Eg skryt faderskipet i senk
09/03/2011 § 3 kommentarar
I går var det åttande mars. Den internasjonale kvinnedagen. Den kan eg skrive mykje om, og det tenkte eg å gjere, men ikkje idag. For i dag er det nemleg også ein spesiell dag! Pappaen min har bursdag og fyller femti år!
Fyrste gongen eg traff pappa var eg omtrent to år. Nei, han er ikkje den biologiske faren min, men han er den som har vore pappaen min så lenge eg kan hugse. Mamma flytta frå Sunnmøre til den forblåste utposten som er heimbygda mi, tidleg på nittitalet, for å jobbe der som lærar eit år. Hehe. Eg byrja i barnehagen der, og fyrste året var pappa julenisse for oss på juletrefesten. Det hadde eg likt så godt at eg hadde spurt mamma om vi ikkje kunne flytte til nissen. Trur eit visst nyforelska par var litt flaue då, og berre ein hadde maske på…
Å vere forelska på byrjinga av nittitalet var garantert ikkje sånn som det er idag. I dag kan ein stalke kvarandre på facebook, sende sjuhundre tekstmeldingar og ha eit fotoalbum av din kjære med deg på mobilen. For sånne som foreldra mine kor minst ein var veldig teknisk anlagt var løysinga å forlenge telefonkabelen i huset kor eg og mamma budde – sånn at ho kunne ligge i senga og snakke i telefonen med pappa om kvelden. Imponerande, men ikkje overraskande. For pappa er sånn. Han er ein sånn som alltid har fiksa alt som kan fiksast. Kjøpe ny vaskemaskin? Gløym det. Vi kjøpar ein brukt og reparerar eventuelle feil.
Dette er noko eg har teke med meg vidare. Som tolvåring var det kanskje litt flaut å ikkje ha ny og moderne snøskuter slik som «alle dei andre» (for mine venar som ikkje er oppvaksne på bygda i nordnorge så er dette kanskje ein litt eksotisk del av noregshistoria). Men min pappa er ikkje som alle andre, og han har aldri heller vore det. No som er eg blitt eldre set eg pris på det. For det å ikkje vere som alle andre er ikkje det same som å ikkje vere godt likt.
For med eit stort hjarte, alltid ei hjelpande hand og ein vits i bakhand så er det nesten umogleg å ikkje bli likt. Sånn er nemleg pappaen min. Han er ein sånn som hjelpar så godt han kan, uansett kven som spør. Og han er sjølvsagt handyman numero uno! Så når eg byrja på byggfag og i læra – då fekk vi plutseleg veldig mykje meir å snakke om. Og sjølv om verken mamma eller pappa trudde heilt på meg fyrste gong eg sa eg hadde tenkt den tanken, så var det faktisk pappa som sa dette til meg ein gong for mange, mange år sidan:
Ingenting er umogleg.
Kva har det ført til? Ei tru på at det finst ei løysning på dei fleste av livets problem, berre ein tør å gjere noko med dei. Av all barnelærdom i heile verda er det kanskje det eg tykkjer er viktigast. Ein må av og til kaste seg frampå, sei ting som ein ikkje «skal» sei høgt, kreve sin rett og ha sjølvtillit til å stå på sitt.
Akkurat no er pappa i USA, kor han jobbar ombord på eit cruiseskip som maskinist. Og kvar dag når eg vaskar nevane etter arbeid tenkjer eg på pappa. Det er litt rart, for mine er så små og pappa sine er så store. Men arbeidsnevar er arbeidsnevar.
Til slutt skal de få bursdagsskrivet som sto i lokalavisa i dag. Det har mamma skrive:
Oi, det blei jo superbra, Lone!
Tusen takk, det er bra at noen tørr å gjøre det man har mest lyst til
Stå på da går det mye bedre dagan flyr avgårde. Ses i påska ????
Hei! Nei, eg får ikkje fri anna enn helligdagane. Så eg reiser til England i langhelga i staden!