Haters gonna hate! – ting du ikkje trudde du trengte å vite om musikk del 3
03/01/2011 § Kommenter innlegget
Vinteren er kald og jævleg, det er alle einige om. Med mindre du har spesielle interessar (som å frivillig feste begge beina på ein planke og renne ned ein bratt bakke fordi du tykkjer det er…gøy. galning.) er det ikkje SÅ mykje som er spanande med denne årstida. Ein gjer det ein kan for å halde varmen. Kler på seg tre lag ekstra med klede, finn nokon å varme seg på og prøvar å halde humøret oppe. For min eigen del endrar eg totalt musikksmak. I sommar og i haust gjennopdaga eg pønken, høyrte gjennom omtrent heile diskografien til Joachim Nielsen og bloggar om Raga Rockers. Framleis jævleg bra musikk, utan tvil. Men…litt for kald og hard for eit frossent hjarte. Eg treng varme i kroppen. Og plutseleg er Ipoden full av reagge, hiphop og salsarytmer. Er det rart ein får problem med å stå i ro.
Denne kan eg takke Ole for. Minn meg på å lenke til Ole sin blogg seinare. Hehe. Låta handlar om at rasistiske nasjonalistar blei valgt inn i den svenske Riksdagen ved valet i haust. Nasty sak, nais låt.
Dette er Natasja, noko av det råaste som nokon kom har komen frå Danmark (bortsett frå familien min då). Diverre døydde ho i ei bilulukke på Jamaica for nokre år sidan. Mange som har høyrt om Natasja har berre høyrt låta «Fi er min» (jepp, det handlar om det du trur), men ho har gitt ut eit ganske bra album som ikkje ligg på Spotify. Ho hadde ei fantastisk røyst og det er heilt utruleg trist at ho ikkje får lage meir musikk. Sjekk ho ut!
Ooooog desse kjekke karane veit du sikkert kven er. Denne låta har eg omtrent spelt i hel etter at eg fann ep’en «Bootlegs, b-sider og bestiser» frå 2004(?) i platesamlinga. Med autografar og alt. Hehe. Og dette ER danselåt. Problemet er at den aldri blir spelt nokon andre plassar enn på min (og Anja sin) Ipod, og det er kanskje ikkje SÅ kult å danse åleine på butikken.
Aaaaah, den beste svensken eg veit om. Og fantastisk låt. Say no more, say no more!
Desse høyrte eg på når eg gjekk på ungdomsskulen. Jepp, 2002, det er faen meg lenge sidan. Og åtte år etter oppdagar eg verkeleg kor bra Tungtvann var. Kor bra tekstar dei hadde. Kor gangster eg var. Dei vann faktisk dialektprisen til Målungdommen for denne skiva. Eg har problem med å finne ei låt som er betre enn nokon av dei andre på Mørketid, men «Ekte menneske» skil seg litt ut frå dei andre. Dei andre låtane (t.d. «D e sånn d e») er skriven til folk som har andre utfordringar i livet enn meg (berre høyr den du.), og beskriv ei røynd eg ikkje heilt kan relatere til. Meir om min lukkelege oppvekst seinare. Men anywayz. Denne låta eg har valgt ut gjer at Jørg-1/Joddski framstår som ein utruleg jordnær kis. Som tilfeldigvis driv med hiphop. Eg anar ikkje korleis eg skal beskrive kva det gjer med meg, men eg føler iallefall at hiphop ikkje blir så framandt. Eg får litt meir tilhøyrighet til musikken. Eller noko sånt. For å sei det med nokon andre rapparar (som gjer comeback i desse dagar, wooooop); Jada jada jada, eg prate bare svada!
Sånn. Eg håpar de er blitt litt varmare i trøya. Men det blir nok veldig lenge til du får sjå meg i ein sånn. Fred ut, heimegut!
Legg att eit svar