege samvittigheten vekse i munnen saman med den siste olivenen du vil ete i heile ditt liv.
Du kjenner på ordet du plutseleg kom på og visste at det er sanninga, du har angst. Angst er ordet, og du har aldri brukt det i ein sånn samanheng før. Du har angst for sprøyter, for biler som ikkje vil stoppe, for å ikkje få betalt husleiga, sånne ting, men det er ikkje det same. Du sit på kafè med to mennesker du elsker og du har angst for å vere til. For å ikkje få til det der med å vere kul og hyggjeleg og artig eller å få noko ut av livet. Du er livredd for å puste feil, ha rar kroppsbeherskelse og å snakke for mye om deg sjølv. Du veit godt at du gjer alle desse tinga, og allikevel er du ute i verda, og det er ikkje logisk i det heile tatt. Angsten gjer vondt, heile kroppen din gjer vondt og du er eit vandrande Flaxlodd utan gevinst.