Nyttårsløfter
23/12/2010 § 2 kommentarar
Eg er prinsipielt i mot nyttårsløfter. I alle fall for min eigen del. Kva er det med å begynne på eit nytt år som liksom skal få meg til å bli eit fantastisk og betre menneske? Dagen etter at eg har drukke meg dritings, åte kalkun til vingebein stikk opp av halsen og sovna på ein frysar (nei vent, det var nokon andre) – det er tidspunktet for å bli eit nytt og betre menneske? Flaks at eg ikkje røyker.
Men prinsipplaus som eg er har eg laga nokre nyttårsløfter allikevel. Dei er like diffuse som eit gjennomsnittleg valprogram frå Arbeidarpartiet, så om eg klarar å halde dei… det er jo igrunn opp til meg å avgjere. Det er jo ikkje som om eg er demokratisk valt. Hehe.
Well, well, well. Her er dei:
I 2011 skal eg ha det artig.
Æh, eg gjer opp. Alt anna blir jo bare utdrag frå sjølvhjelpsbøker og dameblader. Gidd ikkje! Godt nyttår!
i 2011 skal du….
– besøke anja i oslo ENDA OFTARE.
– sove litt meir
– jobbe litt mindre og tjene litt meir
– ha verdas beste sumarfeire
– bli full
– feire bursdagen din saman med anja
– glise meir enn nokon sinne
– vera superglad
– fortsetje å vera best i verda
– fortelje enda betre ordspelvitsar
<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3
Jeg stjæler dette nyttårsløftet!
Med litt flaks (og overnaturlige krefter?) kan det bli en enda større trend enn slankeløftene.