Tre dømer på at rikfolk er dumme (og litt om dagens ungdom)

05/06/2011 § Éin kommentar

Eg kunne ha teke dette med det sedvanlege dommedagsperspektivet mitt, men i staden for så gjer eg det politisk. Dette er kva som skjer når pengane samlast hos få folk. Som har mykje fritid. Mykje tid til å «realisere seg sjølv». No er det gått for langt, vi må ta det tilbake, for verda som vi kjennar ho er på veg til å renne ut mellom tastaturknappane våre. Som tittelen seier; her er tre dømer på at ingen bør få vere rike på gods og gull; dei kjem berre til å bruke pengane på drit som dette:

Og eit norsk døme. Det sprer seg som ild i tørt hår:

Ungar no til dags. Ja, dei to fyrste er fødd i 1997 eller rundt deromkring. I 1997 var eg ein halvfeit niåring med tjukke brilleglas og ein kjeft som aldri sto stille (ikkje forandra meg mykje, med andre ord) – men det var ingen som sa at eg burde bli popstjerne for det. Ja jøss, klart eg drøymte om å vere med på Stjerner i sikte, men sjølv eg hadde beina litt på jorda (eg var ikkje særleg god i blokkfløyte heller). Hadde eg nemnt dette for foreldra mine hadde eg nok blitt ledd av og hånt rundt middagsbordet. Men no er det nye tider, Rebecca Black klarte det (han kiden frå Alene Hjemme klarte det ikkje, han vart narkis som alle andre barnestjerner på mi tid) og eg skal jaggu også klare det. Så no skal eg sei opp jobben, kjøpe slettetang og flytte heim til jenterommet. Lese TOPP og Girls (finst det enno?) og drøyme om han derre Justin Beaver. Kvar dag skal eg grine over fiskebollemiddagen om at mamma må ta opp lån for å realisere barndomsdraumen min om å bli popstjerne. Eg skal sjå på ho med dei store, blå dådyraugene mine og krevje min rett som det heilstøpte, velutvikla mennesket eg er. Leve ut the american dream, ikkje sant. Det er det som gjev livet til ein prepubertal dritunge meining, ikkje dødsvanlege fiskebollemiddagar og gloseprøvar. Engelsk lærar ein jo uanzett på internett, hallo.

Eg kan jo bli det nynorske glansbiletet i pre-teen-popen og gje ut ei fengjande poplåt med til dømes denne teksten:

iPoden min

Ipoden min er betre enn din

spelar musikk som eg tykkjer er fin

høyrer på black, høyrer på rose

eg held meg slank med babymat på pose

Dette er sjølvsagt berre eit utkast. Berre vent ein par-tre månader, eg skal få fleire klikk på youtube enn du fekk merknadar gjennom heile grunnskulen. Fnis!

Ikkje kom her og sei at eg IKKJE hadde potensiale.

Reklame

§ One Response to Tre dømer på at rikfolk er dumme (og litt om dagens ungdom)

  • kirsebær seier:

    Alt eg kan seia er at viss ikkje desse «songane» er ironisk meint så ser eg ingen grunn til å gå på jobb i morgon, får då er apokalysen i gang.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Tre dømer på at rikfolk er dumme (og litt om dagens ungdom) at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: