Fram kameratar!

01/05/2011 § Éin kommentar

Fyrste mai! Arbeidaranes internasjonale kampdag! Dette blei sjølvsagt markert på Stord. Eg holdt ein appell om litt av kvart, og den kan du lese her. Gratulerar med dagen; kampen er ikkje over!

Som ung og radikal får eg ofte høyre at det eg kjempar for berre er naivt og bortkasta å bruke tid på. At klassekampen ikkje er meir enn eit namn på ei avis, og at samfunnsutviklinga er framme ved endestasjonen. Dette får eg og mine kameratar høyre til tross for at vi dagleg ser dømer på at verda og systemet må endrast. Over hundre år sidan den fyrste tariffavtala blei innført her i landet må arbeidarar framleis streike for det same kravet. Framleis tener kvinner i Noreg berre 85 % av det menn med like lang utdanning gjer. Og på toppen av det heile vil den raudgrøne regjeringa leggje med lokalsjukehus over heile fjøla «fordi dei ikkje er lønsame nok!»

Alt dette er dømer på at klassekampen framleis trengs, også i Noreg. Det er arbeidsgjevarane og staten som pressar fram løns- og pensjonskutt, som nektar å gå med på å gje lavtløna damer eit skikkeleg lønsoppgjer og til sjuande og sist er det arbeidarklassen i dette landet som står igjen som taparar.

For femti år sidan var det å vere fagorganisert noko ein var stolt av og noko ein såg på som viktig. Eg tvilar ikkje på at alle dykk som sit her i dag er einige i det, men verda er større enn denne fyrstemaifrukosten. Elevar på yrkesskulen går ut i læra uten å vite noko om sine eigne rettar som arbeidarar. Ein lærar korleis ein skal vere t.d. sjølvstendig næringsdrivande, men ein lærar ikkje noko om kva rettar du har i høve til overtidsbetaling eller prøvetid. Og viss du ikkje blir tilsett i eit stort firma med eigen klubb, så kan du godt ende opp med å ikkje få det du har krav på. På min arbeidsplass er eg den einaste som er fagorganisert, og eg trur ikkje eg er åleine om å ha det sånn.

Eg meiner fagrørsla må vere meir offensiv i denne samanhengen. Vi må kreve å få komme inn på yrkesskulen, fortelje folk kvifor vi finst og kva vi vil oppnå. Det held ikkje å berre snakke om å bevare rettar eller å fortelje ein 17-åring du skal verve at «bli med fordi LO for hundre år sidan fekk gjennom ditt og datt» – då framstår vi jo nøgde – og kva er då vitsen med å organisere seg?

For det å organisere ungdom er kanskje det aller viktigaste ein driv med når ein står på den sida i politikken som vi her gjer. For det er dei unge som blir hardast ramma når økonomien havnar i ei av sine sedvanlege kriser. Det er dei som mistar jobbane sine og blir tvungen inn i ein såkalla «fleksibelt arbeidsmarknad» kor arbeidstid, løn og andre ting liksom ikkje blir så viktige, for dei skal «berre vere glade dei har ein jobb». Og då er det plutseleg enda vanskelegare – og viktigare – å organisere dei.

Og som ung og radikal får eg også litt skryt i blant, fordi eg engasjerar meg politisk og bryr meg om samfunnet og sånn. Vel og bra det, men det betyr ingenting viss vedkommande allikevel er ueinig. Eg tykkjer ikkje det er bra at ungdom engasjerar seg i FpU eller Unge Høgre. Eg meiner at det å organisere seg i eit LO-forbund handlar om å sjå at det på den andre sida av bordet sit ein sjef, ein bedriftseigar og ein kapitalist som vil at du som arbeidar skal jobbe mest mogleg for minst mogleg pengar sånn at han eller ho kan ta ut profitten av arbeidet du gjer. Kva du gjer på arbeidsplassen er stort sett ikkje opp til deg, det er opp til sjefen din. Kor lange arbeidsdagar du har er ikkje opp til deg, det er opp til sjefen din. Og kor mykje sjefen din får i løn for å kjefte på deg eller kva han no gjer, det er i allefall ikkje opp til deg. Sjølv om det er du som produserar verdiane han tenar pengane på.

Ellers har vi jo eit slags demokrati i dei styrande, politiske organa i Noreg. Ein vel inn representantar i styre og stell kvart fjerde år, og i mellomtida kan vi vere misnøgde med det dei finn på. Det er folk i Noreg ganske ofte. Eg nemnte nedlegging av lokalsjukehus. For å ikkje snakke om dårlege vegar, kollektivtrafikk som blir anbodsutsett og dermed vert dårlegare og dyrare, skular som ikkje vert pussa opp, barnehagar som ein berre pressar flest mogleg ungar inn i utan at dei tilsette får ha råderett over noko, minimal satsning på miljøteknologi på lokalt plan og dyre kulturtilbod til born og unge. Eg trur ikkje at alle nokon gong blir einige om alt, men eg trur at viss vi hadde hatt eit verkeleg folkestyre i dette landet som faktisk baserte seg på kva folk trengte og ville ha – så ville verda sett heilt annleis ut. Eg trur at viss det var folk som styrte over den økonomiske utviklinga, og ikkje kapitalistar, så ville folk ha vore meir nøgde. Det nyttar ikkje at det sitt tjue stykk som har fått for seg at dei skal gjere karriere som politikarar i eit sveitt møterom på rådhuset og tek avgjerder på vegne av 17000 andre. Det er ikkje sånn at dei alltid tek feil og aldri har peiling, og det er ikkje sånn at alle i Noreg har det veldig fælt heile tida, men denne måten å fordele makt på i samfunnet er etter mi og Raudt si meining heilt på trynet.

Viss vi opnar augene litt så kan vi sjå at det som pregar store delar av verda i dag nettopp er klassekamp. Serien av revolusjonane i midtausten. Okkupasjonane av nedlagte fabrikkar i mellomamerika som blir gjennomført av oppsagte arbeidarar som vil drive bedriften på sin måte. Dei store folkemassane i England som demonstrerar mot kutt i statsbudsjettet medan dei kongelege sit på Buckingham palace og feirar eit eller anna brudlaup. Det meste av folkeopprør blir slått hardt ned på av statsmakta som skal «halde ro og orden». Enno er det ikkje sånne tilstander her i Noreg, heldigvis kan vi kanskje sei, men vi er ein del av verda, av den verdsomspennande økonomiske politikken, og vi kjem ikkje til å alltid leve i denne fredelege bobla. På eit eller anna tidspunkt slår denne bobla sprekker og den norske arbeidarklassen kjem forhåpentligvis til å ta den makta dei fortener. Men sånne situasjonar krev planlegging og organisering, og det er her viktigheiten av å organisere ungdommar verkeleg kjem inn. Ungdommen kjem til å vere dei som ropar høgast om fridom og likskap, for det er vår framtid og våre arbeidsplassar det er snakk om.

Som sagt så er eg ordførarkandidaten til Raudt her på Stord. Eg blir antageleg valt inn i eit parlamentarisk organ eg meinar er for dårleg og for lite demokratisk. Men det går an å ha to tankar i hovudet på ein gong, også når ein er ung og revolusjonær. For ein representant frå Raudt i kommunestyret er ei røyst mot kutt i skulane. Det er ei røyst mot kommersialisering av helse- og omsorgstenestane i kommunen. Det er ei røyst for sjølvstyrte ungdomshus sånn at stordungdommen kan gjere noko anna enn å drikke seg full i helgene. Og det er ei røyst for å freiste å endre maktstrukturane i samfunnet ved å ta sakane ut til folka dei angår – og ikkje la dei viktige avgjerdene bli teke i lukka styrerom. Me kjem ikkje til å stole blindt på rådmannen eller diverse godt betalte konsulentar sine «lure» råd om økonomisk styring, men heller bruke dei ressursane som finst i kommunen til å skape gode løysingar. Eg meinar at det er betre med ein representant i kommunestyret som er solidarisk med folk i staden for tjue såkalt ansvarlege. Viss vi i Raudt kan vere med å dra Stord kommune i ei retning som sett innbyggjarane sine behov framfor kapitalen sine – så skal vi jaggu gjere det og, viss vi får den tilliten! Takk for meg, og ein god fyrste mai til alle!

Reklame

§ One Response to Fram kameratar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Fram kameratar! at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: