Ein draum

06/04/2008 § 3 kommentarar

Eg draumar rare ting. Berre høyr kva eg drøymte i natt:

1. Eg var som kjent blakk som faen, og trengte penger kjapt. Eg bestemte meg for å selge kroppen min til fire fjortisgutar for fem hundre kroner per pers. Så møtte eg dei, og ombestemte meg. Det likte dei ikkje, og dei byrja å følge etter meg.

2. Her er det ein sekvens med ein blå trehjulssykkel, ein skule eg trur var Langhaugen, og en forfølgelsesscene.

3. Eg kom meg i hus, men ikkje kva som helst for eit. Der budde nemlig Nina Fagernes, ein bekjent av meg frå Finnsnes. Ho var forelska i meg, og for å komme meg unna dei ekle gutane måtte eg bli hos ho og elske ho resten av livet. Det var ikkje det raraste, eigentleg, for Torstein Dahle budde også der! Eg fekk han til å skremme vekk gutane, og stakk ut i byen igjen. Der venta…

4. …Magne, som også var kjempeforelska i meg, noko som var gjengjeldt i draumen. Vi gjekk tett i tett, og skulle kjøyre bil ut til foreldra hass i Lindås i Nordhordaland. Eg kjøyrde, men han tråkka på gassen og fekk oss over på den utruleg smale brua over til Nordhordaland. Der holdt vi på å kjøyre av vegen, men eg berga oss heldigvis. Vi var på ein slags campingplass med helvetes mykje mygg, og vi dro heim til foreldra hass.

5. Der fekk vi middag frå den utruleg tjukke mora hass (ho har eg aldri møtt i det verkelege liv) og skulle ete ilag med alle dei andre slektningane hass. Mora hadde stelt i stand koldtbord, og eg var heilt funksjonshemma, og brukte dritlang tid på å forsyne meg. Når eg skulle ete satt eg meg i lag med Magne, som seier, oppriktig fornærma; «Du liker visst ikkje fisk like godt som meg, du…»

6. Så vakna eg. Det skjedde fordi eg plutseleg var på tur til å rope eitt eller anna, som eg ikkje husker kva var.

Eg lurar på om eg burde bli manusforfattar når eg blir stor.

§ 3 Responses to Ein draum

  • Sofie seier:

    Jeg har også sånne drømmer. Ikke identiske selvsagt, men lignende… Tid, rom og sted er snudd opp ned, også ser jeg meg selv i tredje person.

  • Lotto-Lasse flyr igjen! seier:

    I’m in ur blog, postin a comment

    lolcat

  • Aïda seier:

    Hoho, jeg ler. Om enn, dette er alvorlig. Jeg ser også alltid meg selv i tredje person i drømmene mine, Sofie, jeg kan aldri huske å ha vært i første person. Tenk om vi alltid hadde vært i tredje person. Åj åj.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Ein draum at Lunemanns leikegrind.

meta

%d bloggarar likar dette: