Byrjinga på slutten

21/10/2011 § Kommenter innlegget

Det måtte skje til slutt. Bloggen har trekt sitt siste åndedrag og det vert ikkje skriven eit ord meir her viss eg får det som eg vil. Og det er jo min blogg, så det vert jo som eg vil. Eg har flytta hit. Lunemanns Leikegrind har oppfylt oppgåva si og takkar for seg. Sentimentalt? Bittebittelitt. Eg har blogga her siden 2007. Det er lenge siden det.

Men ny og betre, forhåpentligvis lettare til sinns, meir breikjefta og artigare; I give you Sentimentalt Sukkerkick. Kos dykk, og takk for meg… herifrå.

Nedoverbakke

04/09/2011 § Éin kommentar

Når alt du får fram er einstavelsesord

Når pusten din dekker over det du freistar sei

Du er redd for å dette på flat mark

Du kjenner deg som ein dårleg vits

 

Når den einaste grunnen du ser

Er at nokon kjem til å gråte

om du forsvinn

 

Då let du vere å forsvinne.

Alle eg har elska

28/08/2011 § Kommenter innlegget

Om ein:

Du! Deg med dine mjuke nevar, dine styla krøllar. Ei skjorte av eit merke eg aldri har høyrt om. Irriterande bergensdialekt. «Du er ein bra person, heilt objektivt», sa du. Øl på eit anna språk. Vakkert, rart og masse gnagsår.

Om ein anna;

Også kom du. Seilande inn i full fart, glei naturleg inn som kjærast. Eg burde skjønt det ikkje gjekk. Det var for godt til å vere sant, verdas verste utgongspunkt. Du kunne ikkje satse. Åkei. Eg aksepterar det. Har eg noko val? Og kva gjorde eg gale? Prøvde eg for hardt, smilte eg for mykje, smilte eg for lite. Er det berre min eller din feil.

Om ein ingen veit kven er:

Du er alltid på avstand. Kan ikkje rekke tak i deg. Du trur du er han fine som ikkje klarar å sei nei, men som nikkar og smiler som ikkje blir med heim allikevel. Som berre sitt der og er redd for å det å vere nærme nokon eller kva du er redd for. Du trur eg fortel om deg, for eg smilte litt ekstra til deg ein gong på Luna eller på Baran eller på Frugård. Det er ikkje deg. Ikkje tru noko anna. Du er ikkje noko 50 000 spenn kan reparera.

Du kjem ein gong. Eg er viss på det. Du gøymer deg blant dei som treng ein klem, eit valprogram, du lar meg snakke ferdig, du høyrar faktisk etter. Du er ikkje nødvendigvis berre ein person som oppfyllar alle krav eg kjem til å ha fram til eg døyr, men du er den eg treng no. Og du er der. Kvifor skal eg ikkje tru det?

Sangar som minnar meg om deg og ein til

25/08/2011 § Éin kommentar

Sjå vekk frå 22.juli. Sjå vekk frå eit heavily knust hjarte og sjansar som berre eksisterte i mitt eige sinn. Sjå vekk frå det å vere rådvill, åleine, uten fotfeste. Gløym eit aggressiv kvinnfolk og elendig vér. Ikkje tenk på ei sprukken leppe og dagar ein ikkje ante kva ein skulle sei, for ord blei for fattige. Gløym gnagsår og fylleangst; sommaren var fin den. Det er det eg vil prøve å hugse.

 

Sommaren var òg bysykling over Grønland. Lange fine samtalar med folk eg er glad i. Fersk fisk. Reinskinn i teltet. Ein stor, raud drink på ein altan midt i Oslo. Besøk av mamma og pappa. Festivalkjærast med rullings. Ein fin sommarjobb. Brun rygg. Å reise aleine på festival på grunn av musikken.

To melodiar som minnar meg om to forskjellige bekjentskap på kvar sin måte.

Kva gjorde DU i sommar?

Pauseknapp

15/08/2011 § Éin kommentar

Eg har tatt ein del store, personlege val den siste veka. Alt er snudd på hodet – til det positive – og eg har trykt på ein slags mental pauseknapp. Hoppa av bussen. Kall det kva du vil, det føles uansett jævleg bra.

Også er det valkamp. Eg vil drive med det, ikkje skrive lange tekstar om kjenslene mine. Vi snakkast i september ein gong, då lovar eg å vere morosam. NOT.

Eit slags minneord

27/07/2011 § Kommenter innlegget

Å finne ord for det grusomme som har ramma oss alle er vanskeleg. Eg tykte statsministeren sa det godt i minnetalen sin søndag. Det er ikkje til å begripe. Det er så urettferdig. Alle kjenner på den samme, ufattelege sorgen, og vi kjem så mykje nærare kvarandre i dette. Litt godt i alt det vonde.

Eg hadde ingen eg kan kalle mine kjære i Oslo eller på Utøya. Men mange av mine vener hadde det. Fortvilinga deira, panikken, angsten og redselen for det aller verste kjem så nærme. Bestevenninner, kameratar, folk ein har diskutert med over ein pils. Møtt i ein skuledebatt. Kanskje vi har hilst i ein fagleg samanheng.

No er dei borte. Brått rivne vekk. Det er så vanskeleg å forstå at så mange menneske er borte. Alle har nokon som sitt igjen med eit enormt tomrom i hjartet. Dei skal vite at dei ikkje er åleine.

Kameratane våre er borte. Men kampen for solidaritet og fridom held fram. Vi kan aldri slutte å kjempe mot dei politiske motivene som låg bak desse ugjerningene. Vi skal aldri, aldri gje oss.

«For alle døde kameratar, ikkje eit minutts stillhet, men eit liv i kamp!»

Middels blues

26/06/2011 § Kommenter innlegget

Kor fin hadde ikkje søndagen vore om ein kunne tilbragt den ilag med desse:

Dagen i dag er litt som eg forestiller meg at det er i helsike. Ute er det litt for kaldt. Eg er litt bakfull. Internettet mitt er litt for treigt og eg har masse mat – men ingen matlyst. Musikken er ein god stemningsindikator.

Ha ein fin søndag då, jävlar!