U for uoppnåeleg
24/11/2010 § 2 kommentarar
Det er der, kvar dag, overalt rundt deg. Med mindre du er deltakar i programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er det vanskeleg å unngå det. Eg snakkar sjølvsagt om alle kapitalistars lukkepille og veg til himmelhøge salstal: Reklame. Reklame, reklame, reklame. Eg holdt på å satse på ei karriere i reklamebransjen før eg tok til vettet. Men det var ikkje mitt eige liv eg skulle snakke om no (for ein gongs skuld). Det er dette med reklame igjen. Den som kjem dumpande i postkassa di, flimrar over skjermen mellom dei to nesten-kvartera ein random sitcom varar. Med høg lyd og glossy papir. Og fine damer. Som regel. Dei er hvertfall fine på papiret og på idiotboksen. Og medan dei blafrar med sine crazylange augevippar og blottar dei krittkvite tennene sine fortel dei deg at sidan dei byrja å bruke den og den sjampoen eller den og den maskaraen så har livet vorte så mykje enklare. Eller at sidan dei kjøpte den digge dundyna på Jysk har dei aldri vore så varme eller deilige. Du tek poenget, ikkje sant? Alle tek poenget med reklame. Det er enkelt.
Eg skal fortelle litt om noko som kan høyrast merkeleg ut viss du ikkje har høyrt dette uttrykket før:
Skjønnhetstyranniet. Skjønnhets – tyranniet (au.). To veldig forskjellige ord, pluss (skjønnhet) og minus (gjett) i lag. Det blir minus, det veit til og med eg. Og skjønnhetstyranniet er eit einaste forferdeleg minus. Det det dreiar seg om er at frykteleg mange jenter (no også gutar i større grad enn før) går rundt med frykteleg dårleg sjølvtillit. Fordi dei meiner dei har rare armar, små puppar, skeiv nase, stygg hud, feil kroppsfasong, stor mage, tjukke hofter, små auger og så vidare. Omtrent alle meiner det er ein eller anna produksjonsfeil med eins eigen kropp. Og dette er ikkje ein gong folk som manglar armar eller bein. Dei er vanlege 0g forskjellige. Og sånn vil det alltid vere! Allikevel går alle desse menneska rundt og prøvar å sjå ut som nokon andre. Dei brukar masse tid og energi på å sjå perfekte ut. Og – pengar. Dei kjøpar dill og dall og lipgloss med forstørringsmiddel i for å sjå ut som noko anna enn seg sjølv. For å strebe mot eit uoppnåeleg ideal som ingen, og då meiner eg ingen, nokon gong kan få til å bli. Det er berre å gje opp med ein gong.
Men vent…. kva med alle dei fine damene eg skreiv om i byrjinga? Dei som blafrar og blottar og sånn? DEI er jo pene, dei! Guess what, her kjem spoilaren, kven døyr i HP 6, kven får mandelen i grauten i år, etc.:
DET ER TULL! DEI ER IKKJE EKTE!
Hah. Det føltes godt. Og det er sant; dei blir photoshoppa og redigerte til det ugjenkjennelege. Berre sjå her:
Og no ristar du sikkert litt på hodet medan du tenker at «EG! Hah! EG blir ikkje påverka! Eg har min eigen stil og driiiit i reklame!» Og det kan jo hende at du er deltakar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men eg tør å påstå at du BLIR påverka. Her er nokre tal henta frå aktivisme.no om nettopp det (og beklagar at det er på liksomnorsk):
- En av tre jenter oppgir at de får dårligere selvbilde av å se på reklame for mote. Dårlig selvtillit gir et stort psykisk press, og kan være skadelig for helsen til unge jenter. I tillegg fører dette til et slanke- og skjønnhetspress.
- Halvparten av landets femtenåringer slanker seg, eller har prøvd å slanke seg.
- En tredjedel av norske trettenåringer ønsker å gå ned i vekt.
- Halvparten av jentene på videregående syns de er for tykke. Bare 20% av nordmenn er overvektig, og knappe 2% er sykelig overvektig.
- 10% av alle som slanker seg, utvikler en eller annen form for spiseforstyrrelser. 50.000 norske kvinner lider av spiseforstyrrelser. Spiseforstyrrelser er den tredje største dødsårsaken i Europa, etter ulykker og kreft.
Dette er jo unekteleg ganske sjukt. Eg og mange andre blir hvertfall ganske forbanna av det. Difor har vi bestemt oss for å gå til krig. Ikkje med klasebomber og granatar, men med klistremerke og plakatar. Heh. Det rimte jo nesten.
Viss du ikkje enda er blitt forbanna nok til å synes at krig mot retusjert reklame er kult, så kan du jo tenke på at nokon tenar pengar på dette. MYKJE pengar. Kor mykje trur du den øverste sjefen i Hennes og Mauritz tenar på at du vil ha ein «perfekt kropp»? (samstundes som det sitt ungar i Asia og syr kledene vi brukar, til luselønn, men det er ei anna sak.)
Men ja. No er du vel overbevist? Gå inn på aktivisme.no og les meir og meld deg som aktivist. Og ei lita faktaopplysning heilt til sist:
Du ER bra nok. Du ER fin. Drit i å samanlikne deg med dei sjukt tynne modellane til H&M. For når ein tenkar på det er det jo litt som å samanlikne seg med Dolly Duck, liksom. Like ekte.
Du er litt herlig, Lone.
Bittelitt.
Google «Operation Beautiful».
Den har vært i gang ei god stund allerede, og er spredt over hele verden.