Røynda og eg
31/03/2011 § 3 kommentarar
Røynda. Eller virkeligheten om du vil. Røynda er det ordet som gjer alt vakrare enn det eigentleg er. For røynda er motbakkar, ubehagelege sanningar og feilgiring. Røynda er utgåtte fristar, draumar skjøre som sølvfolie og falske forestillingar.
Då er det godt å kunne drøyme seg vekk.
Eg tek på meg store, svarte solbriller. Ei skjorte eg er fin i. Eit tørkle i halsen som ingen andre har maken til, for det er eigentleg ikkje eit tørkle og dessutan er det kjøpt i eit land langt, langt vekke.
Eg tek på meg eit par nydelege skinnstøvlar eg har fått i presang. Lukta av skinnet og dei fine utskjæringane i stoffet får meg til å overse at dei er produsert i Kina sjølv om dei er shippa frå USA.
Eg ser filmar om folk med same type støvlar, frekke småjenter med lange fletter og les teikneseriar om kule heltar til hest.
Eg skrur volumet på ipoden på nesten fullt når denne songen kjem og tenkjer at det er slik det er og burde vere:
Høyr den du og. Nyt røysta til the queen of rockabilly. Eg elskar elskar elskar Wanda Jackson.
Når eg har spelt gjennom heile plata med Wanda sett eg kanskje på litt Johnny Cash eller Dolly Parton og tenkjer på at det i Nevada finst ein festival for cowboyar som skriv dikt og at dit har eg tenkt meg ein gong.
Når røynda ikkje er så verst og sola skin på dei bare leggane mine på takterrassen, når eg smiler til alle eg møter, når verneskoa ikkje er så tunge allikevel, når eg løfter tusen trillionar kilo på jobb utan å få ondt ein einaste plass
– då kjem eg på at eg ikkje eigentleg liker hestar. Eller pistolar. At eg antageleg hadde hata å ete bønner i tomatsaus til frokost. At det er frykteleg upraktisk med tørt prærielandskap i kombinasjon med kontaktlinser. Og at eg antageleg hadde døydd av skrekk viss eg måtte høyre på ulande prærieulvar i nattemyrkret.
At eg eigentleg har det fint og at motbakkane ikkje gjer noko så lenge ein hugsar å puste.
«draumar skjøre som sølvfolie» 🙂
No må du ikkje undervurdere bønne i tomatsaus. Det er jo so godt.
Du har jo Blogg, Frøken fryd!
Eg skal lage ei bloggfavorittliste.
Kan eg legge deg inn?
Helsing ho der du møtte på fest frå nokre veker sidan!