I desse juletider…

13/12/2008 § 2 kommentarar

…kjem vi ikkje unna dei galne fundamentalistane i Krf Westboro Baptist Church. Dei sprer det glade bodskap ved å henge rundt i vegkryss, begravelser og andre kule plassar for å demonstrere mot alt og alle. Eller, som dei sjølv kallar det; på ein høfleg måte fortelje alle andre at dei kjem til helvete. ALLE andre, altså. Spesielt dei som får kreft, blir overkøyrd av bilar eller driver hor. Fordi det å bli overkøyrd av ein bil er til pass for deg, din syndefulle homofaen, sidan det er Gud sin måte å straffe deg på.

Også står dei der i vegkryssa med dei store skilta sine og fortel folk kor fordømte dei er. Fag ditt og fag datt. Dei brukar homse som skjellsord like ofte som enkelte fjortenåringar eg kjenner, får ungane sine til å bære skilt dei ikkje skjønner kva tyder og er alltid sinte. Ikkje så rart kanskje, sidan ingen liker dei. Eg klarar ikkje å la vere å flire eigentleg, spesielt når dei på «kult og ungdommeleg vis» fortel oss kor kjipe vi er fordi vi trur på julenissen.

Eh.. sa eg vi?

20081209_santa-claus-will-take-you-to-hell1

Reklame

§ 2 Responses to I desse juletider…

  • Hmm,

    aldri sett disse folkene jeg.

    Hvor holder de til?

    En bra ting med å ha sånn imam-skjegg som jeg har:

    Jeg blir aldri stoppet på gaten av gamle damer med Vakttårnet. De går utifra at jeg er muslim.

  • Engeline seier:

    Så kult! Det skulle jeg også gjerne gjort. Anlagt skjegg og bli tatt for muslim, altså. Kanskje det fungerer med sjal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading I desse juletider… at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: