Sjå, ho pustar!
16/06/2010 § 2 kommentarar
Å blogge er ikkje det same lenger. Før var det spanande og artig å lese alle bloggane som dukka opp, no er det som om alle har hengt undertøyet sitt (både nytt og brukt) ut sånn at alle skal få sjå. Det er ikkje morsomt lenger. Ikkje for at eg sjølv ikkje har vore særs utleverande i min blogg, eg har jo skrive om å både vere innlagt på galehus og det å bli utsett for seksuelle overgrep. Og ikkje at eg treng å lese alle bloggar som alle rundt meg har, men du veit. Innimellom dukkar det opp noko bra (undertøy?) som er verdt å følge. Resten er berre bambus!
Apropos bambus. I går var eg på den siste treninga før sommaren. Då fekk vi prøve oss med stokkar…av bambus. Det var kjekt å denge laus utan at motstandaren fekk ondt (fordi vi skulle treffe stokkane og ikkje kvarandre). Kanskje eg blir skikkeleg flink til det etterkvart? Den stilen vi trente på heiter Kali Sikaran og kjem frå Filipinane. Det er kjekt å trene når vi får prøvd så mykje forskjellig! Vi trener også ein del judo, og eg er etterkvart blitt ganske god på til dømmes dette kastet som heiter Ippon seoi nage.
Ellers kan eg jo friste med tre songar som gjer meg i godt humør for tida:
Denne låta er så utruleg kul, og bandet er heilt genialt! Den er introlåta til ein HBO-serie som heiter Hung og er utruleg funky og dansbar på ein sexy måte.
Kva kan eg sei? Barndommens favorittmusikk og ein fantastisk beskrivelse av norsk arbeiderklassekultur. Eg har endeleg kommen ut av Åge-skapet. Ja, eg liker Åge! Det er så kult at det går an å skrive ein så bra tekst om noko så vanleg. Også minnar den meg om min eige oppvekst. Reint pizzamessig.
Herregud. Sjå på dette. Dette er kunst. Røysta til denne mannen og teksten passar utruleg bra ilag. Eg elskar denne låta!
Til slutt vil eg ikkje love noko neste innlegg, for kva veit eg, det kan gå både tre og fire månader til neste. Snart treng denne bloggen kunstig åndedrett. Sneiks!
idag hengte jeg faktisk ut undertøyet mitt! men så begynte det å regne. symbolsk, hva? men: kult med blogging igjen, keep it up!
Read more about Kali Sikaran in this link.
Nice post