Feeds:
Innlegg
kommentarar

No er det lenge sidan eg har blogga på gøy og ikkje fordi eg må. Sidan sist har eg:

Stortinget tak…IKKJE kommen inn på Stortinget. Kanskje like greitt?

n866945220_5418056_6574…blitt sambuar med denne kjekke karen her!

5533_145536443759_570603759_3459272_4713526_n…og vore på interrail med dette fantastiske mennesket!

Også vil eg skrive noko om musikk. Då eg var omtrent 16 år betydde stjerneteikn musikksmak mykje for meg når det gjaldt mitt utval av vener. Høyrte du på Maiden eller Nightwish måtte du vere ein idiot eller eit dårleg menneske. Det same gjaldt forøvreg folk som røysta på FrP. No veit eg at begge deler er feil og ganske tåpelege utslag av ei eller anna tidleg identitetskrise. Men til tross for det hadde eg få vener med same musikksmak som meg. Men nokon var det jo. Mi gode gamle venninne Heidi og eg delte ein fascinasjon for sikkerhetsnåler (å herregud, kva heiter dei på nynorsk? Tryggleiksnål? Hahaha!) vilkårleg festa i kledene våre, jakkemerke med pønkbandlogos og Sex Pistols (Eg var ganske stolt over å byrje i den enden når det gjaldt pønk – Green Day blei aldri heilt mi greie). Vi pleide også å gå på konsert med eit lokalt pønkeband i Tromsø. Eg hugsar ikkje kva dei heitte (noko med loff), men eg hugsar at Heidi var veldig forelska i vokalisten. Korriger meg gjerne på dette punktet.

Anywayz. Idag er eg ikkje like fanatisk oppteken av å høyre på den riktige musikken. Eg var faktisk på Maidenkonsert i fjor sommar. Dei er framleis ikkje favorittbandet mitt, men eg gjer litt meir faen. Eg har ikkje det same forholdet til sjangrar lengre, sjølv om platesamlinga mi er nøye sortert etter m.a. “grunnleggjande musikksmak” (Beatles & Zeppelin) og “halvkul poprock eg sjeldan høyrar på” (Bo Kaspers Orkester & Mika). Men interessen og kunnskapen er der, og kvifor ikkje då dele den med dei tusen lesarane som dagleg tek turen innom bloggen min (…)?

Og her kjem ei litt artig historie om han som sang den derre American Pie. Nemleg Don McLean. Han lagde ei anna, litt mindre kjent låt som eg har forelska meg litt i:

Don McLean skreiv denne songen etter å ha lest ei bok om Vincent Van Gogh. Han blei fullstendig oppslukt, ikkje berre av biletet, men også av sjølve kunstnaren. Songen heiter jo også “Vincent”. McLean dedikerte faktisk eit heilt album til van Goghs kunstverk. Albumet fekk tittelen “Starry Night” – etter biletet under.

6a00d834ff890853ef01127916af3528a4-450wi

Ei dame som heitte Lori Lieberman såg Don McLean på scenen under ein konsert kor han framførte blant anna “Vincent”. Ho blei reint betatt, noko eg godt kan forstå, for sangen er jo nydeleg. Ho blei så fascinert av fyren og sangen at ho skreiv eit dikt med tittelen “Killing me softly with his song”. Og dette er jo mange år sidan, vi må heilt tilbake til 1971. Ho spelte den inn, uten særleg suksess. Men soulsangerinna Roberta Flack gjorde ein ny versjon i 1973 som blei heilt fantastisk fin!

Og med dette seier eg god natt og god kveld. I neste post skal eg avsløre kva Neil Young og Lynyrd Skynyrd EIGENTLEG har med kvarandre å gjere!

Eg vil med dette gratulere Nina Karin Monsen med Fritt Ord-prisen. Gratulerer til deg, du djerve og modige kvinne. Eg har dedikert ein fin sang til deg som du kan sjå videoen til litt lengre nede. Gratulerer også det norske samfunnet med at vi framleis har plass til middelalderhaldningar og steinalderfordommar. Gratulerer så mykje. For eit foregangsland vi lever i.

På etterskudd og i villrede om eg i det heile tatt skal gratulere arbeidarane med 1.mai – for det er jo ein kampdag vi bruker på å markere krava våre; her kjem appellen eg haldt på Stord den dagen.

FRITT PALESTINA!

I fjor var det seksti år sidan det palestinarane kallar Al Nakba, eller ”katastrofen” – nemleg opprettinga av staten Israel. Utan omsyn til kva landa i området eller befolkninga i Palestina meinte om saken, blei grensene teikna opp rundt det som skulle vise seg å bli ein av dei verste okkupasjonsmaktene i verda. I eit område der folk frå allslags religionar og kulturar har levd ilag i tusen år skulle det no opprettast ein jødisk stat.

Dette landet har i årevis, med verdssamfunnets velsigning, bygd seg sjølv større og større på bekostning av det palestinske folkets rettar og behov. Israel har brote FN-resolusjonar som seier at dei skal trekke seg tilbake til dei opphavlege grensene. Dei har bygd ein mur rundt dei palestinske områda på Vestbredden på om lag 670 kilometer. Til sjølvforsvar, seier staten Israel. Til sjølvforsvar mot kva då? Mot vanlege folks behov og ønske om å komme seg på jobb dit dei skal, til legen når dei blir sjuke og på skulen? Eller fordi dei ynskjer å drive apartheidpolitikk mot det palestinske folket?

For mens resten av verda diskuterar om ein skal definere Hamas som ein terroristorganisasjon eller ikkje, har framleis ikkje Israel anerkjent Palestina som ein sjølvstendig stat. Folkevalte i Palestina blir kasta i israelske fengsel med heiarop frå Vesten. Den palestinske befolkninga prøvar hardt, mot alle odds, å halda i gang hjula i samfunnet sitt. Når ein veks opp med dagleg frykt for flyangrep og israelske soldatar med gevær er det kanskje ikkje så rart at ein ynskjer å yte motstand. For nokon dreiar det seg om å organisere seg politisk – for andre om å kaste stein. Men den israelske staten veit å hemne seg på eit okkupert folk. Dei kan t.d. øydelegge heile oliventrefarmar som har brukt hundre år på å vekse fram og som er livsgrunnlaget for palestinske bønder. Dei kan stenge straum- og vassforsyninga til ein million menneske i vekesvis. Eller dei kan ta hemn på ein så brutal måte som det som skjedde i vinter.

For slutten på 2008 var brutal for befolkninga på Gazastripa. I dei tre første vekene i januar haldt verda pusten mens Israel dreiv ei omsynslaus massakrering av den palestinske befolkninga. Eit tusen to hundre menneske mista livet i Gaza i vinter. På israelsk side var det til saman tretten døde. Desse tala betyr meir enn ”berre” kor mange som døde, men dei er også med på å understreke det skeive forholdet det alltid vil vere mellom dei som okkuperar og dei som blir okkupert.

Med alle utanlandske journalistar jaga ut av området var dei israelske myndigheitene forberedt på at kva enn som skjedde i Gaza kom ikkje verdssamfunnet til å finne det ut. Men dei var ikkje forberedt på at legane Mads Gilbert og Erik Fosse skulle få så mykje merksemd som dei gjorde. Då dei reiste inn i Gaza på nyttårsaftan var dei de einaste vestlege legane i Gaza. Og kven kan vel gløyme sms-en frå Mads Gilbert tredje nyttårsdag? Om korleis dei vassa i skadde menneske, at den lokale grønsaksmarknaden var bomba?

Eg trur det skjedde noko med folk i Noreg etter kvart som dei norske legane rapporterte frå Gaza. Frå Svalbard til Norheimsund blei det arrangert demonstrasjonar til støtte for palestinarane. På ein av dei mindre demonstrasjonane i Bergen blei det samla inn 27.000 kroner til Palestinakomitèen. To hundre gjekk i tog i Norheimsund. Det norske folket viste solidaritet og kravde at myndigheitene tok ansvar. Så stilna det. 18. januar blei det erklært våpenkvile mellom partane. Verdssamfunnet pusta ut og andre ting fekk større merksemd i media.

I dag skriv vi første mai. Dagen i dag blir brukt til å markere nasjonale og internasjonale krav om rettferd, likeverd og solidaritet. Det er på tide å krevje solidaritet med det palestinske folket. Sjølv om VG og Dagbladet har gløymt kva som skjedde i Gaza i vinter, betyr det ikkje at vi har det.

Det er på tide å krevje full offentleg boikott av Israel. Det er på tide å krevje solidaritet med dei som er okkuperte. Det er på tide å gje landet tilbake til palestinarane!

Folkens! Eg har ikkje tenkt å slutte med blogginga. Grunnen til at det ikkje har komt nokon innlegg på over ein måned er ikkje fordi eg ikkje har skreve noko, for det har eg. Men det eg har skreve har eg stort sett reist rundt og fortalt til folk for at dei skal tru på meg! Nei, eg er ikkje blitt frelst eller blitt ein profet. Eg er berre blitt valt til å vere Raudt Hordalands 2.kandidat til stortingsvalet i haust! Det inneber ein heil del hardt arbeid, og valkampen er begynt for lengst. Men eg kjem sterkt tilbake om ikkje lenge  – då med ny og fancy bladbunad! I promise!

Og så kan eg jo spørje den enormt store fanskaren min som er innom KVAR DAG for å sjekke om det er komt ei oppdatering:

Er det noko spesielt du vil eg skal skrive om? Eg kan skrive om ALT! Hai faiv!

Søringsangen

Denne sangen er skrive til ære for venninna mi, og handlar om den plagsomme søringen som la an på ho då vi budde på Bardufoss og flørta med soldatane der.

 

Kanke jeg få en klem a’

Bare en til a’

vær så snill a’

Kom igjen a’

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

 

Kanke jeg få en kos a’

Ikke vær så kjip a’

Kom igjen a’

Du er jo så søt a’

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

 

Kanke jeg få et kyss a’

Bare ett a’

Kom igjen a’

Du er så nais a’

 

Refr.: Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Åååå jeg liker Busted fordi de har så bra tekster

Denne appellen/innleiinga holdt eg for 8.marsinitiativet sitt møte i Bergen i går:

Kva eg vil gjere på Stortinget for å betre kvinners kår

Først av alt vil eg sei at eg syns det er kjekt å ha blitt invitert hit!

I utgangspunktet vil eg berre understreke at som kommunist trur eg ikkje at norske kvinner vil oppleve full frigjering fordi eg og Gina kanskje hamnar på Stortinget til hausten, men det er ein annan diskusjon. Men det betyr jo ikkje at vi ikkje skal gjere det vi kan for å gjere kvardagen lettare for vanlege damer rundt omkring i dette landet.

For at eg ikkje berre skal ramse opp ein masse saker eg syns er bra og viktige å jobbe med, så vil eg ta for meg tre ting eg har lyst til å sloss for på Stortinget som rammar kvinner spesielt. Den første saka er kampen mot nedlegging av lokalsjukehus og fødeavdelingar. Det heiter seg at vi skal ha ein differensiert og desentralisert fødselsomsorg i Noreg, noko som ikkje skjer i praksis. Rundt om i landet blir fødeavdelingar gjort om til fødestover kor ikkje keisarsnitt kan gjennomførast eller kor kvinner ikkje kan få epiduralbedøving under fødselen, og som gjerne har feriestengt i tillegg. Det inneberer for mange lang reiseveg når ein skal føde. Eg las om ei dame frå Trondheim, busett i Alta, som ikkje fekk føde på fødestova der fordi ho var førstegongsfødande. Då måtte ho køyre 18 – atten – mil til Kirkenes. Ho valde heller å reise til mora si i Trondheim for å føde der. Ikkje at forholda der er noko betre, fødeavdelinga på St. Olavs hospital har natte- og helgestengt…

At systemet fungerar sånn, eller ikkje fungerar kan man kanskje sei, er horribelt. Eg veit at det finst aksjonskomitear, med kvinner i spissen, for bevaring av lokalsjukehus og fødeavdelingar rundt omkring i heile landet. Dei kvinnene vil, viss Raudt kjem inn på Stortinget, endeleg bli høyrt og tekne på alvor.

Det andre eg skal snakke om er kampen mot EU og EUs likestillingsdirektiv. Direktivet krev lik behandling av kvinner og menn, og slår ned på positiv forskjellsbehandling av kvinner for å oppnå likestilling. For oss som ser på t.d. kvotering som eit bra verkemiddel for å få meir enn 17 % kvinnelege professorar ved norske universitet, så står likestillingsdirektivet som eit hinder for å få oppnå dette. Direktivet står også i strid med FNs kvinnekonvensjon, og det er absurd at reglene for EUs indre marknad står sterkare enn kva FN har vedtatt at skal gjelde for kampen for kvinnefrigjering. Raudt krev at likestilling må ut av EØS-avtala, og at EØS-avtala må ut av Noreg!

Men det er ikkje berre norske kvinners krav vi må fremme på Stortinget. Ein av dei best bevarte ”mytane” om krigen i Afghanistan, er at ein skal drive storstilt kvinnekamp der nede. Med blant anna norske styrker i Afghanistan har t.d. prostitusjonsmarknaden eksplodert, framleis går berre 35 % av jentene på skule og barnedødelegheita har steget etter 2003 og ligg no på 135 daude barn per 1000 dødsfall. 57 % av jentene gifter seg før dei er fylt 16 år og det er framleis høg dødelegheit blant kvinner i barsel.

Kva tyder det? Openbart ikkje at krigføringa i Afghanistan har letta dei afghanske kvinnenes byrder på noko vis, heller tvert imot. Vedtaket om Noregs deltaking i denne krigen er usmakeleg, udemokratisk og urettferdig. Urettferdig overfor den afghanske befolkninga som må lide på grunn av vestlege stormakters ”kamp mot terror” – og urettferdig overfor den norske befolkninga som på ingen måtar har vist støtte til krigen.

Våre eigne problem kan kanskje virke små og ubetydelege i forhold til dei afghanske kvinnenes utfordringar i kvardagen, men det betyr ikkje at vi ikkje skal kjempe for det vi tykkjer er viktig her heime og. Med Raudt på Stortinget kan den norske befolkninga endeleg få satt sine viktigaste saker på dagsorden. Vi skal kjempe mot nedlegging av fødetilbodet i distrikta, vi skal kjempe for eigen sjølvråderett og kvitte oss med EØS-avtala ein gong for alle, vi skal hente dei norske styrkane heim frå Afghanistan, vi skal ha statleg boikott av Israel, vi skal kjempe for 6-timersdagen, for likelønn, for at alle kvinner skal kunne føle seg trygge i mørke gater på veg heim frå byen, mot seksuell trakassering og for kvinners rett til å hevde seg som menneske og ikkje som kjønn!

Klær skapar folk seies det. Eg har ikkje tenkt så mykje på det eigentleg, før eg begynte på bygg- og anleggsfag i haust. Då fekk eg beskjed om å kjøpe ei arbeidsbukse. Den ser sånn ut:

dsc01803

Eg liker å gå rundt i byen, eigentleg uten å trenge det, med arbeidsbuksa mi på. Ho er omtrent sju cm for lang for meg og veldig, veldig skitten akkurat no. Men eg elskar ho. Eg elskar å gå rundt med nasen i sky og vite at eg ser ut som “ei jente det er tak i”, som sjefen min så fint formulerte det. Eg liker at buksa fungerer som uniform med sin klare, knallblå farge, og på den måten gjer at folk legg merke til meg når eg har ho på. At ho så tydeleg signaliserar at eg er ei jente som tar ei utdanning innanfor eit tradisjonelt mannsdominert yrke. At eg tilhøyrer den klassen som faktisk GJER noko her til lands.

Det var ei stund eg innbilte meg at eg var teit og barnsleg som ikkje ville kle av meg buksa etter endt skuledag i verkstaden. Men eg har skjønt at det ikkje gjer noko; det er vel ikkje eit problem at eg allereie kjenner ein viss yrkesstoltheit over mitt framtidige fagbrev?

- Lege Mads Gilbert, som er medlem av partiet Rødt, kan usensurert i alle medier gi sin versjon av det som skjer. At den er politisk farget er det ingen tvil om, og det reagerer jeg på.

Ja, Siv Jensen er sur fordi det berre er Mads Gilbert som får lov til å rapportere frå Gaza i norske medier. Det er jo nemlig så mange andre norske journalister der for tida som dei kunne ha spurt!

Dessutan hadde nok ikkje Mads Gilbert tykt at palestinarane hadde trengt å syte så mykje viss han hadde vore medlem av Framstegspartiet…

I Bergen var vi over tusen stykker på demonstrasjonen igår mot okkupasjonsmakta Israels krigføring i Palestina. Eit flott, langt fakkeltog, ein masse flotte appellar og ein masse flotte folk. Det blei samla inn 27.000 kroner til Palestinakomiteen. Her er eit bilete eg har rappa frå Frontlinjer:

demo_6jan_4_720px

Kva anna kan ein sei enn at det som foregår i Gaza akkurat no er grusomt? Eg har i allefall ikkje meir å sei enn at nokon bør stoppe kjeften på sånne folk som Siv Jensen.

På ingen måte eit bra eller godt skrive dikt, men likefullt eit forsøk på å beskrive det som var vanskeleg med å vere heime på juleferie:

I natt græt eg

åtte år gamle tårar

Frå baksida av

ribbeina mine kjem eit

hulk frå det same årstalet

Og min indre tolvåring

døyr

litt meir

Agh. Eg burde ha blogga masse om kor kjekt det er å vere i Nord-Noreg, kor herleg det er å endeleg få vere ilag med familien sin i tjuefire timar kvart døgn ei veke i strekk, kor fint det er med gratis mat og alt det andre som høyrer med når ein skal heim til jul. Men eg er dritlei allereie, og eg skal vere heime heilt til sundag. Nok om julesyting, eg har det betre enn mange andre. Jajajaja, eg veeeeit det så godt.

Noko av det eg gledde meg til å kome heim til, var mine gamle dagbøker frå ungdomsskoletida. Dagbøkene til den smarte, oppegåande og luuuure trettenåringen frå ei bittelita bygd i Nord-Troms som skulle skremme vettet av alle som nokon gong kom til å lese dei – sidan eg som sagt var smart og lur og oppegåande til tross for min alder. Jepp, det var sånn eg tenkte om meg sjølv på den tida. “Alle andre er jo idiotar! Eg er eit geni av ein trettenåring! Eg kjem til å bli noko stort!” (Ikkje for det, eg hadde grusom dårleg sjølvtillit og, spesielt når det gjekk på utsjånad).

Og kva finn eg når eg blar opp i bøkene eg har skribla ned side etter side i? Detaljerte augeblikkskildringar av livet og samfunnet og politiske beslutningar teke i verda?

Nei. Njet. Ikkje ein ting om politikk, ikkje ein ting om verda eller noko anna som kunne tyde på at eg var så lur og oppegåande som eg følte meg til tider. Berre ein masse mas om ein fyr eg var forelska i i fleire år før vi endte opp som kjæraster i tiende. Ein masse mas om kor teite foreldra mine var som ikkje skjønte nokon ting. Om kor kjipt det var å bu i eit sumarhus med familien min i tre veker i Danmark kor eg ikkje kjente nokon. At eg hadde eit desperat behov for ein sumarflørt det året. At mobildekninga i bygda var borte nokre dagar i romjula 2003. At eg høyrde mykje på McMusic 14 den same jula. At vi hadde ein katt eg var glad i. At “venene” mine var teite og rare og ikkje særleg intellektuelt stimulerande.

Og her sit eg, i den same senga som eg alltid har hatt, natt til julaften 2008. Eg føler meg relativt smart og oppegåande og lur. Og eg skriv heldigvis ikkje dagbok lengre.

Eldre innlegg »