Å hei og hå sann og smør og salt –

17/04/2011 § 8 kommentarar

Kall meg bygdetulling, gjer narr av dei nordnorske anane mine og flir av ordet sny. Du har aldri opplevd å gå over eit langt snyras på veg heim frå skulen mens det buldrar i fjellsida. Du har aldri vore så verfast at du ikkje kunne halde begravelse for mannen din. Du har aldri smakt anna fisk enn den som ligg i frysedisken, panert og ferdig oppskoren. Du har aldri skore torsketunger, du anar ikkje kva ein pik er. Du har aldri hatt rein i hagen. Du har aldri vore nøydd til å droppe den siste halvtimen av kinofilmen for å rekke siste ferja heim. Du har aldri gått i frå huset ditt med ulåst dør. Du har aldri gått på ein skule kor det var nesten like mange lærarar som elevar. Du har aldri budd ein plass kor butikken stenger klokka eitt om laurdagen. Du har aldri vore nøydd til å klatre opp i ei fjellside for å få mobildekning. Du har aldri gått rundt eit fjellvatn i midnattsol med ordentleg mark på kroken og fiska i timesvis. Du har aldri hatt elevsamtale heime hos deg sjølv fordi du aldri har hatt di eiga mor som lærar. Du har aldri hatt ein time skuleveg. Du har aldri gått rett inn til nokon og banka på den inste døra fordi det ikkje er ringeklokke. Du har aldri tykt at ringeklokke er eksotisk. Du har aldri hatt bålrøyk i håret og ein kopp reinbuljong i neven i ein lavvo. Du har aldri vore ein plass kor ingen nølar når du spør dei om hjelp til noko, dei berre gjer det, fordi det er familie og då hjelper ein kvarandre. Du har aldri lege på eit reinskinn med ei isfiskestang i den eine neven og ei pølse med brød i den andre og hatt det jævlig godt. Du anar ikkje kva læsta er. Du har aldri hatt store naturopplevingar rett utanfor ytterdøra, utan oppmerka stiar eller trapper i fjellet fulle av folk som skal ha kvalitetstid med familien fordi dei aldri rekk det ellers i veka. Du har aldri opplevd at blåveis berre er eit bilete i ei bok og aldri har vore eit vårteikn. Du har aldri gått i eit søttendemaitog utan korps. Du hugsar ikkje fyrste gongen du såg noko så sjeldant som ein raudruss og du har aldri vore på ein bygdefest kor far din er dørvakt. Du treng ikkje sjøluft og snyfokk for å trivst, og du blir døgnvill viss det er ljost døgeret rundt.

Og du har garantert aldri høyrt Boknakaran. No får du sjansen:

Kanskje er det banalt, men det er det nærmaste eg kjem kulturtilhøyrighet eller kva anna akademisk merkelapp ein skal setje på sånne kjensler.

Og du? Det er fint om du fortel kven du er når du fyrst har lest heilt hit!

Reklame

§ 8 Responses to Å hei og hå sann og smør og salt –

  • aadde seier:

    Du veit jo kven æ e 😉

  • Simon G seier:

    Beste bloggpost noen sinne?

  • Tuvis seier:

    det er meg, din evige Tuvis filiokus, et helt sikkert vårtegn ❤ Kom opp til Vesterålen med meg i sommer om du vil 😉

  • Christin seier:

    Hmmm, mye kjent i d dær!!! Sko tru vi kom fra samme plass 😉
    Kjempe bra forresten 🙂

  • jetfly seier:

    Jo, jeg har smakt fisk som rett fra havet og hjemmelagde fiskekaker. Jeg gikk med hjemmesydde klær for det var det som gjalt. Det var synd på dei ungane som måtte gå i kjøpeklær. Jeg har levd ut på landet med lite biler og melk som blei kjøpt i melkespann. Telefon var det ikke alle som hadde. Hadde mange venninner og livet var ganske ok. Så noe har jeg opplevde.

  • Bergitte seier:

    Artig ! Nåkken gonga må ein berre leggje paa litt trøkk for å få fram essensen. Får mesta litt heimlengsel, iallefall ein tankevekkar rundt kva ein tilbyr egne ungar i høve til kva som var bra med eigen oppvekst. Takk for godt innlegg !

  • Mordi seier:

    Herlig gjenkjennlig! Artig! Og alt er helt sant…..faktisk. 🙂

  • Stine seier:

    Jeg fikk nesten hjemlengsel, selv om jeg aldri har bodd i Nord-Norge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Å hei og hå sann og smør og salt – at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: