Ei oppsummering av ein vanskeleg ferie
06/01/2009 § Éin kommentar
På ingen måte eit bra eller godt skrive dikt, men likefullt eit forsøk på å beskrive det som var vanskeleg med å vere heime på juleferie:
I natt græt eg
åtte år gamle tårar
Frå baksida av
ribbeina mine kjem eit
hulk frå det same årstalet
Og min indre tolvåring
døyr
litt meir
Eg er ikkje samd med deg. Dette er både eit bra og eit godt skrive dikt, – og eg veit kva eg snakkar om: Eg er norsklærar. Så det så!