Klein veke, dag 3: Klein konkurranse og mykje, mykje meir!
20/10/2010 § Kommenter innlegget
Hallo på do (klein ordleik)!
Eg går ut i frå at alle er superspente på kva som vil dukke opp i dagens kleine post. Men før eg serverar hovudretten på gullfat; her er lagmannsretten (enda kleinare ordleik), apperitifen, ventepølsa, mjølka rett frå pakken osv:
Det er klein-konkurranse-tid!!! Og ikkje om kva som helst! Du må skrive ein klein epost til meg eller ei melding på t.d. Facebook om noko kleint som har skjedd deg (eller «nokon andre») innan i morgon kveld klokka åtte! Då publiserar eg nemlig alle historiene, og den eg tykkjer er best, altså kleinast og flauast (sjølv om du tykkjer det så har eg kanskje ei anna tålegrense enn deg…), blir faktisk premiert! Eg kjem til å sende noko ekstra kleint i posten (ja, ein ekte pakke, du kjem til å omkomme av nostalgia) til den «heldige» vinnaren. Heile opplegget er sjølvsagt 100% anonymt (ikkje pakken, idiot. Skulle tatt seg ut om eg sendte pakke til Anonym Kleinesen) så du kan teknisk sett skrive kva du vil. Og eg håpar så mange som mogleg hiv seg med!
Send klein historie til lone.lunemann@gmail.com og bli med i konkurransen du og!
Well, well, well. No over til rosinen i pylsa. I dag har eg filosofert ein del over den djupare betydninga av begrepet kleint. I kvardagen omgås eg ein del tyskarar (lurar på kva min avdøde bestefar hadde sagt til det. Min motstandshelt av ein bestefar, faktisk.) og på jobb får begrepet eit heilt anna innhald. «Das/die (korriger meg gjerne) kleine vater» er t.d. eit mykje brukt uttrykk. Vater er berre det norske ordet for vater, på tysk heiter det vasselvare eller noko sånt. Og klein betyr jo liten på tysk, om du ikkje visste det. Eg blir også med jamne mellomrom kalt Liliput av kollegaene mine, så dei tykkjer eg er ganske klein. På den tyske måten. Så i denne posten hadde eg tenkt å utvide begrepet litt, men så visar det seg at noko forferdelig teit og uartig har skjedd med Firefox-en min. Så eg får ikkje posta noko anna enn to rimeleg kleine videoar:
Først ut er ein video kor Polkabjørn og Kleine Heine (hehe) jodlar og spelar trekkspel ilag med Håvard Lilleheie. Bonuskleinhet: Eg har vore på fest med jodlegutane. I Romsdalen. Det var faktisk ganske kleint…
Den andre videoen er frå sjølvaste Kykelikokos, alle som var ungar på nittitalet sitt favorittprogram. Eg fekk ideen til å poste det når eg skreiv om klein-konkurranse-tid. I denne videoen har dei ein veldig rar konkurranse kor ein unge skal gjette kor forskjellig søppel skal kastast. For å gjere det ekstra gøy å bry seg om miljø har dei tilsett ein vaksen mann med rare briller til å hoppe, danse og øydelegge mat og å sløse med solkrem. Det er miljøbevisst, det. Og kleint. Ikkje minst.
Ellers kan du lese litt om eit kleint syndrom her. Ha ein fin dag! Bli med i konkurransen då vel! Pliiiiiis!
Legg att eit svar