Songen om Strilekrigen

08/09/2010 § 2 kommentarar

Ein ganske bra song skriven av Rolf Sagen i 1974. Songen handlar om Strilekrigen i Hordaland i 1765. Kjem tilbake med meir når eg gidd. Adios, strilos!

Høyre song frå nakne øyar, trange sund
der fjordar skjer seg inn
Mest stein
Mest alltid vind

Å strila, er å slite hardt i båt
og strilar vert dei ennå kalla
dei som bur her no
Ein gong i hardare tider
synte dei styrken sin:

To år på rad sto kornet utan kjernar
Det var i året 1765 og prestane
talde små kister som vekslepengar
Då var det Ahlefeld, kongens rådgjevar
fekk ein idé: Ein ekstra skatt
som sterkt aukar innkomma til staten
For det er dyrt for Fredrik
å halda så stor hær i Holstein
og så stort hoff a la Versailles

lensmann panta og fattigfolk gret
for siste kua. Men futen Bildsøe
i Bergens Stift såg ned i sine bøker
og tenkte som han hadde lært:
Mjukt oppover
Hardt nedover

Så sende han herfolk ut
Tok grytene frå dei
som ingen ting hadde å koke
og båtane frå dei
som ingen tufter hadde til lands
Frå ei enkje tok dei
det ho ikkje hadde mist:
Husbondens klede

Strilane sat på minste jorda
for høgste bygsel
Fisket slo feil
og prisen på såkorn stein fort
Hærmenner tok det siste dei hadde: Tolmodet

Markene ennå gule, våte
Restar av snøen langs gardar av stein
Færingar kryssar fjordar
Skinnkledde karar ror sunda
Bodsetlar gå frå hand til hand
Folk er i rørsle –

Dagen er 17. april
Om morgonen kjem dei
– fram or mørkret
Om dagen kjem dei
– flokkar gjennom skog
Om kvelden kjem dei
– siglar og ror
Seksringar mot Bergen
Koftekledde i tusental
No kjem dei, strilane
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Fyller gatene
fyller husa
der folk bur trangt
Eit sterkt språk rår
i skjenkestovene
I natt er det vake
og rørsle i gatene
Rusen stig –

Dagen er 18. april
Om morgonen står ein grimut masse
ved stiftsamtmannens hus
Fiskarbønder og småfolk frå byen
Borgarsonen Jackum de Lange står der
Skoflikkar Bertramsen frå Kalfaret står der
i gardens uniform. Ola Svindahl
frå Lindås og Johannes Sletten
frå Radøy
I rettsprotokollane står dei

Sjølvbedde tek dei seg inn
i amtmannens hus. Og samtalen
blir ikkje lang. For hundre års harme
tar orda og husherren triv til korden –
Då riv dei hatt og parykk av
stiftsamtmann von Cicignon
slit kleda hans isunder
og trakkar på hans ordensband

Dei fanga futen
og heldt han i arrest
– Den bondeplagaren, han er ikkje
lenger ei kalvaskinn verdt!

Amtmannen førde dei fram
for ein oppøst masse
Redd og fortumla
lovar han meir enn dei krev: Skatten

blir å betale attende
til kvar og ein
For den dagen hadde folket makta i Bergen
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
fattigfolk frå smauene

Borgarskapet i byen ropte på orden og vern
Men borgarmeisteren smilte nervøst
og sa: To kompani med væpna bønder
ja, strilar
er det vi har –

Strilane hadde samla folk
og synt makt
Ord for om landet
og femten hundre oppreiste
bønder i Ryfylke forsto
kvifor dei mektige
høyrde betre etter no
Og sogningar møtte på tinget
med kvesste øksar
Så vart talen klårare
Romsdølene jaga futen som ein hare
og den tyskfødde generalen
von Schmettov sa: Det er grunn til
å tvile på truskapen til det norske folket
Men Trond Lauprak sør i Dalane sa:
– Fredrik er konge i Danmark. Eg
er konge i Bjerkrei!

Folk reiser seg
og undertrykkaren skjelv
ein dag eller to
Gir sumt attende av det han tok
Mutar folket
Makta og retten blir hos
dei som eig tankane og orda

– – –

Det var strilefolket
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
Dei kom sterke og tok ein by
Så rodde dei heim

– – –

Sidan kom orloskip
med kanoner på rekke og rad
Festningens murar og
portar vart sette i stand
Ny ammunisjon bar dei fram. Og
kongen
forordna i hast ein paragraf:
Dødsstraff for folk
som kallar saman folk!

Men borgarskapet i Bergen heldt
ein strålande fest, «Under
Kanoners Løsning og Musicalsk Konsert.»

§ 2 Responses to Songen om Strilekrigen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Songen om Strilekrigen at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: