Om å orientere seg i treningsjungelen
16/09/2010 § Éin kommentar
Eg har jo som kjent vore delvis sjukemeldt ei stund no på grunn av eit par jævlig betente (digresjon: Kan ein skrive betent på nynorsk? Skal ein ikkje ta vekk be-ein? Er armane mine tente?) armar. Ironisk nok har eg blogga sjeldent mykje i denne perioden. På godt og ondt. Godt for lesertala, ondt for handledda. Men whatevskies, det er på tide å sjå framover, tenke positivt, sjå ljoset i enden av tunnellen og så vidare. Og eg har fått beskjed om å trene meg sterk og tøff. Som doktoren sa; finne min eigen styrke. Eg lurar forresten på om akkurat det er ei medisinsk term.
Etter å ha nesten gugla meg ihel fann eg endeleg treningsforma som passar for meg. Det er verken yoga, zumba eller aerobic. Det er PILOTUS! Ja, du leste riktig. Pilotus er ein vel 150 år gamal treningsform utvikla av svensken Pontiac (tidl. Pär) Pilotus som freista lukka i Amerika rundt 1860. I staten Illinois skapte han ein treningsmetode for dei skandinaviske bondekvinnene som var busette der. Kvinnene hadde behov for ei allsidig treningsform som gjorde dei i stand til å stå i arbeid frå fire om mårran til ni om kvelden. Dei hadde behov for å vere superkvinner, og det har du og. Difor bør du prøve Pilotus! Då kan du bli den kvinna du alltid har drøymt om å vere!
I korte trekk handlar pilotusmetoden om å trene den hypofysiske kjernemuskulaturen. Ein set mykje fokus på søyleskoen nederst i ryggsøyla. Det er viktig at den er godt festa til ryggsøyla og dei bærande elementa i muskelkonstruksjonen. Eg tenkte å beskrive ein øvelse eg har brukt mykje. Den er ikkje så veldig komplisert berre du les litt mellom linjene!
Øvelse 1: Kom i utgongsposisjon – pilotusstillinga
Sett deg ned på golvet. Pass på å vere midt plassert på ei bjelke med begge låra på kvar side av c/c 60. Spre beina i ein 16 graders vinkel. Trekk pusten djupt. La armane dingle. Pust inn heilt til du kjenner at søyleskoen nederst i ryggsøyla treff bærebjelka du sit på. No kan du byrja å bore. Her er det viktig å ikkje miste konsentrasjonen om søyleskoen. Løft begge armane til dei ser ut som to motsatte L-ar. Slepp ut pusten i tre rykk. For kvar gong drar du overkroppen rundt i sirkel, så langt du klarar. Siste gong skal du ha komen heilt rundt. Gratulerar, du har no fullført pilotusstillinga for første gong!
Heilt seriøst, eg skal byrje å trene noko anna enn kampsport no. Men det er så sjukt flaut å skrive at eg skal kjøpe fitnessball.
Her må me jo nesten få nokre bilete, Lone 😛