Mandagsblues
27/09/2010 § Kommenter innlegget
I dag las eg Anleggsprosa av Tina Åmodt då eg kvilte middag. Fin bok som skildrar livet som anleggsarbeidar på ein måte som i hvertfall eg kjenner meg igjen i. Språket er hardt som betong – men du klarar å trenge gjennom og leve deg inn i fortellingane. Bra bok. Les den.
Eg har omtrent berre lest nyhendeoverskriftene idag, men beit meg merke i ei spesiell sak. At norske soldatar tykkjer det er diggare å drepe nokon enn…å ha sex. Det overraskar meg ikkje at det igjen kjem sjuke avsløringar om soldatane som er i Afghanistan for å bygge fred og demokrati og sånn, men allikevel blir eg skremt. Desse ungdommane, for det er det dei er, dei er tjueåringar som vil ut og realisere seg sjølv. Då drar dei til Afghanistan, eit av verdas fattigaste land, for å oppleve noko. Det dei vil oppleve er å få lov til å drepe! Det er heilt forbanna sinnsjukt! Eg vil ha desse ungdommane heim og eg vil at dei skal få psykiatrisk hjelp. Og eg vil at afghanarane skal få lov til å bestemme sjølv korleis dei vil ha ting i landet sitt utan USA-venlege narkobaronar ved makta.
Eg blir så forbanna oppgitt. Den krigen har vart i snart ni år. Argumenta for kvifor vi er i krig har variert frå «vi er der for kvinnenes skuld» (det har ikkje blitt betre. Aldri har så mange kvinner dødd i barsel i Afghanistan.) til «vi skal skape fred og demokrati». Tull og tøys. Vi er der for å hjelpe USA med å beholde verdsherredømmet sitt og fordi dei vil ha kontroll over olja i midtausten. Drittstat! Drittvesten! Kor mange gongar må ein eigentleg sei det?
Denne songen har ingenting med saka å gjere, men den er fin og litt trist:
Legg att eit svar