Eit slags minneord
27/07/2011 § Kommenter innlegget
Å finne ord for det grusomme som har ramma oss alle er vanskeleg. Eg tykte statsministeren sa det godt i minnetalen sin søndag. Det er ikkje til å begripe. Det er så urettferdig. Alle kjenner på den samme, ufattelege sorgen, og vi kjem så mykje nærare kvarandre i dette. Litt godt i alt det vonde.
Eg hadde ingen eg kan kalle mine kjære i Oslo eller på Utøya. Men mange av mine vener hadde det. Fortvilinga deira, panikken, angsten og redselen for det aller verste kjem så nærme. Bestevenninner, kameratar, folk ein har diskutert med over ein pils. Møtt i ein skuledebatt. Kanskje vi har hilst i ein fagleg samanheng.
No er dei borte. Brått rivne vekk. Det er så vanskeleg å forstå at så mange menneske er borte. Alle har nokon som sitt igjen med eit enormt tomrom i hjartet. Dei skal vite at dei ikkje er åleine.
Kameratane våre er borte. Men kampen for solidaritet og fridom held fram. Vi kan aldri slutte å kjempe mot dei politiske motivene som låg bak desse ugjerningene. Vi skal aldri, aldri gje oss.
«For alle døde kameratar, ikkje eit minutts stillhet, men eit liv i kamp!»
Legg att eit svar